Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Klage på avslag på søknad om å få drive bingo

Jostedal Historielag
v/ Einar Blikra
6871 Jostedal

Jostedalen, 20. mars 2003

Dykkar ref: 2003/007235

Sogn og Fjordane politidistrikt
Boks 85
6900 Florø
Klage på avslag på søknad om å få drive bingo

Me viser til søknad om løyve til å drive bingo 20.12.2002 og avslag frå dykk dagsett 10.3.2003.

Jostedal Historielag klagar med dette på avslaget og reagerer kraftig på grunngjevinga.

Merknader til formuleringar i avslagsbrevet

De skriv: ”Laget har ikke medlemmer under 18 år og kan heller ikke sies å jobbe spesielt ut mot å aktivisere denne gruppen av befolkningen.” Historielaget har også aktivitetar retta mot barn og unge. På kulturminnedagen 8. september 2002 hadde laget til dømes eit arrangement ”Frå skulehus til skulehus” som var retta både mot vaksne og born. Me legg ved oppslag frå Jostedal skule- og bygdeavis 2002 med omtale av arrangementet og bilete.

Om registrering av gamle foto heiter det: ”Arrangementet vedrørende gamle foto opplyses å ha hatt en god oppslutning i befolkningen. En vil her presisere de opplyste fakta at det er Fylkesarkivet som leier arbeidet med å registrere gamle foto. Således er altså dette en mulighet som befolkningen allerede har tilgang på.”

Ein vil her få presisere nokre fakta i tillegg, nemleg at dette er eit arbeid fylkesarkivet driv i samarbeid med lokale historielag, og at dette er ein føresetnad for at slike registreringsdugnader av lokale foto i det heile kan kome i stand. Fylkesarkivet er heilt avhengig av lokal dugnadshjelp i dette registreringsarbeidet.

Om bokutgjevinga heiter det: ”Bok om Jostedalen som er utgitt vil vel også skaffe gode midler til utgiftene historielaget måtte ha.” Me kan opplyse om at boka Jostedalen frå istid til sjølveigartid (desember 2002) har selt betre enn venta til dei om lag 200 husstandane i Jostedalen og om lag like mange tilreisande feriefolk. Likevel kjem salsinntektene på langt nær til å dekkje produksjonskostnadene med utgjevinga på kring 70 000 kr, og underskotet vil truleg bli på kring 20 000 kr. Og då er i tillegg alt arbeid med skriving av manuskriptet, illustrasjonar og det meste av det lokale arbeidet med redigering/utgjeving gjort på dugnad, utan godtgjersle.

Aktiviteten til laget

Me minner om dei tiltaka laget har gjennomført dei siste 2-3 åra eller har i arbeid:
* Garden Berget: arbeid med å setje i stand ein gamal høgdegard i Fåberg, til bruk for bygdefolket.
* Skulehuset i Prestegarden: laget eig og har restaurert ei gamal skulestove frå Krundalen som er sett opp ved Prestegarden.
* Jostedalskartet: turkart over Jostedalen med kulturminne innteikna på kartet og omtalte på baksida.
* Bokutgjeving: Jostedalen frå istid til sjølveigartid av Alfred Espe (2002), opplag: 800. Utgjeve utan økonomisk støtte.
* Registrering av gamle foto: stor dugnad sommaren 2001 og fotoutstilling i samband med Marknaden i juli same året.
* Kulturminnedagen 8.9.2002: Frå skulehus til skulehus, med kring 40 frammøtte, av dei mange born.
* Kulturhistorisk årbok for Luster: Saman med sogelaga i Luster og på Hafslo og Luster kommune gjev laget ut denne årboka der det blir lagt ned mykje dugnadsinnsats.
* Internettsider: Jostedal Historielag har sidan desember 2002 arbeidd med å byggje opp internettsider med informasjon om laget og historia til bygda, mellom anna ved å publisere gamle kjelder og dokument, sjå www.jostedal.no/historielaget.
* Stadnamninnsamling: saman med dei to andre sogelaga i Luster vil Jostedal Historielag i 2003-2004 samle inn stadnamn i Jostedalen med tanke på registrering i fylkesarkivet og formidling til dei oppveksande slektene.
* Arkeologiprosjekt: i samarbeid med Jostedal Bygdelag og arkeologar ved Universitetet i Bergen me har i mars 2003 teke initiativet til omfattande utgravingar i gardsområda i Jostedalen for å dokumentere busetnadshistoria betre og leggje til rette for auka formidling av historia til dalen gjennom bøker/utstillingar og tilrettelegging i terrenget, som kulturstiar. Det vil bli gjennomført eit forprosjekt i 2003 og utgravingar i 2004.

Laget har ikkje fast driftstilskot frå Luster kommune – dei einaste kommunale tilskota er prosjektmidlar i samband med konkrete tiltak.

Generelle vurderingar

Politidistriktet slår fast at ”Av de vedlegg som beskriver aktiviteten til laget kan man ikke se at aktiviteten foreningen har skaper sosial betydning av befolkningen for øvrig.” Det ser ut til at Jostedal Historelag vert vurdert ei hobby-/fritidsforeining med ein aktivitet som berre er til glede for medlemene sjølve, om lag som ein brigdeklubb.

Det heiter dessutan at ”historiske og kulturelle minner i hovedsak må anses å være en kommunal/statlig oppgave under kulturetaten/departementet. Foreningen er også startet opp med forutsetning om støtte fra kommunen” [i 1949!].

Innanfor kultursektoren, kulturminnevern medrekna, har seg slik at det aller meste av den totale aktiviteten må baserast på ubetalt arbeid frå friviljuge lag og organisasjonar. Slik er det i dag, og slik vil det vere framover. Den kommunale, fylkeskommunale og statlege aktiviteten vil berre omfatte ein liten del av dette arbeidet. Jostedal Historielag har om lag same profil på aktivitetane som det store fleirtalet av dei kring 600 historielaga i landet, og historielagsrørsla legg ned ein innsats totalt sett som det hadde vore utenkjeleg å sjå føre seg at skulle drivast i offentleg regi og for offentlege midlar.

Luster kommune sin kulturpris gjekk i 1999 til Jostedal Historielag, Luster Sogelag og Hafslo Sogelag for den innsatsen dei tre sogelaga gjer for lokalsamfunnet. I grunngjevinga frå juryformannen heitte det mellom anna:

Det er unødvendig for meg å understreka det som ordføraren nettopp har sagt om sogelaga sin allsidige aktivitet innanfor sitt aktivitetsområde i Luster kommune, og det engasjementet de skapar mellom folk i bygdene våre når de set i gang nye prosjekt som t.d. fotovern eller nye restaureringsprosjekt basert på dugnad!

Men det som ikkje kan understrekast nok – og som er mitt og juryen sitt håp med denne prisutdelinga, er at de også i framtida finn motivasjon og ikkje minst inspirasjon til å fortsetja!

Det vert sagt at Luster kommune er ein av dei rikaste kulturkommunane, og har eit vaktkorps som veit å setja pris på og samtidig vidareutvikla dei rike kulturskattane me i fellesskap forvaltar. Nettopp i ein slik situasjon treng me lag og foreiningar som sogelaga for at den identiteten som me tileignar oss skal kunna overleva i nye generasjonar. Men også at den dokumentasjonen som vert innsamla og formidla vert tilgjengeleg for nye lustringar gjennom gode publikasjonar og eksemplariske, restaurerte tekniske kulturminne! (Kjelde: Nettsidene til Luster kommune)

Når det heiter i avslaget at arbeidet til historielaget ikkje ”skaper sosial betydning av befolkningen for øvrig”, er det diverre fyrst og fremst ein pinleg demonstrasjon av at Politidistriktet ikkje er i stand til å sjå at kulturarbeid og kulturminnevern er viktig for heile samfunnet og ikkje berre for dei som driv med det.

Dette poenget blir understreka av at eit politidistrikt som berre omfattar nynorskkommunar, og berre har motteke brev frå oss på nynorsk, sender oss brev etter brev på bokmål. Jamvel klageskjemaet me fekk, var førehandsutfylt på bokmålssida, ikkje nynorsksida.

Me meiner altså at Jostedal Historielag i høgste grad har ein aktivitet som ”har en sosial betydning for andre enn foreningens egne medlemmer” (lov av 24.2.1995, nr. 11, § 6), som er det sentrale kriteriet for å få drive bingo.

Dermed klagar me på vedtaket og bed om å få halde bingo i Jostedalen slik me har gjort i ei årrekkje.
Med helsing
Jostedal Historielag
Einar Blikra (s)
kasserar

Oddmund L. Hoel
nestleiar
Telefon 57 68 66 18

Vedlegg: Oppslag om kulturminnedagen i Jostedal skule- og bygdeavis
Kopi til:
– Luster kommune v/ kultursjef Erling Bjørnetun
– Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane v/ fylkesarkivar Gunnar Urtegaard
– Sogn og Fjordane fylkeskommune, Kulturavdelinga v/ fylkesdirektør Lidvin Osland
– Landslaget for lokalhistorie, Trondheim

Skriv ein kommentar