Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Aktivitetar og arbeidsoppgåver 2001–2002

[Prenta i Luster. Lokalhistorisk årbok, nr. 5, 2002.]

Etter at Jostedal Historielag i år 2000 fekk kulturpris og fin omtale, så gav det ei ekstra oppmuntring til å halde fram med dei ymse oppgåvene:

– Jostedalskartet
– restaurering av garden Berget
– registrering av gamle bilete
– bokutgjeving
– Kulturminnedagen 8. september 2002

Jostedalskartet
Jostedalen har enorme turmoglegheiter, spennande turmål og rike kulturminne, og difor fekk styret ideen om å lage eit kart. Dette vart arbeids- og tidkrevjande, og me tok på oss ei oppgåve som var større og meir omfattande enn kva me hadde tenkt. Historielaget har sjølvsagt leigt fagleg hjelp av mellom anna Åne Elgersma, og me har kjøpt rettar hjå Kartverket. Styremedlemane har vore med å skrive tekstar til fotografi som me skal ha på baksida av kartet. Me har tenkt å spørje lokale sponsorar om hjelp til finansiering, og me vonar at Åne og andre fagfolk me har knytt til oss held fram med like stor iver.

Garden Berget
Fram til no har Historielaget prøvd å ta vare på bygningane i Berget for at etterkommarane skal få sjå korleis folk i eldre tider levde. Laget arbeider med å halda ved like dei gamle bygningane i Berget. Me har vølt fjøsen der me har lagt nytt torvtak og rydda i “møkakjellaren” og inni fjøsen i tillegg til at me har arbeidd med murveggane. I sommar fekk me endeleg retta opp att det skeive hjørna på hovudhuset. Snikkaren vår, Kåre Reidar Aasen, har veldig god innsikt og gjorde eit veldig flott arbeid. Me er difor svært godt nøgde med resultatet. Kåre Reidar såg også at stabburet trengde vedlikehald både med takrenner og oppretting. Sjølve gardstunet i Berget ligg på eit sva. Me fekk køyrt på noko jord ved stabburstrappa, noko me trur vil gjere tunet finare. Me har vore heldige og fått både kommunale og statlege midlar til finansiering av husa i Berget, og sakshandsamaren hjå Fylkesmannen hadde mange lovord om alt dugnads­arbeidet som er lagt ned.

Ei klar utfordring til styret blir å finne ei framtidsretta nytte av garden. Kan me få nokon til å stelle kulturmarka og bu i Berget om sommaren?

For å få inspirasjon til arbeidet vårt vidare var styret ein tur til Avdal i Årdal i vår og såg korleis årdølene hadde restaurert nær 20 hus og brukte dei som overnattingsplassar.

Registrering av gamle foto
Fylkesarkivet leier arbeidet med å registrere gamle bilete. Dei har utarbeidd ein mai for slik registrering. Når fotografia er registrerte er det råd for ålmenta å leite opp att bileta på internett.

Ungdomslaget arrangerer marknadshelg kvart år, og har alltid vore positive til fleire aktivitetar i tillegg til dei tradisjonelle. For å få folk flest interesserte i å ta vare på gamle bilete gjorde styret avtale med Edvin Brun frå bedrifta Datapart og Peder Kjærvik ved Breheimsenteret om å skipa til ein dag med skanning og utstilling i samfunnshuset. Me hadde “Familiebilete før 1960” som tema. Det samla seg mykje folk og dei eldste hjelpte dei yngste til å finne alle namna på fotografia. Me har laga vårt eige arkiv med registrerings­skjema og foto, til saman 124 stk.

Bokutgjeving
Alfred Espe har produsert fleire velskrivne artiklar frå Jostedalen til “Lokalhistorisk årbok for Luster”. I 2001 la han fram eit manuskript som handla om Jostedalen i eldre tid, frå istid til sjølveigartid. Forfattaren døydde før han fekk fullført arbeidet.

Alfred Espe hadde store historiske kunn­skapar, engasjement og god evne til å drøfte historisk kjeldemateriale. Bokprosjektet til Alfred innheldt fine sjølvlaga illustrasjonar. Jostedal Historielag engasjerte Oddmund Hoel, tidlegare redaktøransvarleg for fleire bøker i Det Norske Samlaget. Han meinte at dette var svært verdifullt stoff som me måtte gje ut i bokform. Han har også teke på seg redaktøransvaret. Boka kjem ut i år.

Kulturminnedagen 8. september 2002
Jostedal Historielag skipa til ei markering av kulturminnedagen der stikkordet var “Vandring frå skulehus til skulehus”. Me starta i Sperle skulehus kl 1030. Dette huset eig Bjarne Sperle, og han fortalde i frå han var elev her. Huset, som er det eldste i bygdi, var i bruk til 1968. Turen gjekk så vidare etter gamlevegen til skulehuset frå Krundalen som står i Prestegarden. Dette skulehuset eig Historielaget og dei har møblert det etter gammalt mønster. Tomta vart kjøpt av staten i år.

Alle som besøkte skulehuset måtte skrive namnet sitt med blekk og fjørpenn. Leiaren fortalde om samanhengen mellom kornmagasinet og skulehusbyggjing. Turen bar så vidare til “nyeskulen” der me gjekk ein fin natursti, og det var råd å kjøpa heimelaga vassgraut, potetkake mm.

Styret 2002
Sigbjørg Sperle, leiar
Harald Haugen, nestleiar
Einar Blikra, kasserar
Aud Fossøy, sekretær
Lars Neset, styremedlem

Peder Kjærvik, representant i skriftstyret for Lokalhistorisk Årbok for Luster

Skriv ein kommentar