Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Årsmøte 1. mars

Det vert årsmøte i Jostedal historielag torsdag 1. mars kl 20.00 på Jostedal hotell.

Saker

1. Vanlege årsmøtesaker

2. «Kongeleg naudhjelp til Jostedalen. Brevekst og krise i 1740-åra”, ved Oddmund L. Hoel

3. Servering

Om temaet
I 1740-åra gjekk breane fram og gjorde store øydeleggingar i Mjølver og på Bergset. I 1741 var det flaum og fjellskred som gjorde store øydeleggingar i Åsen, Elvekrok og på Ormberg. På toppen av det heile vart store delar av Noreg råka av uår, misvekst og hungersnaud fleire år på rad tidleg på 1740-talet. Styresmaktene sette i gang hjelpetiltak for allmugen i alle landsdelar, og på Vestlandet (Bergens stift) vart dei klart største ressursane sette inn på å hjelpe den naudlidande allmugen, presten og klokkaren i Jostedalen.

Føredraget tek føre seg korleis det vart utforma ein krisepolitikk i brytninga  mellom lokalsamfunnet og regionale og sentrale styresmakter. Kjeldetilfanget om hendingane er rikt, og ei rekkje tidlegare ukjende opplysningar og kjelder om aksjonen vert presenterte. I dei sentrale rollene er stiftsamtmann Jonas Lym, futen Ananias Harberg, sokneprest Matthias Foss, lensmann Tøger Snøtun og sjølvmedvitne jostedalsbønder som kanskje ikkje var så naudlidande som dei gav seg ut for å vere.

Litt av kjeldetilfanget er tidlegare presentert under Naudhjelp til Jostedalen i 1743

Skriv ein kommentar