{"id":2703,"date":"2013-07-18T22:01:52","date_gmt":"2013-07-18T20:01:52","guid":{"rendered":"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=2703"},"modified":"2013-07-18T22:03:16","modified_gmt":"2013-07-18T20:03:16","slug":"flaumen-i-1741","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=2703","title":{"rendered":"Flaumen i 1741"},"content":{"rendered":"<p>Den fyrste flaumen i Josted\u00f8la som er nokonlunde godt dokumentert, var sommaren 1741. Flaumen er kjend fordi flaumskaden p\u00e5 Ormberg vart dokumentert i ei synsforretning \u00e5ret etter.<\/p>\n<p><strong>Tidspunkt<\/strong><\/p>\n<p>Det finst ikkje n\u00f8yaktige opplysningar om tidspunktet, men flaumen m\u00e5 ha vore i juli eller mest sannsynleg byrjinga av august. Jostedalen var utan fast prest p\u00e5 den tida, og Leikanger-kapellanen <a href=\"http:\/\/www.lokalhistoriewiki.no\/index.php\/Gjert_Geelmuyden\">Gjert Geelmuyden<\/a> vikarierte. Han hadde vore i Jostedalen 2. juli 1741 utan \u00e5 ha notert seg noko spesielt i kyrkjeboka. Derimot fekk han problem neste gong han skulle til Jostedalen: \u00abDominicus XI post Trinitatis [=13. august] kom jeg til R\u00f8nne men kunde icke komme op i Dahlen thi Elven havde br\u00f8dt ud alle veje.\u00bb Flaumen var alts\u00e5 s\u00e5 tett innp\u00e5 13. august at b\u00f8ndene ikkje hadde n\u00e5dd \u00e5 setje i stand vegen og bruene mellom R\u00f8neid og Jostedal kyrkje att, iallfall ikkje i ein slik stand at Geelmuyden ville halde fram turen.<\/p>\n<p>Det var sommarting p\u00e5 Dals\u00f8yri 7.-9. august, og der m\u00f8tte b\u00e5de <a href=\"http:\/\/www.lokalhistoriewiki.no\/index.php\/T%C3%B8ger_Ottoson_Sn%C3%B8tun\">lensmann T\u00f8ger Sn\u00f8tun<\/a> og fleire (\u00abn\u00e6rv\u00e6rende Almue af J\u00f8stedalen\u00bb). Flaumen er ikkje nemnd i tingboka, noko det heller ikkje var grunn til, men ein kunne kanskje venta at fleire josted\u00f8ler heldt seg heime om det nettopp hadde vore ein stor skadeflaum \u00e5 rydde opp etter. Dette kan tyde p\u00e5 at flaumen var etter 6.-7. august d\u00e5 dei drog til tinget og f\u00f8r 13. august, men det kan \u00f2g ha vore tidlegare.<\/p>\n<p><strong>Flaumskadar<\/strong><\/p>\n<p>Flaumskaden p\u00e5 Ormberg f\u00f8rte til ei synsforretning (avtaksforretning) som vart halden \u00a020. august 1742. Det g\u00e5r fram av rettsdokumentet at \u00abElven paa een del gaardens Huuse hafed gaaet 3 <a href=\"http:\/\/lokalhistoriewiki.no\/index.php\/Omfar\">omfar <\/a>h\u00f8yt\u00bb. Tre omfar (stokkelag) er vurdert til \u00e5 vere om lag p\u00e5 niv\u00e5 med flaumen i 1979, men med stor feilmargin (Kristen Ormberg).<\/p>\n<p>F\u00f8rem\u00e5let med avtaksforretninga var \u00e5 dokumentere skadar p\u00e5 det produktive arealet p\u00e5 garden som eventuelt kunne gje avtak i (nedsetjing av) skatt og landskyld (jordleige). Oppm\u00e5linga viste at det langs elva s\u00f8r for tunet var att eit jorde p\u00e5 1344 x 210 alen (omrekna 111 dekar) medan elva hadde teke bort 1344 x 84 alen (44 dekar) av jordet. Nord for tunet hadde elva teke med seg 336 x 63 alen (8 dekar) av \u00abgaardens Enge-Mark\u00bb. Elva hadde \u00abovergaaet saavel aager som Eng\u00bb p\u00e5 garden slik at det ikkje vart nokon avling i 1741, og \u00abadskillige st\u00e6der\u00bb var \u00abJordens Enge-Mark\u00bb dekt med sand.<\/p>\n<p>Avtaksforretninga dokumenterte \u00f2g at halvparten av innmarka p\u00e5 garden Elvekrok var \u00f8ydelagd av elva. Her vart ikkje flaumen \u00e5ret f\u00f8r nemnd, derimot vert skaden sett i samanheng med at den ustyrlege elva fr\u00e5 breen jamt valda skade. Nigardsbreen l\u00e5g p\u00e5 dette tidspunktet berre nokre f\u00e5 hundre meter fr\u00e5 gardstunet. Under synfaringa var ikkje synsmennene i stand til \u00e5 kome over elva, &laquo;som gaar i mange greene&raquo;.<\/p>\n<p>Det er ikkje opplysningar om flaumskadar p\u00e5 andre gardar. S\u00e5 tidleg som i 1741 l\u00e5g det heller ikkje gardar p\u00e5 dei store elveslettene slik det gjorde i 1898. Dei aller fleste gardstun, \u00e5krar og jorde l\u00e5g s\u00e5leis flaumsikkert over dalbotnen.<\/p>\n<p>Det er likevel sannsynleg at Nedre Myklemyr vart p\u00e5f\u00f8rt stor skade under 1741-flaumen. Krangel om eit k\u00e5rbrev p\u00e5 Nedre Myklemyr som kom fram under ei rettssak i 1744, tyder p\u00e5 det. Ole Asbj\u00f8rnson Myklemyr hadde nekta \u00e5 underskrive k\u00e5rbrevet til foreldra fordi Nedre Myklemyr var &laquo;undergiven stor skade for Elvebrud, hvilchen at forrebygge hand hafde givet stor omkostning paa og derfor i den tid opholt til hand saae om gaarden kunde forrekomme undergang&raquo;. Det er sannsynleg at det er skaden fr\u00e5 1741-flaumen det her er snakk om. Ein kan d\u00e5 sp\u00f8rje seg kvifor det ikkje vart halde avtaksforretning ogs\u00e5 p\u00e5 Nedre Myklemyr i 1742, og svaret har truleg med eigedomstilh\u00f8va \u00e5 gjere. Det var jordeigar <a href=\"http:\/\/www.lokalhistoriewiki.no\/index.php\/Christopher_Munthe\">Christopher Munthe<\/a> som hadde bede om avtaksforretningane for dei gardane han \u00e5tte (Ormberg, \u00c5sen, Bergset, Elvekrok og det meste av Mj\u00f8lver). Nedre Myklemyr var derimot ein av f\u00e5 gardar i Jostedalen som Munthe ikkje \u00e5tte.<\/p>\n<p><strong>Kjelder<\/strong><\/p>\n<ul>\n<li><a href=\"http:\/\/arkivverket.no\/URN:rg_read\/30762\/123\/\">Tingbok 35 for Indre Sogn (1743-1748), hausttinget 5.-7.11.1744, side 121b<\/a>\u00a0(skanna original, Digitalarkivet)<\/li>\n<li><a href=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=1146\">Avtaksforretningane i Jostedalen 20.-23.8.1742<\/a> (fullstendig avskrift)<\/li>\n<li><a href=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=1401\">Kyrkjebok A1 (1733-1751), side 16b<\/a> (fullstendig avskrift)<\/li>\n<li><a href=\"http:\/\/www.lokalhistoriewiki.no\/index.php\/Ormberg_(Jostedalen)\">Ormberg (med meir om flaumen)<\/a> (lokalhistoriewiki)<\/li>\n<li>Opplysningar fr\u00e5 Kristen Ormberg<\/li>\n<\/ul>\n<p>&nbsp;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Den fyrste flaumen i Josted\u00f8la som er nokonlunde godt dokumentert, var sommaren 1741. Flaumen er kjend fordi flaumskaden p\u00e5 Ormberg vart dokumentert i ei synsforretning \u00e5ret etter. Tidspunkt Det finst ikkje n\u00f8yaktige opplysningar om tidspunktet, men flaumen m\u00e5 ha vore i juli eller mest sannsynleg byrjinga av august. Jostedalen var utan fast prest p\u00e5 den [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"parent":162,"menu_order":1,"comment_status":"open","ping_status":"open","template":"","meta":{"ngg_post_thumbnail":0,"footnotes":""},"class_list":["post-2703","page","type-page","status-publish","hentry"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/2703","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=2703"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/2703\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":2705,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/2703\/revisions\/2705"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/162"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=2703"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}