Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Stadnamnprosjektet i Jostedal (JSA)

[Frå Jostedal skule- og bygdeavis, 2006.]

Av Ann Kristin Sperle

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har starta ei omfattande kartlegging av gamle stadnamn i fylket. Lokale folk får utdelt kart over områder, skriv ned alle stadnamn dei veit om, snakkar med eldre folk som gjerne har fått fortalt historier om namn frå endå eldre tider, og slik håpar ein å få samla inn så mange namn som mogleg.

Historielaget i Jostedalen, med Kristen Ormberg i spissen hadde lyst til å få kartlagt alle stadnamna i Jostedalen, og byrja på dette arbeidet hausten 2005. Men arbeidet viste seg å vere omfattande, og dei ville dermed tilsette nokon til å gjere det. I januar i år vart eg spurd om eg ville ta på meg ansvaret for å gjere ferdig dette prosjektet. Eg tykte det høyrdest spanande ut, og takka ja til jobben.

I dei fleste kommunar har folk innsamlinga frå 1986 å støtte seg til, ei innsamling som vart gjort i samband med utgjevinga av bygdeboka. Då er det berre å bruke dei same karta som vart nytta i 1986, og supplere med det ein måtte finne ut. I Jostedalen har me og 1986-innsamlinga – i tillegg til fleire andre. Øystein Frøysadal samla inn over 1000 namn i 1959, men her manglar det kart. Me har skuleinnsamling frå 1933 som me kan bruke – men her og manglar det kart. I tillegg har Gudlaug Nedrelid ei ganske omfattande innsamling med kart. 

Jobben min har vore å samkøyre desse 4 innsamlingane og snakke med informantar i alle grender om det finnast fleire namn som bør vere med. Eg tykte dette verka rimeleg greitt, og tok fatt på jobben med friskt mot. Eg hadde ca. 2 månadar på meg før eg skulle starte på skule att. Men det viste seg at til meir eg jobba med stoffet, til meir vart det å gjere. Det dukka opp ”nye” kart: grender som har komme på grensa mellom to kartblad gav litt problem for folka som skulle føre på alle stadnamna. Løysinga deira var at dei ”laga” nye kart ved å kopiere saman to standardkart. Problemet mitt er at desse karta ikkje finst i økonomisk kartverk, så eg måtte starte på nytt og føre alt inn på standard karta.

Det har vore ein lærerik jobb, og eg tykkjer det har vore moro. Men og slitsamt. Det gjeld å holde tunga rett i munnen for å unngå t.d. dobbeltoppføringar. Og tida har gått litt for fort. Spesielt når eg har snakka med folk. Ofte kjem det eine gode historia etter den andre, og kven klarar vel å tenkje på klokka då?

Då fyrste tidsfristen (som var påske) ikkje gjekk, tenkte eg at eg i alle fall må bli ferdig til sommarferien. Dette viste seg og å bli vanskeleg. No viser kalenderen slutten av oktober og eg er endå ikkje kommen i mål. Kven skulle tru at det var so mange namn i Jostedalen?

Eg har fått rigga meg opp kontor på gamle biblioteket på kommunehuset. Det er godt å ha litt ”albogarom” når ein skal sjå på mange kart samtidig. Men det har og vorte mange arbeidstimar heime på Nes. Eg har ført inn alle stadnamna på data – og har funne eit system som etter kvart fungerar bra. I tillegg har alle informantar lese inn namna sine på band. Etter kvart som eg er ferdig med eit kartblad, sender eg det inn til Fylkesarkivet saman med alle namna, og tilhøyrande lydfiler. Fylkesarkivet skal til slutt legge alle namna ut på internett slik at alle kan nytte seg av dei. Og lydfiler er ein utmerka måte å bevare dialekten på for dei seinare generasjonar.

Det byrjar å haste litt med å bli ferdig med dette. Det er ikkje mange att i dag som set med informasjon om gamle stadnamn. Universitetet i Bergen er interesserte i å finne ut kor mange av dei eldste stadnamna me klarar å kartfeste. T.d. samlinga frå 1933, som berre består av A4-sider med namn. Der er det eindel svinn, rett og slett fordi folk som viste dette gjekk bort for fleire år sidan.

Eg tykkjer det er ein viktig jobb som blir gjort, so all ære til historielaget som fekk dette i gang. Bygdelaget har vel og ein finger med i spelet. No får eg berre håpe at resultatet blir so bra so dei hadde tenkt. Det er komme førespurnad om eg kan vere med å samle inn namn i andre deler av kommunen og. Og det er godt mogleg. Men no må eg bli ferdig i Jostedalen. Tilbake til arbeid…

Skriv ein kommentar