Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Om gamle fangstanlegg på årsmøtet

På årsmøtet i Jostedal historielag 16. mars 2006 viste Einare Ese og Sverre Fossen lysbilete og fortalde om arbeidet dei har gjort med kartlegging og registrering av gamle fangstanlegg i fjellområda aust for hovuddalføret. Dei har teke ei rad bilete av dyregraver, bogastille og anna, og dei har teikna inn alt på kart.

Arbeidet deira er svært viktig for å dokumentere og halde minnet levande om den gamle fangstkulturen i fjellet, og det er særleg aktuelt no som Fylkesmannen har byrja prosessen med å verne Breheimen.

Styret vil saman Einar og Sverre drøfte korleis arbeidet deira kan følgjast opp og gjerast tilgjengeleg for alle interesserte.

Årsmøtesaker
Årsmeldinga for 2005 vart godkjend, det same vart rekneskapane for laget og arkeologiprosjektet.

Valet var enkelt – attval både på styre, leiar og alle andre tillitsvalde.

Skriv ein kommentar