Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Visitasberetninga til Pontoppidan

Erik Pontoppidan - målarstykke på Fredensborg slottEin verkeleg godbit denne gongen! Biskop Erik Pontoppidan var på visitas i Sogn sommaren 1749, og i Luster møtte han eit følgje frå Jostedalen med presten Matthias Foss i spissen. Pontoppidans visitasberetning har vore mykje sitert, men berre på grunnlag av eit svært ufullstendig referat frå 1864. Men no kan ein for fyrste gong lesa den fullstendige versjonen av Pontoppidans visitasberetning om Jostedalen. Pontoppidans vurdering av jostedølene er positiv, men den stakkars presten Foss, kona hans og ikkje minst dei materielle vilkåra ved presteembetet kjem ikkje like bra frå det. Pontoppidan nemner òg segna om Jostedalsrypa. Oddvar Johan Jensen, professor i kyrkjehistorie, har vore så venleg å stilla avskrifta si til rådvelde for oss.

Skriv ein kommentar