Main menu:

Du er her: Heim > Stadnamn > Tidlegare registreringar av stadnamn i Jostedalen

Tidlegare registreringar av stadnamn i Jostedalen

Det er samla inn stadnamn i Jostedalen i fleire omgangar.

Skuleborninnsamlinga i 1930-åra
I 1932 vart det sett i gang ei stor nasjonal innsamling der skuleborn skreiv ned stadnamn som var kjende i heimen, på eigne skjema. Namna vart ikkje kartfesta. Det vart samla inn namn i alle fem skulekrinsar, men listene for Myklemyr krins er seinare komne bort.

Les meir: Om skuleborninnsamlinga (Fylkesarkivet)

Frøysadal-samlinga (1959)
Namnegranskaren Øystein Frøysadal samla sommaren 1959 inn ei rekkje stadnamn i Jostedalen. Denne samlinga kom for ein dag på Universitetet i Bergen i 2002. Samlinga er på 3400 namn og dekkjer 20 av 26 matrikkelgardar. Ho vart digitalisert av Universitetet i Bergen i 2005 i samarbeid med Jostedal historielag, og samlinga har gått som ein del av materialet til det store stadnamnprosjektet i Luster.

Les meir: Stor stadnamnsamling frå 1959 har dukka opp (JSA, 2003)

Nedrelid-samlinga (kring 1980)
Jostedalens eigen namnegranskar, Gudlaug Nedrelid, samla inn fleire hundre stadnamn frå matrikkelgarden Nedrelid kring 1980.  Kartotekkorta er digitaliserte og tilgjengelege i stadnamnbasen til Universitetet i Oslo.

Les meir/gå til samlinga: Stadnamnbasen (UiO)

Stadnamnaksjonen i Sogn og Fjordane 1980-åra
Fylkesarkivet sette i gang ei stor innsamling av stadnamn i 1985/86, som òg vart gjennomført i Jostedalen. Frå denne innsamlinga ligg det føre eit omfattande og godt materiale med namnelister og kartfestingar av namna.

Les meir: Om stadnamnaksjonen 1985/86 (Fylkesarkivet)

Stadnamnprosjektet 2002-2015
Sjå eiga side.

 

| |

Skriv ein kommentar