Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

På Store Skagastølstind i 1827?

Store Skagastølstind i 1908 (frå Turtagrø si samling)Historielaget er kontakta av Arne Larsen i Oslo som arbeider med ei bok om dei tre fyrste bestigningane av Storen. William Cecil Slingsby var etter vanleg kunnskap den fyrste på toppen i 1876.

Men det har òg gått rykte om at nokon var på toppen alt i 1820-åra. I boka Emanuel Mohn og Jo Gjendes fotspor (av Trygve M. Røer, 2004) blir utdrag av eit brev frå Aage Lammers frå 1906 attgjeve. Han hevdar at far hans, Amund Lammers (bergmeistaren?) var på Store Skagastølstind i 1827 saman med ein Berge. Berge gav seg før toppen, men Lammers nådde heilt opp og la att nokre myntar.

Larsen fortel at i brevet skriv Aage Lammers at han var i Fortun i 1905 og då kom i prat med ein fjellførar, Ole Øiene. Han spurde om det ikkje hadde vore folk på Storen før Slingsby 1876 og fekk til svar at det gjekk rykte om at det hadde vore folk på toppen 70-80 år tidlegare.

Luster sogelag er nærast til å svara på dette, men me spør no likevel: er det nokon som har kjennskap til noko kring dette? Skriv ein kommentar nedanfor eller kontakt Arne Larsen direkte.

Spørsmålet var framme på Fjellforum for eit par år sidan.

NRK har ein festleg film frå 1918 om klatring på Storen.

Skriv ein kommentar