Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Naudhjelp til Jostedalen 1743

I åra 1729-42 førte uår og avlingssvikt over heile landet til ei av siste store svoltkatastrofane Noreg har hatt. Verst var stoda på Austlandet og nordafjells, men i Jostedalen kom uåra på toppen av framrykkinga til breane som øydela fleire gardar. Våren 1743 kom det 3000 riksdalar frå København til naudlidande i Bergens stift, og dei fyrste dalarane vart nytta til å skaffe allmugen og presten i Jostedalen 200 tønner korn. Kongebrevet har me funne i Statsarkivet i Bergen, som har digitalisert det, og du kan lese det her. Om ein skulle tykkje at styresmaktene i København her var snille, kan det leggjast til at svoltkatastrofen dels var skapt av dei same styresmaktene. Dei innførte eit kornmonopol for danske kornprodusentar og tollmurar som gjorde at det var unødvendig lite og dyrt korn å få tak i her i landet.

Skriv ein kommentar