Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Dokument om prest og kyrkje frå 1600-talet

Synfaringsdokument 1656, utsnittI samband med 350-årsjubileet for kyrkja i 2010 er mykje gamalt arkivtilfang grave fram. Det gjeld mellom anna fleire dokument frå 1600-talet om kyrkjebygginga og om økonomiske tilhøvet kring prestekallet. Her er fleire godbitar: Dokumentet frå 1656 der det vert vedteke å byggje ny kyrkje, dokumentet frå 1660 frå synfaringa av det nye kyrkjebygget med detaljerte byggjeskildringar og takst, og eit bøneskriv frå allmugen 1655 om auka løn til presten.

No er dei 12 dokumenta me kjenner til frå 1600-talet publiserte på nettstaden. For alle dokumenta er omtaler og fotografi av originaldokument eller gamle avskrifter i gotisk handskrift publiserte. For somme er også nye avskrifter lagde ut. Kontakt oss gjerne om du vil vere med på arbeidet med å lage avskrifter eller omsetjingar og kommentarar. Gå til 1600-talsdokumenta.

Oppdatering 21.1.: No er det lagt ut avskrifter av alle dokumenta.

Skriv ein kommentar