{"id":2890,"date":"2013-12-01T17:38:22","date_gmt":"2013-12-01T15:38:22","guid":{"rendered":"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=2890"},"modified":"2025-04-16T17:56:30","modified_gmt":"2025-04-16T15:56:30","slug":"ivar-aasen-i-jostedalen-1855","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=2890","title":{"rendered":"Ivar Aasen i Jostedalen 1855"},"content":{"rendered":"<p>(Artikkel i <em>Jostedal skule- og bygdeavis<\/em> 2013, s. 90, digital versjon med peikarar.)<\/p>\n<p>Oddmund L. Hoel<\/p>\n<p>Den 5. august i \u00e5r var det 200 \u00e5r sidan Ivar Aasen (1813\u20131896) vart f\u00f8dd, og difor er 2013 det store nasjonale Spr\u00e5k\u00e5ret. I Jostedalen har det vorte feira b\u00e5de med prosjekt p\u00e5 skulen i v\u00e5r og historielaget sin k\u00e5seri- og songkveld 19. september i skulehuset i Prestegarden.<\/p>\n<p>Den lengste granskingsferda til Aasen var 1842\u201346 d\u00e5 han la grunnlaget for <em>Den norske Folkesprogs Grammatik<\/em> (1848) og <em>Ordbog over det norske Folkesprog<\/em> (1850). Desse verka dokumenterte at dei norske dialektane utgjorde eitt norsk spr\u00e5k med r\u00f8ter i gamalnorsk og la grunnen for det nynorske skriftm\u00e5let. I 1840-\u00e5ra var Aasen mykje i Sogn, men ikkje Jostedalen. Seinare var han p\u00e5 \u00e5rlege granskingsferder om somrane for \u00e5 vitje stader han ikkje hadde vore, og i august 1855 <a href=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=130\">skreiv han til venen Maurits Aarflot<\/a>:<\/p>\n<p style=\"padding-left: 30px;\">Det er to Afkroger, som jeg havde stor Lyst til at befare en Gang for Sprogets Skyld, nemlig Justedalen og Stryn. Kunde det nu falde beleiligt at komme over Justedals-Breden, saa fik man slaae disse to Fluer med \u00abeinn Smikk\u00bb.<\/p>\n<p>Dette h\u00f8vde bra n\u00e5r han hadde tenkt seg \u00e5 vitje f\u00f8destaden \u00d8rsta p\u00e5 Sunnm\u00f8re. Nokre dagar seinare la han og ein annan kar i veg fr\u00e5 Kristiania opp gjennom Valdres til L\u00e6rdal og R\u00f8neid. Den 20. august gjekk dei til Sperla, og neste dag til F\u00e5berg. Der vart dei liggjande verfast ein dag f\u00f8r dei gjekk med f\u00f8rar til Greidung 23. august. I <a href=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=130\">dagboka si skreiv Aasen<\/a>: \u00abStygt Veir, med Skodde og Sne. Snee paa Breden, dog siden lettere. Meget ul\u00e6ndt og stygt at gaae. Den hele Reise Anstr\u00e6ngende og vovelig.\u00bb Turen gjorde alts\u00e5 ikkje Aasen til nokon stor bre-entusiast.<\/p>\n<p>Det spr\u00e5klege utbytet vart heller ikkje stort. Aasen noterte seg ein del ord i Jostedalen, og den vesle ordsamlinga finst framleis. Men i <a href=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=130\">arbeidsmeldinga for 1855 <\/a>skreiv han at av det han fann, \u00abvar kun saare lidet, som var egentlig nyt for mig, da det meste kun var en Bekr\u00e6ftelse paa noget, som jeg forhen havde h\u00f8rt paa andre Steder\u00bb. Han fann avvik fr\u00e5 sognam\u00e5let, men det var berre \u00abTiln\u00e6rmelser til det Nordfjordske\u00bb. Aasens vurdering av jostedalsm\u00e5let m\u00e5 sj\u00e5ast i lys av arbeidsmetoden hans. Han var ute etter \u00e5 dokumentere dei norske dialektane i samtida, og han leitte etter ord og spr\u00e5kdrag han ikkje hadde h\u00f8yrt f\u00f8r for \u00e5 utfylle dialektsamlingane sine. Han hadde vore mykje i Sogn og Fjordane, difor var det ikkje mykje ukjend spr\u00e5kstoff \u00e5 finne. Og dessutan var alts\u00e5 veret d\u00e5rleg. Ein dialektgranskar i dag vil vurdere det heilt annleis. Jostedalsm\u00e5let er interessant nettopp fordi det er ein blandingsdialekt mellom sognem\u00e5l og nordfjordm\u00e5l som truleg kan tidfestast temmeleg n\u00f8yaktig til andre halvdel av 1500-talet. Difor kan det seie oss mykje om dialektendringar, nett slik h\u00f8yangerm\u00e5let p\u00e5 1900-talet kan.<\/p>\n<p>Men siste Aasen-ord om Jostedalen var ikkje sagt med det. Den 4. oktober 1861 sette Aasen seg ned og skreiv eit langt stykke med tittelen <a href=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=130\">\u00abJustedals-Breden\u00bb<\/a>. Den levande skildringa hans av turen i 1855 skal f\u00e5 liggje, ho kan lesast p\u00e5 nettsida til Jostedal historielag. Me skal heller hefte oss ved korleis stykket vart til. I 1861 fanst det framleis ikkje s\u00e5 mange m\u00e5lfolk i landet, dei fleste heldt til i Kristiania eller Bergen. Men fleire meinte det var p\u00e5 tide \u00e5 byrje eit meir organisert arbeid for landsm\u00e5let og m\u00e5lsaka, og den vesle flokken av Kristiania-m\u00e5lfolk hadde funne ut at dei ville g\u00e5 saman i eit m\u00e5llag \u2013 det fyrste i landet. Skipingsm\u00f8tet var 5. oktober 1861, og her las Aasen opp stykket om Jostedalsbreen som han hadde skrive dagen f\u00f8r. M\u00f8tet vart halde p\u00e5 hybelen til spr\u00e5kmannen Hans Ross der 33 m\u00e5lfolk hadde pressa seg inn. Me veit ikkje kven som var til stades, men her var truleg b\u00e5de Aasmund O. Vinje, Ernst Sars, Kristofer Janson og Elias Blix. \u00c5ret etter, i august 1862 vart s\u00e5 stykket prenta i Aasmund O. Vinjes vekeblad D\u00f8len.<\/p>\n<p>S\u00e5 om Aasen ikkje fann s\u00e5 mykje nytt spr\u00e5kstoff i Jostedalen, fann Jostedalen vegen inn p\u00e5 m\u00f8tet som vart startpunktet for det organiserte m\u00e5larbeidet i landet. Det er ikkje verst!<\/p>\n<p><strong>Kjelder<\/strong><\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=130\">Sj\u00e5 tekstar og kjeldeopplysningar her.<\/a><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>(Artikkel i Jostedal skule- og bygdeavis 2013, s. 90, digital versjon med peikarar.) Oddmund L. Hoel Den 5. august i \u00e5r var det 200 \u00e5r sidan Ivar Aasen (1813\u20131896) vart f\u00f8dd, og difor er 2013 det store nasjonale Spr\u00e5k\u00e5ret. I Jostedalen har det vorte feira b\u00e5de med prosjekt p\u00e5 skulen i v\u00e5r og historielaget sin [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"parent":2121,"menu_order":2,"comment_status":"open","ping_status":"open","template":"","meta":{"ngg_post_thumbnail":0,"footnotes":""},"class_list":["post-2890","page","type-page","status-publish","hentry"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/2890","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=2890"}],"version-history":[{"count":3,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/2890\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":3931,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/2890\/revisions\/3931"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/2121"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=2890"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}