Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

17. mai i Jostedalen 200 år etter 1814

17-mai avduking skiltI dag har Jostedalen og Noreg feira 200-årsdagen for Grunnlova og det nasjonale sjølvstendet. I føremiddag avduka soknerådsleiar Arne Aasen Hauge og sokneprest Geir Paulsen eit skilt som fortalde at Jostedal kyrkje var valkyrkje i 1814.

Valet føregjekk under den offisielle bededagen som skulle haldast i alle kyrkjer, og som vart halden i Jostedalen og dei andre kyrkjene i Sogn og Fjordane fredag 18. mars 1814. To jostedøler vart valde for å representere prestegjeldet på distriktsmøtet i Vik 30. mars der fylket skulle velje tre representantar til riksforsamlinga på Eidsvoll. Dei to representantane frå Jostedalen var brørne Tøger Kruna og Rasmus Fåberg, søner av gamlelensmann Lars Snøtun. Den danske soknepresten Holger Halling Schjødt leia bededagen og avla truskapseiden til fedrelandet i lag med den frammøtte allmugen i kyrkja.

Etter valet vart det sett opp eit dokument som stadfeste at Tøger og Rasmus vart valde, og som uttrykte takk og støtte til Kristian Fredrik for arbeidet med å verje fedrelandet mot «det svenske åk». Kopi av den originale fullmakta heng i Jostedal kyrkje.

Les meir om:

 

 

 

Skriv ein kommentar