{"id":20,"date":"2007-05-12T21:55:57","date_gmt":"2007-05-12T19:55:57","guid":{"rendered":"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=20"},"modified":"2025-04-13T09:57:18","modified_gmt":"2025-04-13T07:57:18","slug":"om-foss-og-jostedalsskildringa","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=20","title":{"rendered":"Om Foss og jostedalsskildringa (2007)"},"content":{"rendered":"<p>Av Oddmund L. Hoel<\/p>\n<p>Jostedalen er ei av dei heldige bygdene som har ei fyldig skildring fr\u00e5 midten av 1700-talet. Presten Matthias Foss sette seg i 1750 ned og skreiv \u201dJustedalens kortelige Beskrivelse\u201d (prenta 1802), som b\u00e5de er ei morosam og historisk sv\u00e6rt viktig kjelde til bygdelivet p\u00e5 1700-talet. Ikkje minst gjev stykket ei god fyrstehands skildring av den dramatiske breveksten som n\u00e5dde maksimum i 1748 og \u00f8ydela b\u00e5de innmark og gardshus. Stykket til Foss er mykje sitert og er prenta fleire gonger tidlegare. Me gjer det her tilgjengeleg for alle.<\/p>\n<p><strong>Den topografiske litteraturen<\/strong><br \/>\n\u201dJustedalens kortelige Beskrivelse\u201d h\u00f8yrer til sjangeren som vanlegvis vert kalla den topografiske eller topografisk-historiske litteraturen. F\u00f8rem\u00e5let med desse sm\u00e5 og store vitskaplege skriftene var \u00e5 gje ei grundig og sannferdig skildring av eit mindre samfunn. Den vanlegaste eininga var prestegjeldet. Utgreiinga tok gjerne f\u00f8re seg b\u00e5de naturen, n\u00e6ringsvegar, administrative tilh\u00f8ve, og ei etnologisk prega skildring av folket, lokale skikkar, spr\u00e5k og historiske minnesmerke. Slike framstillingar finst b\u00e5de fr\u00e5 15- og 1600-talet, men det store gjennombrotet kom i 1760-\u00e5ra, og dei fylgjande ti\u00e5ra n\u00e6rast eksploderte sjangeren i omfang. Den typiske forfattaren var ein lokalkjend embetsmann, gjerne prest.<\/p>\n<p>Den store nordiske krigen tok slutt kring 1720, og i ti\u00e5ra som fylgde, vart det f\u00f8rt ein aktiv politikk for \u00e5 utvikla n\u00e6ringslivet i Danmark-Noreg. I 1743 utarbeidde Kanselliet i K\u00f8benhavn ei liste med 43 sp\u00f8rsm\u00e5l som eit fyrste fors\u00f8k p\u00e5 ei offentleg kartlegging av n\u00e6ringsliv, ressursar, folkeliv og kultur i Noreg. Sp\u00f8rjelistene vart sende til stiftsamtmenn og amtmenn, og i samarbeid med biskopane sende dei sp\u00f8rsm\u00e5la vidare til prestar og futar. Planen var at svara skulle gje tilfang til \u201den fuldst\u00e6ndig Landbeskrivelse over Kongens Riger og Lande\u201d. Tilfanget som kom inn, var ujamt og ufullstendig, og det skulle g\u00e5 20 \u00e5r f\u00f8r fyrste bandet av <em>Det Kongerige Norge<\/em> kom ut (K\u00f8benhavn 1763), f\u00f8rt i pennen av ein av hovudmennene bak aksjonen, Erik Johan Jessen-Schardeb\u00f8ll. Fleire band kom aldri ut.<\/p>\n<p>I Bergens stift vart det ei av dei fyrste oppg\u00e5vene til den nye stiftamtmannen Christian \u00e1 M\u00f8inichen hausten 1743 \u00e5 senda sp\u00f8rsm\u00e5la fr\u00e5 K\u00f8benhavn vidare til prestar og futar, og utover hausten og vinteren kom svara inn, i alt 37 i talet. I Sogn og Fjordane var det berre fire prestegjeld som vanta, og eitt av dei var diverre Jostedalen. Prestane b\u00e5de i Hafslo, Luster og Sogndal sende inn svar. Rett nok er eitt av dei 37 svara seinare kome bort utan at ein veit kvar det kom fr\u00e5, men det er ingen s\u00e6rskilte grunnar til \u00e5 tru at det skal vera fr\u00e5 Jostedalen. Svara fr\u00e5 Bergens stift vart sende vidare til K\u00f8benhavn i oktober 1744 der dei no ligg i Det kongelige Bibliotek<\/p>\n<p>Historikaren Steinar Supphellen skriv at \u201daksjonen i 1743 er viktig b\u00e5de fordi den markerar aukande interesse fr\u00e5 sentralt hald for n\u00f8ye kunnskap om landet p\u00e5 bakgrunn av \u00f8konomiske teoriar i tida, og fordi den var med p\u00e5 \u00e5 vekkja interesse, s\u00e6rleg mellom embetsmenn utover landet, for \u00e5 samla opplysningar om sine embetsdistrikt.\u201d<\/p>\n<p>Supphellen meiner 1750 markerer eit skilje for denne interessa, for det \u00e5ret vart det skrive to skildringar: \u201dBeskrivelse over den \u00e6ldste Ki\u00f8bst\u00e6d i Norge, Tonsberg\u201d av presten Jens M\u00fcller, og nettopp \u201dJustedalens kortelige Beskrivelse\u201d av Matthias Foss. Produksjonen av topografiske avhandlingar var sterkast i 1770-, 80- og fyrst i 1790-\u00e5ra. Det var elles heilt vanleg at manuskripta vart liggjande ei stund f\u00f8r dei vart prenta, slik tilfellet var for Jostedals-skildringa som vart prenta i 1802. Nokre st\u00f8rre arbeid vart prenta som eigne b\u00f8ker, som <em>Det f\u00f8rste Fors\u00f8g paa Norges Naturlige Historie<\/em> (1752\u201353) av Erik Pontoppidan og ikkje minst <em>Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet S\u00f8ndm\u00f8r<\/em> (1762\u201366) av Hans Str\u00f8m, som er rekna som sj\u00f8lve hovudverket i den dansk-norske topografiske litteraturen og det store f\u00f8red\u00f8met i samtida. Men dei fleste arbeida m\u00e5tte venta til det kom eigna tidsskrift, som <em>Topographisk Journal for Norge<\/em> (1792\u20131808), <em>Topographisk-Statistiske Samlinger<\/em> (1811\u201317) og <em>Magazin for Danmarks og Norges Topographiske, oeconomiske og statistiske Beskrivelse<\/em> (1779\u20131803), som stykket om Jostedalen vart prenta i.<\/p>\n<p><strong>Matthias Foss<br \/>\n<\/strong>Skipparsonen Matthias J\u00f8rgensen Foss var f\u00f8dd i K\u00f8benhavn 8.3.1714 og d\u00f8ydde som sokneprest i Jostedalen 31.1.1792 etter femti \u00e5r i kallet. Han vart ferdig utdanna prest (cand.theol.) i 1741 og vart tilsett som sokneprest i Jostedalen 15. mai same \u00e5ret. Han overtok prestekallet i april 1842 d\u00e5 kan kom til Jostedalen med kona si, Marie Dreyer (1711\u20131777), som han skal ha gift seg med kring 1740. Dei skal ha hatt i alt ti born, men mange d\u00f8ydde i ung alder, og bygdebokskrivar Lars E. \u00d8yane har berre funne att seks av dei, som vart f\u00f8dde fr\u00e5 juni 1742 til 1749. Kyrkjeb\u00f8kene mellom 1751 og 1770 er diverre tapte. D\u00e5 Foss d\u00f8ydde i 1892, levde berre \u00e9in arving &#8211; barnebarnet Andreas J\u00f8rgenson (f. 1776), p\u00e5 den tida hattemakarsvein i Bergen. Det er ikkje kjent kvar han vart av eller om han hadde etterkomarar (<a href=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=212\">meir om slekta<\/a>).<\/p>\n<p>Foss fekk eit langt og tragisk liv i Jostedalen. Han kom raskt p\u00e5 kant b\u00e5de med allmugen og kona si, og det enda med <a href=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=2179\">tre omfattande prosessar i prosteretten 1745-61<\/a>.\u00a0Det gjorde ikkje situasjonen betre at inntektene til presteembetet var s\u00e6rs l\u00e5ge, s\u00e5 prestefamilien levde i &laquo;extrem Armod&raquo; (<a href=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=200\">Pontoppidan<\/a>).<\/p>\n<p>Mest lagnadstungt for Foss var likevel det ulukkelege ekteskapet.\u00a0Fredrik Arentz, biskop 1762-74,\u00a0skreiv at kona hadde \u201dopf\u00f8rt sig mere som en Dj\u00e6velinde end som en Mandinde med Hug, Slag, Stenkastelse og andet us\u00f8mmeligt.\u201d (<a href=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=24\">NBL<\/a>). Marie Foss flytte kanskje alt i 1750-\u00e5ra fr\u00e5 mannen sin til Bergen. Situasjonen for Foss var vel ikkje betre av at den eldste dottera hans, Hedvig, fekk ein unge utanfor ekteskap med ein gullsmed p\u00e5 Hafslo i 1771. Ungen d\u00f8ydde same \u00e5ret, og Hedvig skal \u00e5ret etter ha flytt til Bergen. <a href=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=200\">Pontoppidan <\/a>oppsummerte etter visitasen\u00a0i 1749 at Foss hadde &laquo;en arrig og avindsyg Hustrue&raquo;, men hadde ikkje anna tr\u00f8yst enn \u00e5 formana Foss til \u00e5 bera denne &laquo;Underlighed &#8230; taalmodelig, saa Menigheden ikke tog alt for stor Forargelse.&raquo;\u00a0Seinare greip dei overordna likevel inn og fekk i stand noko s\u00e5 uvanleg p\u00e5 den tida som ein separasjon.<\/p>\n<p>P\u00e5 bakgrunn av alt dette, var det ikkje rart at Foss ynskte seg bort, men det slo Pontoppidan fast i 1749 at ikkje var aktuelt, og seinare biskopar ser heller ikkje ut til \u00e5 ha tort anna enn \u00e5 la han bli verande i Jostedalen. Her ligg nok \u00f2g ein viktig grunn til at Foss skreiv &laquo;Justedalens kortelige Beskrivelse&raquo;.<\/p>\n<p>Framsida p\u00e5 manuskriptet fortel at Foss skreiv skildringa til biskop Pontoppidan. Det er vel rimeleg \u00e5 tru at Pontoppidan hadde oppmoda Foss om \u00e5 skriva skildringa under visitasen i 1749. Pontoppidan var p\u00e5 denne tida i gang med storverket <em>Norges naturlige historie <\/em>(1752-53). Han sat p\u00e5 svara fr\u00e5 1743-granskinga, men mangla alts\u00e5 svaret fr\u00e5 Jostedalen. At Foss ikkje svara p\u00e5 sp\u00f8rjelista i 1743, er kanskje ikkje s\u00e5 rart &#8211; han hadde berre vore i bygda eit drygt \u00e5r.<\/p>\n<p>Pontoppidan var ei sentral drivkraft bak den historisk-topografiske litteraturen i Noreg. I K\u00f8benhavn hadde han i 1743 formulert to av sp\u00f8rsm\u00e5la som gjekk ut til prestane, og sommaren 1748 kom han til Bergen som biskop, noko som i r\u00f8ynda var ei forvising etter at han hadde kome i ein kvass personleg strid og gjort seg grundig upopul\u00e6r i dei leiande krinsane i K\u00f8benhavn. Rivalisering med mellom anna Jessen som arbeidde (seint) med tilfanget fr\u00e5 1743-innsamlinga, vert av Hamre framheva som eit viktig motiv for at han arbeidde s\u00e5 raskt med \u00e5 f\u00e5 ferdig historieverket sitt, som kom i to band i 1752\u201353. D\u00e5 hadde han alt i 1749 publisert den vidgjetne ordsamlinga <em>Glossarium Norvagicum<\/em>. Eitt av motiva til Pontoppidan med \u00e5 gje ut desse to b\u00f8kene s\u00e5 raskt, var \u00e5 gjera vidare karriere og koma seg bort fr\u00e5 Bergen. Det f\u00f8rde fram, for alt i 1754 fekk han l\u00f8yve til reisa til K\u00f8benhavn medan ein vikar tok over bispeembetet, og i 1755 vart han prokanslar ved universitetet i K\u00f8benhavn og kom seg bort fr\u00e5 Bergen for godt (Hamre 1972).<\/p>\n<p>Kanskje vart Pontoppidan ekstra interessert i Jostedalen etter \u00e5 ha h\u00f8yrt om dei store \u00f8ydeleggingane til breen dei siste \u00e5ra. Dette nemner han \u00f2g i <em>Norges naturlige Historie<\/em>, men elles er det <a href=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=121\">f\u00e5 spor etter skildringa til Foss der<\/a>, og Foss vert ikkje sitert direkte, i motsetnad til ein del andre prestar som har sendt Pontoppidan brev og skildringar.<\/p>\n<p>Generelt var dei topografiske skildringane fine \u00e5 ha p\u00e5 CV-en for prestar og andre embetsmenn som ville klatra, og dette var \u00e9i av drivkreftene bak den store topografiske litteraturen. Fleire enn Pontoppidan fekk betre embete etter \u00e5 ha skrive slike utgreiingar. Foss hadde nok \u00f2g von om at jostedalsskildringa skulle hejlpa han til eit betre kall, men slik gjekk det ikkje \u2013 han vart verande i Jostedalen til han d\u00f8ydde.<\/p>\n<p><strong>Utgjevingane av \u201dJustedalens kortelige Beskrivelse\u201d<\/strong><br \/>\nFoss sende alts\u00e5 manuskriptet sitt til Pontoppidan i 1750, som truleg tok det med seg til K\u00f8benhavn d\u00e5 han forlet Bergen i 1754. Den danske statsmannen og bok- og manuskriptsamlaren Otto Thott (1703-1785) overtok seinare manuskriptet til Foss saman ei rad andre manuskript i Pontoppidan si samling. Thott testamenterte samlinga si til Det Kongelige Bibliotek i K\u00f8benhavn, og i 1795 vart det gjeve ut ein katalog over manuskripta (<em><a href=\"http:\/\/www2.kb.dk\/elib\/mss\/thott\/\/katindex.htm\">Index Codicum Manuscriptorum<\/a><\/em>). Manuskriptet ligg framleis i Det Kongelige Bibliotek og har katalogsignaturen &laquo;Thott 934 folio&raquo;. Jostedal historielag <a href=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=192\">skaffa seg\u00a0i 2005 ein kopi <\/a>av manuskriptet.<\/p>\n<p>Skildringa til Foss vart prenta ti \u00e5r etter at Foss d\u00f8ydde, i <em>Magazin for Danmarks og Norges topographiske, oekonomiske og statistiske Beskrivelse<\/em>, band II, 1802 (side 3\u201344). Magasinet vart utgjeve i K\u00f8benhavn av Frederik Thaarup i \u00e5ra 1779\u20131803.<\/p>\n<p>Det var Jens Christian Berg (1775\u20131852) som klargjorde stykket til prenting og skreiv merknadene og det vesle f\u00f8reordet. Av yrke var Berg sorenskrivar i Jarlsberg og seinare justitiarius i Stiftsoverretten i Christiania, men det er som historikar han er kjend. Han var heilt sentral i \u00e5 byggja opp ei eiga norsk historieforsking i Noreg etter 1814, og s\u00e6rleg gjorde han ein stor innsats for \u00e5 samla kjeldeutdrag og \u2013avskrifter. I sine yngre \u00e5r, kring 1800, fekk han gjerne prenta arbeida og avskriftene sine i Thaarups Magazin (Dahl 1990). I 1802 studerte han jus i K\u00f8benhavn medan han livn\u00e6rte seg som volunt\u00f8r i Rentekammeret. I f\u00f8reordet skriv han at \u201dadskillige af Forfatterens Tautologie eller unyttige Ordrighed er blevet bortskaaret\u201d, men \u00f2g at han \u201ddog snarere har tilladt mig for liden end for megen Frihed\u201d.<\/p>\n<p>Jostedalsskildringa til Foss er seinare prenta b\u00e5de i 1948 og 1995. I 2002 publiserte Jostedal historielag ei ny avskrift av 1802-utg\u00e5va p\u00e5 nettstaden sin, og i 2009 har laget publisert ei ny og ytterlegare kvalitetssikra digital utg\u00e5ve p\u00e5 nettet. <a href=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/wordpress\/http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/public_html\/foss_beskrivelse_2009.pdf\">Sj\u00e5 f\u00f8reordet <\/a>for n\u00e6rare opplysningar om denne utg\u00e5va og utg\u00e5vene i 1948 og 1995.<\/p>\n<p><strong>Merknad<\/strong><br \/>\nEtter at dette vart skrive i 2007 er det publisert mange kjelder og nettartiklar med fleire opplysningar p\u00e5 denne nettstaden om Foss.<\/p>\n<p><strong>Litteratur<\/strong><br \/>\nArne Apelseth: <em>Hans Str\u00f8m. Ein kommentert bibliografi.<\/em> 1995<br \/>\nOttar Dahl: <em>Norsk historieforskning i det 19. og 20. \u00e5rhundre<\/em>, Oslo 1990, side 27\u201334 (om J.C. Berg)<br \/>\nReidar Djupedal: Den store innsamlinga av topografisk, historisk og spr\u00e5kleg tilfang ved embetsmennene 1743 og \u201dDet Kongerige Norge\u201d, i: <em>Heimen<\/em> bd. X, h. 7, 8 og 10, Oslo 1955\u201357, side 289\u2013485<br \/>\nSt\u00e5le Dyrvik: <em>Norsk historie 1625 \u20131814. Vegar til sj\u00f8lvstende<\/em>, Oslo 1999, side 193\u2013196 (om den topografiske litteraturen)<br \/>\nFL: <em>Forfatterlexikon omfattende Danmark, Norge og Island indtil 1814<\/em>, av H. Ehrencron-M\u00fcller, band III, K\u00f8benhavn 1926 (<a href=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=23\">om M. Foss<\/a>)<br \/>\nH\u00e5kon Hamre: <em>Vestnorske ordsamlingar fr\u00e5 1700-talet<\/em>, Bergen 1961 (om 1743-innsamlinga i Bergens stift)<br \/>\nH\u00e5kon Hamre: <em>Erik Pontoppidan og hans Glossarium Norvagicum<\/em>, Bergen 1972<br \/>\nJohan Fredrik Lampe: <em>Bergens Stifts biskoper og pr\u00e6ster efter reformationen. Biografiske efterretninger<\/em>, Kristiania 1895, band II, side 3\u20134 (<a href=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=22\">om Foss<\/a>)<br \/>\n<em>Luster. Lokalhistorisk \u00e5rbok<\/em>, nummer 2, 1995, side 77\u201387 (heile skildringa prenta med ei kort omtale)<br \/>\n<em>Norsk biografisk leksikon<\/em>, band I, 1999 (omtale av J.C. Berg)<br \/>\nSteinar Supphellen: Den historisk-topografiske litteraturen i Noreg i siste halvpart av 1700-talet, regionalisme eller nasjonalisme?, i: <em>Heimen<\/em> 1979, side 198\u2013211<br \/>\nLars E. \u00d8yane: <em>Bygdebok for Luster kommune \u2013 gards- og \u00e6ttesoge. Band V: Jostedal sokn<\/em>, 1994, side 331 (omtale av M. Foss og familien hans)<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Av Oddmund L. Hoel Jostedalen er ei av dei heldige bygdene som har ei fyldig skildring fr\u00e5 midten av 1700-talet. Presten Matthias Foss sette seg i 1750 ned og skreiv \u201dJustedalens kortelige Beskrivelse\u201d (prenta 1802), som b\u00e5de er ei morosam og historisk sv\u00e6rt viktig kjelde til bygdelivet p\u00e5 1700-talet. Ikkje minst gjev stykket ei god [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"parent":2606,"menu_order":9,"comment_status":"open","ping_status":"closed","template":"","meta":{"ngg_post_thumbnail":0,"footnotes":""},"class_list":["post-20","page","type-page","status-publish","hentry"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/20","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=20"}],"version-history":[{"count":5,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/20\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":3743,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/20\/revisions\/3743"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/2606"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=20"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}