{"id":1784,"date":"2011-06-02T10:53:27","date_gmt":"2011-06-02T08:53:27","guid":{"rendered":"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=1784"},"modified":"2025-04-19T19:22:01","modified_gmt":"2025-04-19T17:22:01","slug":"skulefundasen-1741","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=1784","title":{"rendered":"Skulefundasen 1741"},"content":{"rendered":"<div class=\"wp-block-image\">\n<figure class=\"alignleft is-resized\"><a href=\"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/wordpress\/wp-content\/upLoads\/1741-skulefundas.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"300\" height=\"376\" src=\"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/wordpress\/wp-content\/upLoads\/1741-skulefundas-300x376.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-4039\" style=\"width:163px;height:auto\" srcset=\"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/wordpress\/wp-content\/upLoads\/1741-skulefundas-300x376.jpg 300w, https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/wordpress\/wp-content\/upLoads\/1741-skulefundas-150x188.jpg 150w, https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/wordpress\/wp-content\/upLoads\/1741-skulefundas.jpg 571w\" sizes=\"auto, (max-width: 300px) 100vw, 300px\" \/><\/a><\/figure><\/div>\n\n\n<p>Allmugeskulen i Jostedalen vart grunnlagd p\u00e5 eit m\u00f8te 17. oktober 1741. Her ligg den originale skulefundasen som vart sett opp p\u00e5 m\u00f8tet.<\/p>\n\n\n\n<p><a href=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/wordpress\/wp-content\/upLoads\/1741_skulefundas-jostedalen.pdf\">Skulefundas for Jostedalen 17.10.1741<\/a>&nbsp;(1,7 Mb, gotisk handskrift)<\/p>\n\n\n\n<p><strong>Kjelde<\/strong><br>Statsarkivet i Bergen. Bj\u00f8rgvin biskop. Rekneskapssaker nr. 13, Skulefundasar.<\/p>\n\n\n\n<p><strong>Merknad<\/strong><br>Kong Kristian 6. hadde med <a href=\"http:\/\/www.fagsider.org\/kirkehistorie\/lover\/1739_skole.htm\">forordninga om skulane p\u00e5 landet i Noreg 23. januar 1739<\/a> avgjort at det skulle opprettast ein allmugeskule i Noreg. Ei ny kongeleg <a href=\"http:\/\/www.fagsider.org\/kirkehistorie\/lover\/1741_placat.htm\">&laquo;placat&raquo; 5. mai 1741 <\/a>gjorde om forordninga til ei rettleiande f\u00f8resegn for Noreg, og dette var den direkte \u00e5rsaka til organiseringa av allmugeskulen i Bergens stift.<\/p>\n\n\n\n<p>Stiftsamtmann over Bergens Stift, <a href=\"http:\/\/lokalhistoriewiki.no\/index.php\/Jonas_Lym\">Jonas Lym<\/a>, gav 5. juli 1741 ordre til futen over Ytre og Indre Sogn, <a href=\"http:\/\/lokalhistoriewiki.no\/index.php\/Ananias_Christopher_Harberg\">Ananias Harberg<\/a>, og prosten for Sogn, Anders Daae, om \u00e5 f\u00e5 p\u00e5 plass eit skulestell i prostiet. Utover hausten heldt s\u00e5 Harberg og Daae skulem\u00f8te med kvart prestegjeld der skulefundasar vart oppsette i lag med presten og nokre menn fr\u00e5 allmugen.<\/p>\n\n\n\n<p>Dette skjedde p\u00e5 eit felles skulem\u00f8te for prestegjelda Luster, Hafslo og Jostedalen i <a href=\"http:\/\/lokalhistoriewiki.no\/index.php\/Solvorn\">Solvorn <\/a>17. oktober 1741. Sokneprestane i Luster og Hafslo hadde gjort heimeleksa og m\u00f8tte med framlegg til skulefundasar. Josted\u00f8lene m\u00e5tte derimot melde at dei ikkje hadde noko &laquo;Skriftlig project til indleverelse&raquo;, s\u00e5 fundasen for Jostedalen vart sett opp p\u00e5 grunnlag av dei for Luster og Hafslo.<\/p>\n\n\n\n<p>Jostedalen hadde vore utan fast prest sidan v\u00e5ren 1738. <a href=\"http:\/\/lokalhistoriewiki.no\/index.php\/Matthias_Foss\">Matthias Foss <\/a>var utnemnd til embetet 5. mai 1741, same dagen som kongen signerte skuleplakaten for Noreg, men kom ikkje til Jostedalen f\u00f8r i april 1742. Det var s\u00e5leis kapellanen p\u00e5 Leikanger, <a href=\"http:\/\/lokalhistoriewiki.no\/index.php\/Gjert_Geelmuyden\">Gert Geelmuyden<\/a>, som vikarierte i Jostedalen p\u00e5 denne tida. Han m\u00f8tte p\u00e5 skulem\u00f8tet i lag med <a href=\"http:\/\/lokalhistoriewiki.no\/index.php\/T%C3%B8ger_Ottoson_Sn%C3%B8tun\">lensmannen T\u00f8ger Sn\u00f8tun <\/a>og b\u00f8ndene <a href=\"http:\/\/lokalhistoriewiki.no\/index.php\/Rasmus_Jensson_Kruna\">Rasmus Kruna<\/a>, <a href=\"http:\/\/www.lokalhistoriewiki.no\/index.php\/Anders_Erikson_Ormberg\">Anders Ormberg <\/a>og <a href=\"http:\/\/www.lokalhistoriewiki.no\/index.php\/Christopher_Christopherson_Leirdal\">Christopher Bakken<\/a>.<\/p>\n\n\n\n<p>Fundasen fastslo at det ikkje var grunnlag for fastskule i Jostedalen. <a href=\"http:\/\/lokalhistoriewiki.no\/index.php\/Ole_Knutson_Grov\">Klokkaren Ole Knutson Grov <\/a>skulle vera skulehaldar, men han var &laquo;gammel og svag&raquo; og skulle difor ha hjelp av husmannen Klaus Olson fram til sonen <a href=\"http:\/\/lokalhistoriewiki.no\/index.php\/Otto_Olson_Grov\">Otto Grov <\/a>var gamal nok til \u00e5 ta over. Det kom rett nok aldri til \u00e5 skje. Vidare vart det fastsett l\u00f8n for l\u00e6raren, kva skuleb\u00f8ker som skulle nyttast, lengda p\u00e5 skule\u00e5ret, kor mykje skatt b\u00f8ndene skulle betale til skulekassa og ikkje minst ei rekkje sanksjonar overfor dei som ikkje betalte eller sende ungane sine til skulen. Fram til ein sokneprest var p\u00e5 plass, skulle Anders Erikson Ormberg styre med skulekassa. Men sidan han &laquo;ey selv forstaaer &#8230; at Skrive&raquo;, skulle rekneskapen setjast opp av klokkar Ole Grov.<\/p>\n\n\n\n<p>Skulereforma var ein del av statspietismen der f\u00f8rem\u00e5let prim\u00e6rt ikkje var \u00e5 l\u00e6ra borna \u00e5 lese og skrive, men \u00e5 gjere unders\u00e5ttane til gode kristelege. Fundasen hadde s\u00e5leis \u00f2g eit punkt om at presten skulle utnemne menn til \u00e5 halde auga med at sundagar og heilagdagar vart haldne heilage &#8211; at folk ikkje arbeidde, reiste, dansa, drakk, heldt &laquo;Vaage-Stuer&raquo; eller spela kort.<\/p>\n\n\n\n<p>Skulem\u00f8tet i Solvorn og fundasen er grundig omtala og sitert av K\u00e5re \u00d8vregard.<\/p>\n\n\n\n<p><strong>Litteratur<\/strong><br>\u00d8vregard, K\u00e5re. (1996). <em>Skulen i Luster gjennom 250 \u00e5r. Kulturhistoriske glimt fr\u00e5 skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. <\/em>Gaupne: Luster kommune. [<a href=\"https:\/\/urn.nb.no\/URN:NBN:no-nb_digibok_2016031048011\">Digital utg\u00e5ve, Nasjonalbiblioteket<\/a>]<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Allmugeskulen i Jostedalen vart grunnlagd p\u00e5 eit m\u00f8te 17. oktober 1741. Her ligg den originale skulefundasen som vart sett opp p\u00e5 m\u00f8tet. Skulefundas for Jostedalen 17.10.1741&nbsp;(1,7 Mb, gotisk handskrift) KjeldeStatsarkivet i Bergen. Bj\u00f8rgvin biskop. Rekneskapssaker nr. 13, Skulefundasar. MerknadKong Kristian 6. hadde med forordninga om skulane p\u00e5 landet i Noreg 23. januar 1739 avgjort at [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"parent":184,"menu_order":1,"comment_status":"open","ping_status":"open","template":"","meta":{"ngg_post_thumbnail":0,"footnotes":""},"class_list":["post-1784","page","type-page","status-publish","hentry"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/1784","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=1784"}],"version-history":[{"count":7,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/1784\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":4041,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/1784\/revisions\/4041"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/184"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=1784"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}