Main menu:

Du er her: Heim > Gardar og folk

Gardar og folk

Me kan ikkje tilby slektshistorisk informasjon på denne nettstaden. Det finst likevel mykje anna å hjelpe seg med. Ut over den store mengda med slektshistoriske ressursar på nettet viser me særleg til dette: 

Øyane: Gards- og ættesoge (1994)
Jostedalen fekk si store gards- og ættesoge i 1994, av Lars E. Øyane. Boka er band 5 storverket Bydebok for Luster kommune - gards og ættesoge, som så langt har kome med åtte band 1984-2008. Dei siste 4-5 banda om Hafslo er på veg. Dette er standardverket om busetnadssoga i Jostedalen. Gardssoga er heller knapp, men den slekts- og personalhistoriske delen er særs grundig. Boka er no òg tilgjengeleg på Internett, så langt som det einaste av banda i verket.
Fulltekst (NBdigital)
Omtale av bygdebokprosjektet (Luster kommune)

Jon Laberg: Jostedalen. Ei stutt utgreiding (1936-48)
Tidlegare var dette den hovudverket om gardar og slekter i Jostedalen, men verket har eit førebels preg og er langt mindre grundig enn bygdeboka frå 1994. På hi sida finn ein i Laberg ein del fargerike soger som ymse folk og gardar som ikkje er komne med i bygdeboka.
Fulltekst og omtale (Jostedal historielag)

Slektsdatabase
Sognefjordlaget har gjennom mange år bygt opp ein omfattande slektshistorisk database med over 40 000 personar. Bygdene i Luster, inkludert Jostedalen, er særs godt representerte i basen. På førespurnad gjer Sognefjordlaget søk i basen og svarar gjerne på slektshistoriske spørsmål. Basen er ikkje tilgjengeleg på Internett.
Meir informasjon om Sognefjordlaget og databasen (Luster kommune)

Andre aktuelle sider
Stølar og stølsliv i Luster (1999) av Kåre Øvregard
Ordførarar i Jostedal kommune 1838-1963 (Luster kommune)
Prestar i Jostedalen ca 1300-1975 (under Kyrkjehistorie)
Presten Matthias Foss

Skriv Skriv | Send |

Skriv ein kommentar