Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Arkeologiprosjektet rullar vidare (JSA 2004)

[Frå Jostedal skule- og bygdeavis, 2004.]

Av Oddmund L. Hoel

I 2003 sette Jostedal Historielag og Jostedal Bygdelag i gang prosjektet ”Den eldste busetnaden i Jostedalen”. Føremålet er å finne ut når dei fyrste gardbrukarane slo seg ned i dalen. Bakgrunnen er at me veit særs lite om busetnaden her før Svartedauden (1349), trass i at Jostedalen er så kjend for segna om Jostedalsrypa, pesten og øydetida etterpå.

Den ambisiøse målsetjinga er å ta dateringsprøver frå alle dei 26 namnegardane (=gardsnummera) for å finne ut når den fyrste åkerdyrkinga tok til, og kor mange og lange øydeperiodar det har vore. Har ein slike opplysningar frå mange gardar, kan ein jamføre dei med andre bygder og lage omfattande teoriar om busetjingsmønster, samfunns- og eigedomstilhøve o.l.

Dette er ei oppgåve for arkeologar. Dei leitar seg fram til det dei trur er den eldste åkeren på garden på grunnlag av gamle kart, stadnamn (”Gamleåkeren, Storåkeren”), opplysningar frå lokalkjende folk og eigne synfaringar. I den eldste åkeren tek dei så ut prøver av dyrkingslaga ved å grave djupe sjakter, helst i åkerreinene, og sender prøvene til C14-datering. Tidlegare er dette berre gjort på ein gard i Jostedalen (Li, der det berre vart grave ei sjakt kring 1980). Det er òg teke ut nokre pollenprøver.

Hovuddelen av feltarbeidet i år gjekk føre seg i tre veker i mai-juni, i strålande sol. Ein heil flokk arkeologar dukka opp: Bård Økland og Gunhild Berge Stang har fått med seg to studentar (Anne Mette Haugen og Ann Kristin Sivertsen) som skriv masteroppgåver om Jostedalen. I tillegg hadde dei med seg fem andre arkeologistudentar som arbeidshjelp, og Lars Brun stilte viljug opp med minigravaren. Bård, Gunhild, Anne Mette og Ann Kristin kom att i Blåe tonar-helga i august, og Anne Mette med hjelpar var her endå ei veke i oktober. Til saman har dei grave kring 50 sjakter, noko som alt gjer dette til eit stort arkeologiprosjekt. Kruna og Garen (Nedrelid) vart prioriterte, og dei tok òg prøver frå Åsen, Espe og Bergset. Prosjektet har såleis fått ein særs god start med fem gardar dekte.

Resultata er vel det alle lurer på: kor gamal er bygda vår? Det veit me ikkje enno. Resultata frå dateringsprøvene ligg tidlegast føre ved juletider, kanskje ikkje før eit godt stykke utpå nyåret.

Arkeologane vil heller ikkje tippe. Men dei fekk mange ”gode” sjakter, som både var djupe, hadde klåre jordprofilar og tjukke lag med kol som er det som skal daterast. Så me kan vere optimistiske med tanke på å få sikre dateringar.

I arkeologikrinsar har det alt vore snakka mykje om ”Jostedalsprosjektet”. Dei aller fleste arkeologiske utgravingar kjem i gang på grunn av store naturinngrep, ikkje fordi det blir teke lokalt initiativ som hjå oss. Det gjer òg at arkeologane våre sjølve kan velje kvar dei vil grave og ikkje må halde seg til staden der det skal byggjast eit kraftverk eller ein veg. Det er dessutan temmeleg eineståande at ein får kartlagt eit så stort gardsområde så grundig og heilskapleg som hjå oss.

Me er svært takksame for den store velviljen, hjelpa og interessa prosjektet har møtt både hjå grunneigarar og andre jostedøler. Det har òg vore stor interesse og positive tilbakemeldingar både i kommune, fylkeskommune, hjå Riksantikvaren, fylkesmannen, Høgskulen, Universitetet i Bergen, Sogn folkemuseum og fleire. Særleg viktig er den økonomiske støtta me har fått frå Luster kommune og fylkesmannen, og det faglege samarbeidet med Arkeologisk institutt i Bergen.

I neste Jsa reknar me med å kunne skrive om resultata frå prosjektet, men dei vil bli presenterte for bygdefolket i god tid før det, så følg med, følg med!

Skriv ein kommentar