Grunnlovskveld 12. juni
Torsdag 12. juni kl 18 markerer me grunnlovsjubileet med ei tilstelling i Berget i Fåberg.
Program
18:00. Samling ved Storekloppi (Vegskjelet til Fåberg/Styggevatnet ). Herfrå fin fottur opp til Berget med kjent person.
18:45. Velkomst song v/ Asbjørg Ormberg og servering av nykokt kaffi.
19:00. 1814 i Jostedalen: val til Eidsvoll, ein auksjon i Kroken og ein oppfarande prest. V/ Oddmund Løkensgard Hoel.
19:30. Kva vart det av Christian Frederik? V/ Olav Stølen.
19:45. Svall over nysteikte hellekaker med kaffi til.
20:30. Omvising i Berget og planar for vedlikehald /restaurering. V/ Einar Blikra.
21:30–22:00. Asbjørg Ormberg syng oss vel på heimvegen.
Vel møtt til alle!
Arrangørar: Jostedal Historielag, Jostedal Helselag, Folkeakedemiet i Luster og Luster Bibliotek
Publisert av Oddmund, 8. juni 2014 under Aktivitetar.
Kommentarar: ingen
Skriv ein kommentar