Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Stadnamnprosjektet i Luster (JSA)

[Frå Jostedal skule- og bygdeavis, 2003.]

Av Kristen Ormberg, koordinator for stadnamnregistreringa i Jostedalen

Som dei fleste kjenner til er det no i gang ei ny registrering av stadnamn i Luster kommune. Denne gongen har me som mål å få med det meste av dei namn som ikkje er komne med i dei tidlegare registreringane.

Fyrste registreringa som me kjenner til var i 1932. Då var det 4.klassingane som noterte ned namnelister, men dei hadde då ikkje høvande kart for namnsetjing. Desse listene har me for Jostedalen, med unntak av Myklemyr. Så dersom nokon har sett desse listene eller kjenner til kvar dei kan vere, er me takksame for tips!!

Det er òg nokon som har nemnt om at det skulle vere samla inn noko på 50-talet, utan at eg kjenner meir til dette.

Midt på 60-talet kom det Økonomiske Kartverket, og der var det registrert ein del namn, men det var likevel mykje som mangla. I 1984 bevilga så Fylkeskommunen ein del midlar slik at ein kunne kome vidare med dette arbeidet. Uheldigvis for Luster vart det lik sum på alle kommunane, slik at me kom dårleg ut sidan me har så stor flatevidd og stort antal namn. Mykje vart difor ståande att også denne gongen.

No er det dei tre sogelaga i kommunen som står bak det nye Stadnamnprosjektet. Som koordinator og ansvarleg for kvart område er Arne Kvalen for Hafslo, Per Arvid Hauge for Luster og Kristen Ormberg for Jostedal. Desse skal så vere kontaktmenn ut mot alle dei som skal samle inn namn i sine grender og roder. Dei skal òg vere bindeledd mot Jostein Bekken som har teke på seg oppgåva med å halde orden på kart og lister frå tidlegare innsamlingar.

Opplegget er no at det vert eit møte i Jostedal Samfunnshus den 22.november der me vil samle alle både oppnemnde og andre interesserte til ei grundig orientering om korleis dette arbeidet skal utførast. Når alle så er rimeleg opplærde i dette, kan arbeidet med å namnsetje karta ta til. Det er då viktig at alle freistar å grave fram alle namn dei kjenner til og får dei på kartet. For det som ikkje kjem på kartet denne gongen, går vel helst i gløymeboki. Det vert i alle fall lenge til neste innsamling, og då er vel òg dei beste informantane borte. Så ta vel i mot grendamennene når dei kjem på besøk, – og me går inn for å få til ei god og grundig innsamling. Lukke til!

Skriv ein kommentar