Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Arbeidsplan for 2014

Vedteken på årsmøtet 6. mars 2014.

1. Berget. JH har fått eit fyrste utkast frå Geir Vetti om ein samla plan for restaurering/vedlikehald av husi, inklusiv jordkjellarar. Styret i JH vil, så snart som mogleg, sjå på dette utkastet og vurdere kva som er realistisk å ta fatt i. Elles er det viktig med det årlege vedlikehaldet og tilsynet vår og haust, herunder slått og rydding rundt husi. Her kallar dei som har tilsynet inn til dugnadsarbeid og hyggeleg samvær!

2. Kverni. Ut over vanleg tilsyn skulle kverni ikkje krevje det store arbeidet i år. Den som har tilsynet tek hand om dette og kallar til dugnad og sosialt samvær.

3. Skulehuset. Som for kverni.

4. Stadnamnprosjektet. JH arbeider vidare, saman med dei andre sogelagi og Fylkesarkivet. Det er god framdrift i prosjektet, og det er tanken å få på plass eit «oppsummeringsmøte» i november. På dette møtet vert det vist område frå Jostedalen, Hafslo og Luster, der stadnamni er digitaliserte og lagde inn på kart.

5. Opprydding på Gamlevegen frå Ormbergstøl – Høgebrui. Arbeidet er i gang med god støtte frå Kåre Reidar Aasen. Det er eit stort arbeid, og han kallar til dugnad.

6. Vegsoge om Jostedalen. Saman med Per Birger Lomheim fortset JH arbeidet.

7. Dalen og elvi. Arne Aasen Hauge vil gjerne få hjelp frå JH med informasjonsmateriale ved Flaummerket. Under tittelen «Dalen og elvi» er det søkt om støtte frå kommunen til å få tak i gamle bilete som viser korleis elvi «styrde» dalen frå gamalt og opp til våre dagar. Det er i fyrste omgang plan om å lage ei stor tavle, med slike bilete, med kort tekst til og på to språk.

8. Tilskiping.

Grunnlovsjubileet. JH vil markere dette med ei tilstelling i Berget torsdag den 19. september kl. 18. Alle detaljar i programmet er ikkje på plass, men Oddmund L. Hoel vil halde eit innlegg om kva Grunnlova har betydd for landet vårt.

Turar. JH vil arrangere to turar/samvær. Ein vert frå Krokgjelet-Åsen til Bruheim, og den andre frå Espe til Elvekrok. Det vert i mai/juni, men dato er ikkje fastlagd enno.

8. Anna aktivitet. Utover dei planlagde aktivitetar dukkar det alltid opp arbeid / tilskipingar som laget må ta del i.

Skriv ein kommentar