Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Status for stadnamnprosjektet – Ann Kristin Sperle engasjert

Frøysadal-samlinga frå 1959 var sommaren 2005 ferdig reinskriven og digitalisert av Nordisk institutt, Universitetet i Bergen. Bak arbeidet stod fyrsteamanuensis Ole-Jørgen Johannessen og arkivar Jarle Halveg. Samlinga inneheld kring 3500 namn frå heile Jostedalen.

Ann Kristin Sperle vart i januar 2006 engasjert av historielaget for å leie arbeidet med samordning av dei ulike stadnamnsamlingane Jostedalen, kontroll og kartfesting av namna. Til hjelp har ho eit nettverk av informantar, og arbeidet er lagt opp i samarbeid med Fylkesarkivet. Målsetjinga er å vere ferdig med den lokale delen av arbeidet til påske 2006 slik at materialet då kan sendast over til Fylkesarkivet for å bli lagt inn i deira database og bli tilgjengeleg for alle på Internett. Ann Kristin har arbeidsstad i «gamlebanken» (der biblioteket var) og kan nåast både på telefon 993 93 873 og e-post.

Det er samla inn stadnamn i Jostedalen i fleire omgangar frå 1930-talet til i dag. Sogelaga i Luster sette i 2003 i gang eit fellesprosjekt for å fullføre og kontrollere tidlegare innsamlingar. Dette materialet skal så gjerast tilgengeleg på Internett i stadnamnbasen til Fylkesarkivet.

I Jostedalen vart ei eiga stadnamnsamling, Frøysadal-samlinga (1959), oppdaga på Universitetet i Bergen i 2004. Denne samlinga vart digitalisert i 2005-06. Sidan januar 2006 har Ann Kristin Sperle arbeidd for historielaget med å gå gjennom alle namnesamlingane og gjere dei tilgjengelege for publisering på Internett.

Kommentarar

Kommentar frå Arne Torvik
Tid: 12. januar 2008, 01:08

Er Frøysadals stadnamnssamling tilgjengelig på internett nå?
Arne

Skriv ein kommentar