Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Kulturminnedagen 8. september 2002: Frå skulehus til skulehus

[Frå Jostedal skule- og bygdeavis, 2002-2003.]

Me starta i Sperle skulehus som er eigd av Bjarne Sperle. Han kunne fortelja ymist om huset og lærarar som hadde skult der. Han hugsa at han sat i skammekroken i lag med ein anna gut. Saman so reiste dei langt ut på isen i Løken. Det hadde dei ikkje lov til og kom i tillegg for seint inn att, so det vart lett å ta syndarane.

Det fanst ikkje leikeplass ute. Men på vinteren var det moro å skreie etter vegen frå Øvste Sperla.. Dette var derimot livsfarleg for dei landa ofte nede på riksvegen, og i dei seinare år var det mykje trafikk. I den tid då inngangen var på oppsida var det ein som fekk god fart på skia sine. Han greidde ikkje å stoppe, men for gjennom utedøra og gangen og like inn i kammerset.

Elles var det somme som kom tidleg om morgonen og fann på ulike spikk, mellom anna å tetta pipa. Då blei det ekstra fri for å lufta huset att. Kammerset her og i fleire skulehus vart nytta til bustad for somme lærarar. Den siste som budde her var Falkgjerdet frå Hafslo, og dette skulehuset vart nytta heilt fram til 1968.

So gjekk turen fram etter gamlevegen som var allemannsvegen fram til 1916 og skulevegen for borna i Gardsgrendi. Her gjekk ogso Ivar Aasen i si tid då han vitja Jostedalen. Og eventyrsamlaren, Asbjørnsen, vandra denne vegen for å besøkje ein studiekamerat i Prestegarden. Leiv Kjell Sagerøy var med som kjentmann, og han synte Olavskjeldene, Minesteinen og andre stader det er knytt ei historie til. Her kan det nemnast at Historielaget hadde eit stort arbeid på førehand med rydding av vegen.

Skulehuset som er frå Krundalen har ikkje vore endra på sidan det vart bygt. Men vart altso flytt til Prestegareden av di det skulle rivast, og Historielaget fekk det i gåve. Det var vanleg at skulemeistaren budde i kammerset,  og slik var det også her. Såleis budde Hallvard Hesjevoll her med kona ei tid.

Dei gamle pultane frå skulehuset har plass til fire personar på kvar benk. Både vaksne og ungar klemde seg saman inne i skulestova denne skulevandringsdagen, og Asbjørg (utkledd som skulemeistar) opna med ”ein skuledag i gamle dagar”. Alle laut vera med i skuletimen, og fekk ris og ros frå den strenge skulemeistaren alt etter kor godt dei kunne svare.

Sjur Gjerde fortalde så frå si tid som skuleunge. Han gjekk frå Gjerde til Snøtun der skulehuset då stod. Det verste tykte han var om vinteren med alle skredene dei måtte gå over. Det kunne vere farefullt, men han skofta ikkje meir enn nokre dagar på heile skuletida.

Sigbjørg orienterte litt om samanhengen mellom Kornmagasin og skulehus. Då Sperle skulehus, som er det eldste, vart bygt brukte Kornmagasinet av sine midlar.

Kristen H. Ormberg fortalde korleis han og broren var lærarvikarar under krigen, nede på Myklemyr. Dei to brørne var då berre skuleelevar sjølve, men vart tiltrudde jobben då læraren sjølv var oppteken på anna hald.

Før me reiste frå det gamle skulehuset måtte alle skrive namnet sitt med penn og blekk. Og folk måtte sjå på den gamle nypussa komfyren, som Liv har hatt mest arbeid med.

Dagen vart avslutta på Jostedal skule. Der selde Historielaget mellom anna mjølgraut og heimelaga potetkake. Lærarane hadde lage ei flott orienteringsløype og folk kosa seg det fine haustveret. Me hadde cirka 40 personar innom arrangementet.

– Og neste gong må me ta med dei gamle leikane, og servere potetgraut, sa Sjur.

Jostedal Historielag

Sigbjørg Sperle

Skriv ein kommentar