Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Den eldste busetnaden i Jostedalen – status for prosjektet oktober 2003 (JSA)

arkeologar.jpg[Frå Jostedal skule- og bygdeavis, 2003.]

Segna om Jostedalsrypa har gjort Jostedalen til reine kjendisbygda når det gjeld den fælslege Svartedauden (1349-50) og øydetida som følgde. Gjennom lesebøker gjennom 100 år har norske skuleelevar møtt den gripande soga om jenta frå Bjørkehaugen som etter segna var einaste overlevande etter den store pesten.

Det er ein stor kontrast mellom kjendisstatusen til Jostedalsrypa og den uhorveleg vesle kunnskapen me har om samfunnet som ho levde i. Det er fyrst frå sist på 1500-talet då dalen vart busett på nytt etter øydetida at me byrjar å få skriftlege kjelder om Jostedalen. Utgravingane tidleg i 1980-åra før kraftutbygginga viste at det var fleire stølar i bruk iallfall frå 1100-talet og framover, og det er eit sikkert teikn på fast busetnad nede i dalen. Før øydetida har me berre tre skriftlege kjelder, alle frå dei siste tiåra før Svartedauden (det eldste frå 1318-19 vart prenta i førre Jsa). Desse dokumenta fortel oss at Jostedalen hadde eigen prest (Asle) og eiga kyrke, og namngjev to gardar (Kruna og Krokgilja) og eit par bønder frå Jostedalen. Me kan såleis gå ut ifrå at det var ein omfattande busetnad i dalen då pesten kom sidan dei greidde å halde seg med prest og kyrkje, men kor omfattande veit me ikkje, og heller ikkje kor gamal busetnaden er.

Dette vil historielaget og bygdelaget no finne ut gjennom prosjektet ”Den eldste busetnaden i Jostedalen” som kom i gang i vår. Sidan me ikkje har skriftlege kjelder, er det berre gjennom utgravingar ein kan finne spor etter dei eldste jostedølene. Arkeologane Gunhild Berge Stang og Bård Økland er engasjerte, i fyrste omgang for å lage eit forprosjekt om korleis prosjektet kan gjennomførast.

Dagane 15.-18. oktober var Gunhild og Bård i Jostedalen på synfaring, og i den samanhengen skipa historielaget til eit møte med dei på kafeen. Dei er særs nøgde med det dei har funne så langt. På alle gardar har dei funne kulturlandskap med gamle åkrar som det ikkje har vore maskinar borti, og dermed er vilkåra veldig gode for arkeologar. Mykje hjelpsame jostedøler med god kjennskap til gamle åkernamn og tufter fann dei òg.

Dei har tenkt å ta føre seg alle gamle namnegardar, altså dei som i dag har eige gardsnummer (26 gardar). Seinare er desse delte opp i ei rad ulike bruk, men i byrjinga kan ein gå ut ifrå at det berre var eitt bruk på kvar gard. Der leitar dei seg fram til det ein kan gå ut frå var den beste og dermed eldste åkeren, og dei har særleg vore på utkikk etter namn av typen ”Gamleåkeren” og ”Storåkeren” som kan fortelje om gode vekstvilkår for korn i gamal tid.

Så leitar dei seg fram til eit punkt i utkanten av denne åkeren, helst i ei åkerreine, der det seinare vil vere aktuelt å grave ei sjakt. I denne omgangen har arkeologane berre vore på synfaring, teke stikkprøver og målt inn dei aktuelle punkta med GPS. Når holet er greve, tek dei så ein jordprofil ned gjennom dyrkingslaga, og nedst vil dei her oftast finne eit tjukt lag med kol som vart til då skogen vart brend ned den gongen dei fyrste jostedølene dyrka opp åkeren. Slike kollag kan ein finne fleire av, både etter at åkeren har lege brakk og skogen måtte brennast på ny, og etter at oske og kol har vore brukt som gjødsel. I desse kollaga kan ein så ta ut prøver som blir daterte med C14-metoden, og dermed kan ein måle med nokre tiårs feilmargin når åkeren vart teken opp. Arkeologane er såleis ute etter gamalt kol og jordprofilar, ikkje pilspissar, sjørøvarskattar eller andre ting.

Dette er ein vanleg metode i gardsarkeologi, og Gunhild avslutta i vår ei slik gransking i Kroken på sørsida av Lustrafjorden. Likevel er prosjektet vårt i Jostedalen temmeleg spesielt. Mest alle utgravingsprosjekta er såkalla forvaltningsprosjekt som blir sette i gang fordi ein utbyggjar blir pålagd å dokumentere kulturminne før eit stort utbyggingsprosjekt (td. Breheimen-undersøkingane før kraftutbygginga). I slike prosjekt må arkeologane grave der det skal gjerast inngrep, ikkje der dei har mest lyst. Men i vårt prosjekt får arkeologane grave heilt fritt der dei trur det er størst sjansar for å gjere gode funn, og dei får i tillegg sjansen til å ta føre seg ei heil bygd og sjå ei rad gardar i samanheng, ikkje berre nokre tilfeldige enkeltpunkt. Fagfolk reknar difor prosjektet vårt som svært spanande, og Arkeologisk institutt ved Universitetet i Bergen er fagleg ansvarleg institusjon. Så her har me sjansen til å få i gang eit verkeleg pionerprosjekt som vil bli lagt merke til og kan setje Jostedalen på forskingskartet.

Når kan ein så rekne med at dei fyrste jostedølene slo seg ned? Det er det for tidleg å seie mykje om. Ei datering frå Li tidleg i 1980-åra synte at det var dyrka åker der på 800-talet. Men nede frå fjorden har ein spor etter fast jordbruksbusetnad frå kring 4000 år sidan, og granskingane på høgdegarden Ormelid i Fortunsdalen har synt at det har vore busetnad der like lenge, trass i at garden ligg temmeleg avsides. Pollenprøver frå Fåbergstølen har dokumentert at beitinga der tok til for mest 3000 år sidan. Kan det ha vore husdyra til bufaste jostedøler alt då?

Om gravinga

Det er for tidleg å seie nøyaktig kvar det er aktuelt å grave sjakter og kor mange det er snakk om. Talet er avhengig av finansieringa og lokaliseringa av kvar det kan vere mest å hente. Etter synfaringa har arkeologane laga seg ei lang ”ynskeliste” der ein vil byrje ovanfrå. Alt no kan det røpast at Oppigarden på Myklemyr, Kruna, Fossen og Lii står langt oppe på lista. Målsetjinga er å dekkje alle gardsnummer, men det kan hende nokre gardar må prioriterast framfor andre i fyrste omgang. Kvart hol vil vere kring 1 x 3 meter og 1 meter djupt, og det vil sjølvsagt bli henta inn løyve frå alle aktuelle grunneigarar i god tid før det vert sett i gang med arbeid i terrenget. Prosjektet dekkjer alt arbeid og fyller att etter seg, så det vert ingen kostnader for grunneigarane. Det er tidlegast aktuelt å setje i gang til sommaren, truleg ikkje før på ettersommaren. Me vil prøve å grave med maskin så langt det let seg gjere, og me er interesserte i alle som kan tenkje seg å stille på dugnad med spade, trillebår, gravemaskin eller kaffi

Skriv ein kommentar