{"id":2941,"date":"2014-06-15T23:07:27","date_gmt":"2014-06-15T21:07:27","guid":{"rendered":"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=2941"},"modified":"2025-04-13T18:01:07","modified_gmt":"2025-04-13T16:01:07","slug":"ei-rettssak-om-uordener-i-1814","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=2941","title":{"rendered":"Ei rettssak om &laquo;uordener&raquo; i 1814"},"content":{"rendered":"<p>Br\u00f8rne og lensmannss\u00f8nene <a href=\"http:\/\/lokalhistoriewiki.no\/index.php\/T%C3%B8ger_Larsson_Kruna\">T\u00f8ger Larsen Kruna<\/a> og <a href=\"http:\/\/lokalhistoriewiki.no\/index.php\/Rasmus_Larsson_F%C3%A5berg\">Rasmus Larsen F\u00e5berg<\/a> vart 18. mars 1814 <a href=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=785\">valde som utsendingar<\/a> fr\u00e5 Jostedalen i samband med valet til riksforsamlinga. Kjeldene seier ikkje noko direkte om kvifor dei vart valde, men me kan merke oss at tre personar f\u00f8r dei i rang og status ikkje vart valde. Det var sokneprest <a href=\"http:\/\/lokalhistoriewiki.no\/index.php\/Holger_Halling_Schj%C3%B8dt\">Holger Halling Schj\u00f8dt<\/a>, klokkaren <a href=\"http:\/\/lokalhistoriewiki.no\/index.php\/Johannes_Asbj%C3%B8rnson_Hus\">Johannes Bj\u00f8rk<\/a> og andre forlikskommis\u00e6r <a href=\"http:\/\/lokalhistoriewiki.no\/index.php\/Sjur_Olson_Breum\">Sjur Breum<\/a>. Bj\u00f8rk og Breum var framst\u00e5ande menn i jostedalssamfunnet.<\/p>\n<div id=\"attachment_2946\" style=\"width: 390px\" class=\"wp-caption alignleft\"><a href=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/wordpress\/wp-content\/upLoads\/62a-utsnitt.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-2946\" class=\" wp-image-2946\" title=\"Byrjinga p\u00e5 saka i tingboka\" src=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/wordpress\/wp-content\/upLoads\/62a-utsnitt-300x111.jpg\" alt=\"Byrjinga p\u00e5 saka i tingboka\" width=\"380\" height=\"141\" srcset=\"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/wordpress\/wp-content\/upLoads\/62a-utsnitt-300x111.jpg 300w, https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/wordpress\/wp-content\/upLoads\/62a-utsnitt-150x55.jpg 150w, https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/wordpress\/wp-content\/upLoads\/62a-utsnitt-1024x380.jpg 1024w, https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/wordpress\/wp-content\/upLoads\/62a-utsnitt.jpg 1287w\" sizes=\"auto, (max-width: 380px) 100vw, 380px\" \/><\/a><p id=\"caption-attachment-2946\" class=\"wp-caption-text\">Byrjinga p\u00e5 saka i tingboka<\/p><\/div>\n<p>Ei mogleg forklaring kan vere ein konflikt mellom presten og ei gruppe b\u00f8nder. Den 15. juni 1814 m\u00e5tte seks b\u00f8nder m\u00f8te til rettslege forh\u00f8yr p\u00e5 sommartinget for Luster og Jostedalen. Det var <a href=\"http:\/\/lokalhistoriewiki.no\/index.php\/Hans_Olson_Nedrelid\">Hans Olsen Nedrelid<\/a>, som var lensmannsdreng, <a href=\"http:\/\/lokalhistoriewiki.no\/index.php\/Anders_Andersson_Haugen\">Anders Andersen Haugen<\/a>, <a href=\"http:\/\/lokalhistoriewiki.no\/index.php\/Anders_Otteson_Grov\">Anders Ottesen Grov<\/a>, <a href=\"http:\/\/lokalhistoriewiki.no\/index.php\/Claus_Olson_Elvekrok\">Claus Olsen Elvekrok<\/a> og dei to som vart valde tre m\u00e5nader f\u00f8r \u2013 T\u00f8ger Larsen Kruna og Rasmus Larsen F\u00e5berg.<\/p>\n<p>Futen for Ytre og Indre Sogn, <a href=\"http:\/\/lokalhistoriewiki.no\/index.php\/Rasmus_Endresen_(1767-1841)\">Rasmus Endresen<\/a>, tok opp saka p\u00e5 tinget etter \u00e5 ha f\u00e5tt ein klage fr\u00e5 sokneprest Schj\u00f8dt p\u00e5 ymse \u00abbegaaede uordener\u00bb dei seks skulle ha st\u00e5tt bak. Klaga var dagsett 28. desember 1813 og galdt tre ulike hendingar. Den hendinga som fyrst vart nemnd, og som var utl\u00f8ysande for klagen, var ein auksjon i Kroken (Elvekrok) laurdag 11. desember 1813.<\/p>\n<p>To vitne forklarte seg fyrst: Anders Larsen \u00c5sest\u00f8len og Knut Olsen Nigard. 64-\u00e5ringen \u00c5sest\u00f8len hadde kanskje ombodet som prestens medhjelpar utan at vitnem\u00e5let hans var s\u00e6rleg til hjelp for presten. \u00c5sest\u00f8len kunne fortelje at han hadde vore i Kroken 11. desember med ein 20\u201330 andre. Det hadde vore auksjon, halden av lensmannsdrengen Hans Olsen Nedrelid. Etter auksjonen hadde fleire bede Hans Olsen Nedrelid om \u00e5 spele til dans, \u00abhvilket han giorde; Hvor l\u00e6nge Hans Olsen spillede ud paa Natten\u00bb, visste Anders \u00c5sest\u00f8len derimot ikkje. Men neppe lenger enn til 11\u201312 trudde han. D\u00e5 han stod opp \u00abi Dagningen\u00bb, var iallfall spelet over. Anders \u00c5sest\u00f8len og alle andre som forklarte seg, kunne forsikre retten om at det var \u00abingen Klander ved denne Forsamling, saamegetmere som der n\u00e6ppe var Brendeviin at faae, undtagen en og anden som havde taget lidt med for dermed at traktere sine Venner, og paa denne Maade fik Deponenten [Anders \u00c5sest\u00f8len] ogsaa et Par Drammer\u00bb.<\/p>\n<p>\u00c5sest\u00f8len trudde \u00abikke at denne Dristighed forhindrede Folk fra at gaae til Kirke\u00bb dagen etter, og det var nok dette som hadde f\u00e5tt Schj\u00f8dt til \u00e5 ta ut stemninga fordi mange ikkje m\u00f8tte til gudstenesta dagen etter, som var 3. sundag i advent. Anders \u00c5sest\u00f8len hadde p\u00e5 presten dessutan forst\u00e5tt det slik at det ikkje skulle vere gudsteneste den dagen. Han hadde heller ikkje sett at Hans Olsen Nedrelid \u00abfik Penge for sit Spil\u00bb, og han sj\u00f8lv hadde heller ikkje betalt han noko. Anders \u00c5sest\u00f8len hadde tydelegvis vore p\u00e5 gudstenesta.<\/p>\n<p>Det andre klagepunktet til presten var at dei seks anklaga heller ikkje hadde m\u00f8tt i kyrkja to veker f\u00f8r, fyrste sundag i advent. Derimot hadde dei vore heime hj\u00e5 lensmannsdreng og spelemann Hans Olsen Nedrelid. Dei forklarte seg med at dei ikkje kunne g\u00e5 i kyrkja fordi dei var p\u00e5 veg til Luster, til Jakob Talle sitt bryllaup. N\u00e5r dei kom forbi Garden, vart dei bedne inn av kona til Hans Olsen, og Hans Olsen forklarte at \u00abdet er mueligt &#8230; at [han sj\u00f8lv] eller hans kone kan have trakteret disse folk med en dram eller to\u00bb. Men kortspel var det ikkje, sa han \u2013 her sprikjer rett nok forklaringane litt. T\u00f8ger Larsen vedgjekk at det vart spela litt kort f\u00f8r Hans Olsen bad dei slutte med det. Forklaringane fr\u00e5 dei involverte var elles godt samk\u00f8yrde. Det m\u00e5 nemnast at Hans Olsen si kone Torborg var syster til Rasmus og T\u00f8ger.<\/p>\n<p>Eit tredje klagepunkt var \u00abLiigbegegnelsen\u00bb (likferda) til Knut Olsen Elvekrok som vart halden i Kroken 6. november 1813 \u2013 dette var farbroren til den anklaga Claus. Men Claus slo fast at her var \u00abaldeles ingen Uorden &#8230; begaaet da de ikke havde andet Drikke end Brim, Melk og Vand\u00bb.<\/p>\n<p>Saka enda med at presten Schj\u00f8dt bad om at saka vart utsett til hausttinget i 1814 slik det kunne kallast inn fleire vitne enn dei to som hadde forklart seg. Det ser ikkje ut til \u00e5 vere meir om saka p\u00e5 dei fylgjande bygdetinga, s\u00e5 det heile rann nok ut i sanda. Futen og presten kom kanskje til at dei ikkje hadde noka sterk sak.<\/p>\n<p>Sokneprest Schj\u00f8dt som var sokneprest i Jostedalen 1812\u20131820, er i <a href=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=861\">kallsboka <\/a>(p\u00e5byrja 1830) nemnt som \u00abis\u00e6r i Begyndelsen en meget opfarende Mand\u00bb. Han reiste nok klagem\u00e5let for \u00e5 setje p\u00e5 plass ei gruppe mektige og gjenstridige b\u00f8nder som ikkje tok kyrkjegangen s\u00e5 tungt. D\u00e5 han reiste klagem\u00e5let sitt 28. desember 1813, gjorde han det medan eineveldet var intakt som politisk og juridisk system. Det Schj\u00f8dt ikkje kunne f\u00f8resj\u00e5, var dei politiske omveltingane som gav allmugen ein ny m\u00e5te \u00e5 hevde seg p\u00e5. Det er iallfall ikkje urimeleg \u00e5 tolke vala av Rasmus og T\u00f8ger som ein protest mot Schj\u00f8dt og hans n\u00e6raste to menn i bygda, klokkar Bj\u00f8rk og Sjur Breum.<\/p>\n<p><strong>Kjelder og litteratur<\/strong><\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/arkivverket.no\/URN:rg_read\/30774\/63\/\">Tingbok for Indre Sogn (1814\u20131818), sommartinget 13.\u201315.6.1814, side 62a\u201363b.<\/a><\/p>\n<p>Hoel, Oddmund L. (2014). Dei fyrste valmenn og r\u00f8ystef\u00f8re i Sogn med vekt p\u00e5 Jostedalen og Luster. I Jens Johan Hyvik, m.fl. (red.), <em>Med p\u00e5halden penn? 1814 sett fr\u00e5 Nordvestlandet og Telemark<\/em> (s. 397-427). Oslo: Novus forlag. [<a href=\"http:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/?page_id=1157\">Omtale og fulltekst<\/a>]<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Br\u00f8rne og lensmannss\u00f8nene T\u00f8ger Larsen Kruna og Rasmus Larsen F\u00e5berg vart 18. mars 1814 valde som utsendingar fr\u00e5 Jostedalen i samband med valet til riksforsamlinga. Kjeldene seier ikkje noko direkte om kvifor dei vart valde, men me kan merke oss at tre personar f\u00f8r dei i rang og status ikkje vart valde. Det var sokneprest [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"parent":1098,"menu_order":3,"comment_status":"open","ping_status":"open","template":"","meta":{"ngg_post_thumbnail":0,"footnotes":""},"class_list":["post-2941","page","type-page","status-publish","hentry"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/2941","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=2941"}],"version-history":[{"count":5,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/2941\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":3794,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/2941\/revisions\/3794"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/1098"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=2941"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}