Main menu:

Undersider for Stadnamn:

Du er her: StadnamnStadnamnprosjektet 2002-2015

Stadnamnprosjektet 2002-2015

Stadnamnprosjektet kom i gang hausten 2002 som eit samarbeid mellom dei tre sogelaga i Luster kommune, Hafslo sogelag, Jostedal historielag og Luster sogelag. Initiativet kom frå Per Arvid Hauge, Skjolden. Kristen Ormberg representerer Jostedal historielag i den felles stadnamngruppa. Føremålet med prosjektet har vore å fullføre registreringa av stadnamn frå 1980-åra som vart gjennomført i varierande grad i dei ulike delane av kommunen.

I det nye prosjektet er tidlegare registreringar gjennomgådde, kontrollerte og supplerte. Alle namn er kartfeste, og det er gjort opptak av uttaleformene. Alt materiale er overlevert til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane som har sytt for at fagpersonar har gått gjennom alle namnepostane og gjeve namna mest mogleg korrekte normerte skriveformer. Deretter er alle namna lagde inn i den felles stadnamnbasen for fylket. Namna vert då tilgjengelege på Internett, både gjennom søk i databasen og gjennom digitale kart.

Det lokale arbeidet er i all hovudsak drive på dugnad med litt betalt arbeidshjelp i avgrensa periodar. Luster kommune har teke alle kostnader med Fylkesarkivet sitt arbeid med namna og ytt tilskot til den lokale stadnamngruppa.

Juli 2015: Namna mellom Fossøyane og Leirmo manglar, men elles er det meste på plass.

Juli 2015: Namna mellom Fossøyane og Leirmo manglar, men elles er det meste på plass.

Status sommaren 2015: Alle stadnamn frå Jostedalen er oversende til Fylkesarkivet. Dei fleste namna er tilgjengelege på Internett, og resten skal kome i løpet av året.

Til samlinga: Namnebasen til Fylkesarkivet

Det har kome jamlege meldingar om arbeidet gjennom åra. Her er eit utval:

| |

Skriv ein kommentar