{"id":2050,"date":"2011-11-25T11:15:24","date_gmt":"2011-11-25T09:15:24","guid":{"rendered":"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=2050"},"modified":"2025-04-15T23:12:30","modified_gmt":"2025-04-15T21:12:30","slug":"futerekneskapane","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=2050","title":{"rendered":"Futerekneskapane 1597-1810 &#8211; oversyn"},"content":{"rendered":"<p>Skattelistene i futerekneskapane er hovudkjeldene til busetnadssoga fr\u00e5 kring 1600 og eit par hundre \u00e5r framover. Futerekneskapane finst fram til 1810, og dei er ved utgangen av 2018 digitaliserte (skanna) fram til 1718. Skattelistene og jordeb\u00f8kene fr\u00e5 Jostedalen finn ein under Sogn eller Indre Sogn futed\u00f8me.<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.digitalarkivet.no\/nn\/search\/sources?s=&amp;from=&amp;to=&amp;archive_key=&amp;sc%5B%5D=rs&amp;sc%5B%5D=ma&amp;m%5B%5D=1427\">Skattelister,\u00a0jordeb\u00f8ker og matriklar for Jostedalen &#8211; skanna<\/a> (Digitalarkivet)<\/p>\n<p>Skattelistene er manntal over \u00e5rlege innbetalingar av ymse skattar som b\u00f8nder, borgarar og embetsmenn vart p\u00e5lagde \u00e5 betale. Dei gjer det mogleg \u00e5 rekonstruere b\u00e5de kva gardar som var i drift p\u00e5 ulike tidspunkt og brukarrekkjene p\u00e5 dei ulike gardane.\u00a0I ei vanleg skatteliste fr\u00e5 1600-talet over leiglendingane i Jostedalen finn ein postar med gardsnamnet, namnet p\u00e5 brukaren, kor mykje vedkomande hadde betalt i skatt og eventuelle opplysningar om at dei ikkje var i stand til \u00e5 betale.<\/p>\n<p>Etter 1596 finst det skattelister for Jostedalen fr\u00e5 1600\/01, 1603\/04 og s\u00e5 godt som \u00e5rleg fr\u00e5 og med 1611. For mange \u00e5r finst det fleire lister, og gjerne b\u00e5de skattelister og jordeb\u00f8ker. Somme avskrifter finst ogs\u00e5, sj\u00e5 menyen til h\u00f8gre. Inntil vidare m\u00e5 ein n\u00f8ye seg med originalane\u00a0 i gotisk handskrift.<\/p>\n<p>Futerekneskapane kan delast i tre kategoriar.<\/p>\n<p><strong>Lensrekneskapane f\u00f8r 1660<\/strong><br \/>\nFuten sine rekneskapar (med skattelister) f\u00f8r 1660 er ein del av lensrekneskapane.\u00a0Dette var rekneskapar lensmennene (lensherrane) sende fr\u00e5 seg til Rentekammeret i K\u00f8benhavn, og lensrekneskapane bygde mellom anna p\u00e5 rekneskapar fr\u00e5 futane. I lensrekneskapane for Bergenhus finst s\u00e5leis futerekneskapane for Sogn, m.a. for Jostedalen. Dei ligg i Riksarkivet, og alle lensrekneskapar vart i 2011 skanna og publiserte i Digitalarkivet.<\/p>\n<p>Dale prestegjeld (Luster) med Gaupne <a href=\"http:\/\/lokalhistoriewiki.no\/index.php\/Dale_len\">var eige len 1565-1614<\/a> og ikkje underlagd Bergenhus len slik Sogn futed\u00f8me var. Jostedalen har neppe nokon gong vore ein del av Dale len. Jostedalen er med i futerekneskapane for Sogn fr\u00e5 1600 og vert ikkje lista opp under godset som h\u00f8yrde til Dale len i lensrekneskapen fr\u00e5 1615, den fyrste etter at lenet igjen vart underlagd Bergenhus. Jostedalen ser ut til \u00e5 ha vore ein del av Marifj\u00f8ra skipreide fram til Jostedalen stadig oftare vert omtala som eit eige skipreide utover p\u00e5 1600-talet.<\/p>\n<p><strong>Amtsrekneskapane 1661-1690<\/strong><br \/>\nEtter innf\u00f8ringa av eineveldet i 1660 vart lena erstatta med amt, og det var s\u00e5leis stiftsamtstova som tok over rekneskapsf\u00f8ringa som lensherren tidlegare hadde hatt. Fr\u00e5 no avl\u00f8yser s\u00e5leis amtsrekneskapane (stiftsamtstoverekneskapane) dei tidlegare lensrekneskapane.<\/p>\n<p>Elles er mykje likt, og det er sm\u00e5 skilnader p\u00e5 eit futerekneskap f\u00f8r og etter 1660. Futen for Indre Sogn \u00a0sende inn rekneskapane sine til Bergenhus stiftsamt, som sende dei vidare til Rentekammeret i K\u00f8benhavn. Hausten 2011 vart heile dette materialet skanna og publisert i Digitalarkivet til liks med lensrekneskapane.<\/p>\n<p><strong>Futerekneskapane 1691-1810<\/strong><br \/>\nFr\u00e5 1690 sende futane rekneskapane sine direkte til Rentekammeret i K\u00f8benhavn utan at dei gjekk vegen om stiftsamtstova. \u00a0Rekneskapane og skattelistene liknar elles mykje p\u00e5 dei ein finn i lens- og amtsrekneskapane, men dei utgjer ein eigen arkivserie.<\/p>\n<p>Rekneskapane for Sogn futed\u00f8me med skattelistene for Jostedalen finst for tidsrommet 1691-1810. Ved utgangen av 2018 var futerekneskapane fram til 1718 skanna og publiserte i Digitalarkivet. (Situasjonen var den same v\u00e5ren 2025.)<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Skattelistene i futerekneskapane er hovudkjeldene til busetnadssoga fr\u00e5 kring 1600 og eit par hundre \u00e5r framover. Futerekneskapane finst fram til 1810, og dei er ved utgangen av 2018 digitaliserte (skanna) fram til 1718. Skattelistene og jordeb\u00f8kene fr\u00e5 Jostedalen finn ein under Sogn eller Indre Sogn futed\u00f8me. Skattelister,\u00a0jordeb\u00f8ker og matriklar for Jostedalen &#8211; skanna (Digitalarkivet) Skattelistene [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"parent":459,"menu_order":1,"comment_status":"open","ping_status":"open","template":"","meta":{"ngg_post_thumbnail":0,"footnotes":""},"class_list":["post-2050","page","type-page","status-publish","hentry"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/2050","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=2050"}],"version-history":[{"count":10,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/2050\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":3879,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/2050\/revisions\/3879"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/459"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=2050"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}