Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Tur til Vigdalen 9. juni

Sundag 9. juni skipar Jostedal historielag til tur frå Ormbergstølen opp den gamle ferdslevegen til Vigdalen. Her måtte også finare folk reise i eldre tid for å kome seg til Jostedalen, mellom anna Johan Nordahl Brun, den fyrste biskopen som visiterte i Jostedalen. «Her er jammerlig stygt», slo han fast i 1806. Med Kristen Ormberg som turleiar er det von om ei noko lystigare stemning. Møt opp på Ormbergstølen kl 11.00.

Frå Dalsdalen til Vigdalen går Luster sogelag med Ola Kilen som turleiar, og frå Gaupne går ein veteranbilkortesje opp i Vigdalen. Alle møtest i det gamle skulehuset (grendahuset) der Vigdalen grendalag sel lapshaus med heimebaka flatbrød og kaker og kaffi. Indre Hafslo spelemannslag spelar fleire småkonsertar innandørs i grendahuset med dei gamle skulesongane.

 

Skriv ein kommentar