{"id":2762,"date":"2013-08-15T13:56:41","date_gmt":"2013-08-15T11:56:41","guid":{"rendered":"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=2762"},"modified":"2015-02-24T01:06:10","modified_gmt":"2015-02-23T23:06:10","slug":"bygging-av-flaumverk-etter-1898","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=2762","title":{"rendered":"Bygging av flaumverk etter 1898"},"content":{"rendered":"<p>Flaumane i jostedalsvassdraget var eit velkjent og mest \u00e5rleg fenomen og noko josted\u00f8lene m\u00e5tte leve med. Sist p\u00e5 1800-talet byrja likevel arbeidet med \u00e5 temje elva. Ein grunn var at den store folketalsauken gjorde det naudsynt \u00e5 ta i bruk elveslettene b\u00e5de til busetnad og jordbruksf\u00f8rem\u00e5l. Mekaniseringa av jordbruket (som hestesl\u00e5maskin) gjorde det \u00f2g meir attraktivt \u00e5 bruke flate omr\u00e5de. Gjennom 1800-talet byrja dessutan det offentlege \u00e5 st\u00f8tte bygging av flaumverk, og det gjorde dette til eit aktuelt sp\u00f8rsm\u00e5l ogs\u00e5 i Jostedalen.<\/p>\n<p><strong>Initiativet i 1895<\/strong><\/p>\n<p>I 1895 slo Stortinget fast ei ny ordning som sa staten dekte 3\/4 av kostnadene med flaumverk. Det statlege organet som stod f\u00f8re planlegginga, var Kanalvesenet (forlauparen til NVE). Den siste fjerdedelen av finansieringa (distriktsbidraget)\u00a0m\u00e5tte skaffast lokalt.<\/p>\n<p>Det fyrste initiativet til \u00e5 f\u00e5 bygt flaumverk i Josted\u00f8la var truleg ein s\u00f8knad til amtet (fylket) fr\u00e5 ein del oppsitjarar i Sperla og p\u00e5 Myklemyr 16. april 1895, og det hadde rimelegvis samanheng med den nye statlege st\u00f8tteordninga. S\u00f8knaden vart handsama p\u00e5 m\u00f8tet i kommunestyret i Jostedalen 6. mai, og det samr\u00f8ystes vedtaket lydde slik:<\/p>\n<p style=\"padding-left: 30px;\">Dette Andragende er i h\u00f8i Grad berettiget og man maa paa bedste anbefale at der af Amtet ydes Bidrag til omhandlede Forbygninger, da vedkommende Eiendomme er st\u00e6rkt truet at blive \u00f8delagt baade af Oversv\u00f8mmelse og at blive udgravet i Bredderne ved Elven, ligesom bygdeveien ved saadanne Oversv\u00f8mmelser stadig ramponeres og ofte hos baade denne og Amts-Kommunens forvoldt store Udgifter, ligesom den ogsaa specielt paa et Par Stede Trues med at blive udgravet.<\/p>\n<p>Kanalvesenet utarbeidde same \u00e5ret ein plan for flaumverket, og kommunestyret vedtok 17. juni \u00e5 garantere for distriktsbidraget.<\/p>\n<p><strong>Nytt initiativ 1898<\/strong><\/p>\n<p>Korkje kommunen eller amtet kan likevel ha l\u00f8yvt dei pengane som skulle til for \u00e5 utl\u00f8yse statsl\u00f8yvinga og kome i gang, s\u00e5 det skjedde ikkje noko f\u00f8r <a href=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=2729\">flaumen 15. august 1898 <\/a>br\u00e5tt gjorde saka aktuell att. Alt p\u00e5 det fyrste m\u00f8tet etter flaumen (m\u00f8te 30. august) fekk kommunen den fyrste s\u00f8knaden om st\u00f8tte til flaumverk fr\u00e5 oppsitjarane p\u00e5 Myklemyr og Ormbergst\u00f8len, og no kom raskt ein prosess i gang. Kanalvesenet reviderte og utvida planen fr\u00e5 1895 og oversende 13. januar 1899 den nye planen til Arbeidsdepartementet. Ut fr\u00e5 denne planen <a href=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=2737\">s\u00f8kte dei flaumr\u00e5ka oppsitjarane <\/a>i nedre del av Jostedalen (fr\u00e5 Myklemyr til Sperla) om at kommunen dekte ein del av kostnaden. Kommunestyret <a href=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=2744\">l\u00f8yvde midlane p\u00e5 m\u00f8tet 16. mars 1899<\/a>, og saka gjekk deretter til amtet der amtstinget l\u00f8yvde sin del.<\/p>\n<p>Kostnadsoverslaget til Kanalvesenet var p\u00e5 kr 42.000. Statsl\u00f8yvinga p\u00e5 3\/4 ville dekkje kr 31.500, og det vart eit sp\u00f8rsm\u00e5l korleis distriktsbidraget p\u00e5 kr 10.500 skulle dekkjast. Amtstinget vedtok i 1899 den regelen at amtet ville stille med dobbelt s\u00e5 h\u00f8gt tilskot som kommunen, men med det viktige atterhaldet at amts- og kommunetilskota til saman ikkje skulle overstige tilskotet fr\u00e5 oppsitjarane. P\u00e5 grunn av dei d\u00e5rlege \u00f8konomiske tilh\u00f8va i Jostedalen gjorde amtet likevel eit unntak, s\u00e5 oppsitjarane slapp unna med kr 3264, som var ca 2000 kr mindre enn dei eigenleg skulle betalt, medan kommunen og amtet dekte kr 3618 kvar. Dette kom p\u00e5 plass i amts- og statsbudsjetta for 1899-1900, og dermed kom arbeidet med f\u00f8rebyggingane i gang. Strekningane det galdt var Hauk\u00e5sgj\u00f8let-Myklemyr (kr 20.800), Fossagj\u00f8let-Sperl\u00f8yane (kr. 11.200) og ymse andre stader (kr 10.000).<\/p>\n<p><strong>Seinare utvidingar<\/strong><\/p>\n<p>I 1902 l\u00e5g det f\u00f8re ei utviding av planane som var kostandsrekna til kr 50.000. Det galdt strekningane Hauk\u00e5sgj\u00f8let-Sperla (kr 13.000), kyrkja-Haugen (kr 24.000), F\u00e5berg (kr 7000) og sideelvar (kr 6000). Dette skulle l\u00f8yvast over fem \u00e5r, men no gjekk det tregare \u00e5 f\u00e5 amtet med p\u00e5 finansieringa. Arbeidet kom likevel i gang, og m\u00f8teb\u00f8kene fortel at kommunen var mykje engasjert i ei steg-for-steg-utbygging av flaumverka dei neste ti\u00e5ra. Vedlikehaldet av flaumverka kravde dessutan sitt.<\/p>\n<p><strong>Kjelder<\/strong><\/p>\n<ul>\n<li>Seip, Hans. (1958). <em>Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga.<\/em> Leikanger: Sogn og Fjordane fylkeskommune, s. 605-608. [<a href=\"http:\/\/urn.nb.no\/URN:NBN:no-nb_digibok_2013092708086\">Digital utg\u00e5ve<\/a>]<\/li>\n<li><em>Nordre Bergenhus Amtstings Forhandlinger for Aaret 1899<\/em>, s. 417-423.<\/li>\n<li>Jostedal kommune, m\u00f8teb\u00f8ker for kommunestyret og formannskapet\u00a0(Digitaliserte protokollar, <a href=\"http:\/\/fylkesarkiv.no\">Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane<\/a>)<\/li>\n<\/ul>\n<p>&nbsp;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Flaumane i jostedalsvassdraget var eit velkjent og mest \u00e5rleg fenomen og noko josted\u00f8lene m\u00e5tte leve med. Sist p\u00e5 1800-talet byrja likevel arbeidet med \u00e5 temje elva. Ein grunn var at den store folketalsauken gjorde det naudsynt \u00e5 ta i bruk elveslettene b\u00e5de til busetnad og jordbruksf\u00f8rem\u00e5l. Mekaniseringa av jordbruket (som hestesl\u00e5maskin) gjorde det \u00f2g meir [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"parent":162,"menu_order":3,"comment_status":"open","ping_status":"open","template":"","meta":{"ngg_post_thumbnail":0,"footnotes":""},"class_list":["post-2762","page","type-page","status-publish","hentry"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/2762","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=2762"}],"version-history":[{"count":9,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/2762\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":3182,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/2762\/revisions\/3182"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/162"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=2762"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}