{"id":3052,"date":"2014-10-21T09:29:03","date_gmt":"2014-10-21T07:29:03","guid":{"rendered":"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=3052"},"modified":"2025-04-19T12:17:37","modified_gmt":"2025-04-19T10:17:37","slug":"fylkestinget-og-stortinget-1896-97","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=3052","title":{"rendered":"Fylkestinget og Stortinget 1896-97"},"content":{"rendered":"<p><strong>Fylkestinget 1896<\/strong><\/p>\n<p>I 1896 byrja Stortinget \u00e5 gje monalege l\u00f8yvingar til utbygging av rikstelefonanlegg, og kommunar og fylke melde seg p\u00e5 med ynske om at deira anlegg var prioriterte. Nordre Bergenhus amt var ikkje noko unntak. 26. juni 1896 sende amtmann Olaj Olsen ein plan for telefonutbygginga i fylket til det \u00e5rlege amtstinget som skulle haldast i juli.\u00a0Lina Sogndal-Hafslo-Luster-Jostedalen var eit av 14 anlegg som &laquo;efterh\u00e5nden m\u00e5 blive at s\u00f8ge bygget&raquo;, og av dei anlegga ville amtmannen priortere Sogndal-Hafslo-Skjolden\u00a0som nr. 2 av sju prioriterte anlegg (bak L\u00e6rdal-\u00c5rdal). Jostedalen var ikkje med.<\/p>\n<p>Dampskipskomiteen i amtstinget gjekk i innstillinga si 30. juni inn for \u00e5 snu om p\u00e5 prioriteringslista. Av seks prioriterte anlegg stod ei utbyggingn i Ytre Nordfjord som nr. 1 og Sogndal-Hafslo-Luster-Jostedalen som nr. 2 &#8211; komiteen tok s\u00e5leis inn Jostedalen. Slik vart \u00f2g vedtaket i amtstinget 1. juli 1896.<\/p>\n<p>Etter dette kom <a href=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=3044\">saka opp i kommunestyret <\/a>i Jostedalen og \u00e5ret etter i Stortinget.<\/p>\n<p><strong>Stortinget 1897<\/strong><\/p>\n<p>Anlegget kom ikkje med p\u00e5 regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 1897-98, men regjeringa kom 5. juni 1897 med eit tilleggsframlegg om auka l\u00f8yvingar til utbygging av rikstelefon- og telegrafanlegg (St.prp. nr. 76, 1897). Her vart det gjort framlegg om kr 35 000 kr til telefonanlegg til Solvorn, Kvam, Marifj\u00f8ra, R\u00f8neid, H\u00f8yheimsvik, D\u00f8sen og Skjolden. Her heiter det: \u00abHvorvidt Linjen fremtidig b\u00f8r forl\u00e6nges til Jostedalen er et Sp\u00f8rgsmaal, som f\u00f8rst senere antages at burde optages til Behandling i Forbindelse med andre dermed ligestillede Krav.\u00bb<\/p>\n<p>Ei veke f\u00f8r dette hadde kommunestyret i Jostedalen vedteke \u00e5 kontakte stortingsmann Frederik Fraas fr\u00e5 Hafslo om saka, og kommunestyret visste nok ikkje d\u00e5 at eit framlegg om utbygging i Hafslo-Luster utan Jostedalen var like rundt hj\u00f8rna.<\/p>\n<p>Jarnbanekomiteen i Stortinget innstilte p\u00e5 regjeringa sitt framlegg utan \u00e5 ta med Jostedalslina, og Stortinget vedtok lustrautbygginga utan Jostedalen med 78 mot 28 r\u00f8yster 21. juli 1897. Det var stor strid om det statlege engasjementet i telefonutbygginga desse \u00e5ra, og H\u00f8gre var skeptisk. Representanten Wollert Konow (Hedmark) gjekk imot og meinte at telefonlina til Luster var ei lokalline som heller burde byggjast av private. Han argumenterte \u00f2g med at l\u00f8yvinga til lina til Luster &laquo;vil tr\u00e6kke med sig en Forl\u00e6ngelse af Linien til Jostedalen&raquo;. Alle dei fem representantane fr\u00e5 Sogn og Fjordane r\u00f8ysta for telefonlina til Luster, men ingen gjorde framlegg om \u00e5 ta med Jostedalen. Fraas svara tvert om Konow med at argumenta hans ikkje var &laquo;synderlig v\u00e6gtige, naar han argumenterer ud fra, hvad der muligens i Fremtiden kan komme af mulige og umulige Krav fra de forskjellige Dalf\u00f8rer&raquo;. Det var heilt opp til framtidige regjeringar og Storting.<\/p>\n<p><strong>Kjelder<\/strong><\/p>\n<p>Fylkestinget:<\/p>\n<ul>\n<li><em>Nordre Bergenhus amtstings Forhandlinger,<\/em> 1896: 149-152.<\/li>\n<li>Seip, Hans. (1958). <em>Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga<\/em>. Leikanger: Sogn og Fjordane fylkeskommune, side 453-454. [<a href=\"https:\/\/urn.nb.no\/URN:NBN:no-nb_digibok_2013092708086\">Digital utg\u00e5ve, Nasjonalbiblioteket<\/a>]<\/li>\n<\/ul>\n<p>Stortinget:<\/p>\n<ul>\n<li><a href=\"https:\/\/www.stortinget.no\/no\/Saker-og-publikasjoner\/Stortingsforhandlinger\/Saksside\/?pid=1892-1900&amp;mtid=82&amp;vt=a&amp;did=DIVL116871\">Sakssida i registeret til Stortingsforhandlingane<\/a><\/li>\n<li>St.prp. nr. 76 (1897): <a href=\"https:\/\/www.stortinget.no\/no\/Saker-og-publikasjoner\/Stortingsforhandlinger\/Lesevisning\/?p=1897&amp;paid=2&amp;wid=b&amp;psid=DIVL1104&amp;pgid=b_0814\">kostnadsoverslag jostedalsanlegget <\/a>(s. 26-27), <a href=\"https:\/\/www.stortinget.no\/no\/Saker-og-publikasjoner\/Stortingsforhandlinger\/Lesevisning\/?p=1897&amp;paid=2&amp;wid=b&amp;psid=DIVL1104&amp;pgid=b_0848\">om telefonanlegget til Luster\/Jostedalen <\/a>(s. 59-60)<\/li>\n<li>Stortingstidende 1897: <a href=\"https:\/\/www.stortinget.no\/no\/Saker-og-publikasjoner\/Stortingsforhandlinger\/Lesevisning\/?p=1897&amp;paid=7&amp;wid=I&amp;psid=DIVL520&amp;pgid=II_0473\">1601-1602<\/a>.<\/li>\n<\/ul>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Fylkestinget 1896 I 1896 byrja Stortinget \u00e5 gje monalege l\u00f8yvingar til utbygging av rikstelefonanlegg, og kommunar og fylke melde seg p\u00e5 med ynske om at deira anlegg var prioriterte. Nordre Bergenhus amt var ikkje noko unntak. 26. juni 1896 sende amtmann Olaj Olsen ein plan for telefonutbygginga i fylket til det \u00e5rlege amtstinget som skulle [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"parent":3040,"menu_order":3,"comment_status":"open","ping_status":"open","template":"","meta":{"ngg_post_thumbnail":0,"footnotes":""},"class_list":["post-3052","page","type-page","status-publish","hentry"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/3052","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=3052"}],"version-history":[{"count":7,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/3052\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":3985,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/3052\/revisions\/3985"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/3040"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=3052"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}