{"id":3059,"date":"2014-10-21T10:04:29","date_gmt":"2014-10-21T08:04:29","guid":{"rendered":"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=3059"},"modified":"2025-04-19T12:18:50","modified_gmt":"2025-04-19T10:18:50","slug":"kommunestyret-og-fylkestinget-1907","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=3059","title":{"rendered":"Kommunestyret og fylkestinget 1907-08"},"content":{"rendered":"<p><strong>Fylkestinget juni 1907<\/strong><\/p>\n<p>Etter at Stortinget sa nei til telefonanlegget i Jostedalen i 1897, vart saka liggjande. Dei neste \u00e5ra vart mange telefonanlegg bygde, og i 1907 kom saka opp att. F\u00f8r amtstinget skulle haldast om sommaren 1907, sende ordf\u00f8rar Lars R. Faaberg inn eit nytt brev der han bad om at amtstinget st\u00f8tta kravet om telefon til Jostedalen. Det kom \u00f2g inn krav fr\u00e5 andre bygder, mellom anna Fj\u00e6rland, og dampskipskomiteen i amtstinget innstilte p\u00e5 slikt vedtak:<\/p>\n<p style=\"padding-left: 30px;\">1. Telefonlinjer fra Sogndal til Fj\u00e6rland og fra Gaupne til Jostedalen b\u00f8r v\u00e6re de f\u00f8rste, som nu anl\u00e6gges i Sogn.<br \/>\n2. Linjen F\u00f8rde-Sande-Vadheim-Kirkeb\u00f8 b\u00f8r v\u00e6re den f\u00f8rste, som bygges i S\u00f8ndfjord.<br \/>\n3. Linjen Lervik-Hyllestad-S\u00f8reb\u00f8vaag anl\u00e6gges saa snart, der kan findes plads dertil paa telefonbudgettet.<br \/>\n4. Linjen F\u00f8rde-Solemsdalen-Kvammen-Vevring bliver at unders\u00f8ge i indev\u00e6rende sommer, forat kunne opf\u00f8res paa anl\u00e6gsbudgettet for kommende aar.<\/p>\n<p>Ordf\u00f8rar Faaberg ville ha Jostedalen prioritert p\u00e5 topp i amtstinget 8. juni, og han er referert slik:<\/p>\n<p style=\"padding-left: 30px;\"><strong>Faaberg<\/strong> anbefaler, at Jostedalen tages f\u00f8rst; thi dette dalf\u00f8re er v\u00e6rst stillet. Den \u00f8vre del af dalen har 43 km. til sj\u00f8en, og veien er smal og meget udsat for skred og i vintertiden desuden delvis st\u00e6ngt ved snemasser. Skal l\u00e6gen s\u00f8ges, har man derhos 1 mil sj\u00f8vei til D\u00f8sen.<\/p>\n<p>Likevel fekk eit utsetjingsframlegg fleirtal med 22 mot 12 r\u00f8yster i amtstinget 8. juni. Grunnen var at fleirtalet meinte dei hadde for d\u00e5rleg oversyn og grunnlag til \u00e5 prioritere telefonanlegga I staden vart det sagt at amtmannen m\u00e5tte la kommunestyra f\u00e5 h\u00f8ve til \u00e5 uttale seg f\u00f8r amtmannen la fram ein samla plan for telefonutbygging p\u00e5 neste amtsting.<\/p>\n<p><strong>Kommunestyret 15. oktober 1907<\/strong><\/p>\n<p>Etter utsetjinga i amtstinget sende amtmannen 20. september saka p\u00e5 h\u00f8yring til kommunane, og Jostedal kommunestyret uttala seg 15. oktober:<\/p>\n<p style=\"padding-left: 30px;\">Refereredes skrivelse fra N. B. [Nordre Bergenhus] amt af 20de september d. a. [dette aar] angaaende at afgive udtalelse om hvilke telefonanl\u00e6g der, den n\u00e6rmeste fremtid kan bli tale om og b\u00f8r komme til udf\u00f8relse inden Sogn og i tilf\u00e6lde i hvilken orden.<\/p>\n<p style=\"padding-left: 30px;\">I den anledning fattedes saadan enstemmig Udtalelse:<\/p>\n<p style=\"padding-left: 30px;\">Telefonanl\u00e6gget Gaupne-Jostedalen b\u00f8r komme til udf\u00f8relse snarest muligt og maa saaledes opf\u00f8res som no 1. Dernest Sogndal-Fj\u00e6rland som no 2. samt Lervik-Hyllestad-S\u00f8rb\u00f8vaag no 3.<\/p>\n<p>I h\u00f8ve til komiteinnstillinga i amtstinget ville kommunen alts\u00e5 flytte Jostedalen f\u00f8r Fj\u00e6rland slik ordf\u00f8rar Faaberg hadde teke\u00a0til orde for i amtstinget.<\/p>\n<p><strong>Fylkestinget juni 1908<\/strong><\/p>\n<p>Jostedalen fekk st\u00f8tte av kommunestyra i Luster, Hafslo og \u00c5rdal, som ville prioritere Jostedalen f\u00f8r Fj\u00e6rland. Dei andre kommunane i Sogn hadde Fj\u00e6rland fyrst. Amtmannen la 23. mai 1908 fram saksutgreiinga og tilr\u00e5dinga si, og der var vurderinga at b\u00e5de Fj\u00e6rland og Jostedalen &laquo;sandsynligvis kommer til at utstaa noget l\u00e6nger&raquo;. I Sogn ville amtmannen prioritere telefonanlegg til Solund p\u00e5 topp, deretter Fj\u00e6rland og p\u00e5 tredjeplass &laquo;De viktigaste steder paa begge sider av fjorden i ytre og midtre Sogn&raquo; &#8211; Jostedalen var ikkje med i det heile.<\/p>\n<p>I innstillinga si 25. juni hadde dampskipskomiteen merka seg Jostedalen:<\/p>\n<p style=\"padding-left: 30px;\">Jostedalen er og ei avsides bygd, som so saart treng telefon. Doktaren t. d. bur 4-5 mil derifraa, so det er sers ulaglegt som det no er, og lina vil i det heila verta til stor framhjelp for denne fatige, str\u00e6vsame bygdi.<\/p>\n<p>Komiteen snudde likevel ikkje om p\u00e5 prioriteringslista, men utvida ho. I Sogn skulle to langliner kome fyrst &#8211; Solund og fjordbygdene i Ytre og Midre Sogn. Av &laquo;Sidelinor&raquo; kom 1) Sogndal-Fj\u00e6rland og\u00a02) Jostedalen, deretter Leirvik\/Hyllestad og nokre fleire.<\/p>\n<p>Under f\u00f8rehavinga i amtstinget 26. juni kom det framlegg om \u00e5 setje Jostedalen bak Hyllestad-anlegget, men det vart trekt, og amtstinget vedtok tilr\u00e5dinga for Sogn mot 6 r\u00f8yster. Ingen gjorde framlegg om \u00e5 setje Jostedalen lenger opp. Ordf\u00f8rar Ole E. Myklemyr er referert slik:<\/p>\n<p style=\"padding-left: 30px;\"><em>Myklemyr<\/em> vilde helst ha Jostedalen opf\u00f8rt som no. 1 under sidelinjer i Sogn; men her er det vel vanskeligt at opnaa det bedste. Man faar derfor slaa sig tiltaals med det n\u00e6stbedste.<\/p>\n<p>Jostedalen fekk elles st\u00f8tte fr\u00e5 Lasse Tr\u00e6dal i Ytre Sogn (Lavik) som sa at &laquo;&#8230;det er ikke saa greit for Jostedalen heller. Forstanden tilsiger, at ta linjen i Hyllestad f\u00f8rst, men f\u00f8lelsen tr\u00e6kker i retning af at hj\u00e6lpe Jostedalen f\u00f8rst&raquo;.<\/p>\n<p>Det skjedde likevel ikkje noko meir med saka. Hans Seip skriv at Arbeidsdepartementet ikkje sende prioriteringslista fr\u00e5 fylket vidare til Telegrafvesenet.<\/p>\n<p><strong>Kjelder<\/strong><\/p>\n<p><em>Nordre Bergenhus amts forhandlinger<\/em>, 1907:\u00a0600-601, 749-750 og 858-860, og 1908:\u00a0410-422, 689-693 og 763-769.<\/p>\n<p>M\u00f8tebok for formannskapet og kommunestyret i Jostedalen 1907-1915: 18a-18b.<\/p>\n<p>Seip, Hans. (1958). <em>Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga<\/em>. Leikanger: Sogn og Fjordane fylkeskommune, side 455-456. [<a href=\"https:\/\/urn.nb.no\/URN:NBN:no-nb_digibok_2013092708086\">Digital utg\u00e5ve, Nasjonalbiblioteket<\/a>]<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Fylkestinget juni 1907 Etter at Stortinget sa nei til telefonanlegget i Jostedalen i 1897, vart saka liggjande. Dei neste \u00e5ra vart mange telefonanlegg bygde, og i 1907 kom saka opp att. F\u00f8r amtstinget skulle haldast om sommaren 1907, sende ordf\u00f8rar Lars R. Faaberg inn eit nytt brev der han bad om at amtstinget st\u00f8tta kravet [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"parent":3040,"menu_order":4,"comment_status":"open","ping_status":"open","template":"","meta":{"ngg_post_thumbnail":0,"footnotes":""},"class_list":["post-3059","page","type-page","status-publish","hentry"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/3059","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=3059"}],"version-history":[{"count":7,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/3059\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":3986,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/3059\/revisions\/3986"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/3040"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=3059"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}