Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Arkeologiprosjektet (JSA 2006)

[Frå Jostedal skule- og bygdeavis, 2006.]

Av Oddmund L. Hoel

Anne Mette Haugen og Ann Katrine Sivertsen har no levert masteroppgåvene sine i arkeologi. Anne Mette har skrive om ”Veier og kommunikasjon i Jostedalen” og tittelen på oppgåva til Ann Katrine er ”Jordbruks- og busetnadsutvikling i Jostedalen. Med utgangspunkt i punktundersøkingar i innmarka på gardane Nedrelid og Kruna”. Som mange har fått med seg, har dei vore her ei rad gonger på feltarbeid dei siste to åra. Avhandlingane deira har svært mykje interessant stoff som kastar ljos over utviklinga av den eldste faste busetnaden i Jostedalen. I staden for å prøve oss på å gje att dette meir eller mindre presist her, vil historielaget gje Ann Katrine og Anne Mette høve til å leggje fram resultata sine sjølve på ei tilstelling på nyåret. Arbeidet deira dannar òg grunnlaget for å avgjere kva som bør gjerast vidare innanfor prosjektet, som iallfall vil gå eitt år til. Så følg med!

Skriv ein kommentar