Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Meldingsarkiv for 'Kjelder'

Åbotsforretningar over Jostedal prestegard 1808 og 1813

Prestegardane følgde presteembetet og var ein del av inntektsgrunnlaget for presten attåt å vere tenestebustad. Det var såleis viktig for prestane som kom etter at prestegardane var haldne ved like og ikkje hadde forfalle. Ved prestebyta vart det halde åbotsforretning (takst) på bygningane som prest etter prest skulle vedlikehalde, og her vart det sett ein […]

Wergeland og Collett om Jostedalen

I 1834 søkte Henrik Wergeland prestekallet i Jostedalen utan å få det. Systera Camilla Collett gav 21 år seinare ut romanen Amtmandens Døttre der kapellanen Adolf på same vis som Wergeland sleit med å få seg prestekall, og Adolf fekk «ikke engang Justedalen! Vi kan vente en god stund innen han får noe!», sukkar gifteklare […]

Nytt på nettsida

Det er den siste månaden lagt ut ein del nye dokument. Kyrkjehistorie Ny hovudkategori (sjå menyen til venstre). Bakgrunnen er 350-årsjubileet for Jostedal kyrkje i 2010 og jubileumsskriftet som soknerådet er i gang med. Her er det lagt ut ein god del kyrkjehistoriske dokument, og dessutan peikarar til dokument som er lagde ut tidlegare. Jon […]

Jostedalen på preste-CV-en

Teologane som tok dei verste jobbane, kunne rekne med å få betalt for det når dei søkte betre stillingar seinare. I 1800 meinte biskopen i Bergen at det å vere prest i Jostedalen kunne jamførast med å vere misjonær. Les attesten

«Ovrongen»?

Ved Universitetet i Oslo arbeider dei med eit stort 12-bandsverk om det nynorske skriftmålet og dei norske dialektane som skal vere ferdig i 2014. Frå Dagfinn Worren ved ordboka har me fått spørsmål om ordet «ovrongen» er kjent i Jostedalen. Det skal tyde den harde skaren om morgonen før sola mykjer han opp. I artikkelen […]

Visitasberetninga til Pontoppidan

Ein verkeleg godbit denne gongen! Biskop Erik Pontoppidan var på visitas i Sogn sommaren 1749, og i Luster møtte han eit følgje frå Jostedalen med presten Matthias Foss i spissen. Pontoppidans visitasberetning har vore mykje sitert, men berre på grunnlag av eit svært ufullstendig referat frå 1864. Men no kan ein for fyrste gong lesa […]

Den fyrste biskopen i Jostedalen (1806): «Her er jammerlig stygt»

Me tek med ein biskop til. I 1806 var Johan Nordahl Brun i Jostedalen, truleg som fyrste biskop. Domen hans etter reisa frå Luster over Vigdalen til Prestegarden er mykje sitert: «Saa træt havde Ieg aldrig været. Her er jammerlig stygt. Elven selv er leergraa af Vandet fra Bræen.» Sjå her for eit lengre utdrag […]

Jostedølene 1625: «et haardt Folk»

I 1625 var biskopen hjå prosten i Sogndal og fekk greie på at jostedølene ikkje stelte godt med presten sin. Bispen skreiv då eit brev der den uskikkelege allmugen vart refsa etter alle kunstens reglar. Les det festelege brevet. 

Skulehistorie

Folkeskulelova av 1889 kravde at skulestyra skulle utarbeida femårsmeldingar om folkeskulen i herada. Dei to fyrste femårsmeldingane frå Jostedalen (1891-1900) kan no lesast under den nye kategorien Skulehistorie (sjå menyen til høgre).