Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Meldingsarkiv for 'Kyrkjehistorie'

Originalbrevet frå 1625 der biskopen trugar jostedølene til lydnad

Me har tidlegare lagt ut det festlege brevet frå 1625 der biskopen i Bergen hudflettar jostedølene for å stelle dårleg med presten. No har Statsarkivet i Bergen ordna med digital kopi av originalen. Brevet er skrive med latinsk og ikkje gotisk handskrift, så det er ikkje altfor vaneskeleg å lesa. Ta ein kikk på originaldokumentet.

Ny bok slår beina under gamle segner

Det er overskrifta på eit stort oppslag i Sogn Avis i dag (21.1.). Det gjeld sjølvsagt jubileumsboka til soknerådet om Jostedal kyrkje. For dei som lurer: boka kjem etter planen i juni. Les avisoppslaget | Kyrkjehistorie (temasida) | Ein smakebit

Kyrkjerekneskapa 1631-1722 på nett

I Digitalarkivet kan ein no finne ein retteleg godbit: kyrkjerekneskapa for alle prestegjeld og sokn i nye Luster kommune. For Jostedal prestegjeld finst rekneskapar heilt attende til 1631. Dei går fram til 1722 då kyrkjene på bygdene i Sør-Noreg vart auksjonerte bort til private. Dette er mellom dei eldste kjeldene me har til soga om […]

På jakt etter mellomalderkyrkja

Dei fyrste resultata frå synfaringane til Riksantikvaren i kyrkja i år står i eit intervju med Stig Nordrumshaugen i Jostedal skule- og bygdeavis 2009. Intervjuet kan også lesast her.