{"id":3477,"date":"2017-05-18T11:28:22","date_gmt":"2017-05-18T09:28:22","guid":{"rendered":"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=3477"},"modified":"2025-04-15T20:33:06","modified_gmt":"2025-04-15T18:33:06","slug":"utvandring","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=3477","title":{"rendered":"Utvandring"},"content":{"rendered":"<p>Utvandringa til Nord-Amerika var sv\u00e6rt h\u00f8g fr\u00e5 heile Indre Sogn, og Jostedalen var ikkje noko unntak. Dei aller fleste josted\u00f8ler har i dag slekt i USA eller Canada, og det kjem \u00e5rleg amerikabes\u00f8k til dalen. Utvandrarane og etterkomarane deira er grundig kartlagde i gards- og \u00e6ttesoga til Lars \u00d8yane.<\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/wordpress\/wp-content\/upLoads\/Fyrste-emigrant-1851.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"alignleft wp-image-3481 size-medium\" src=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/wordpress\/wp-content\/upLoads\/Fyrste-emigrant-1851-300x122.jpg\" alt=\"\" width=\"300\" height=\"122\" srcset=\"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/wordpress\/wp-content\/upLoads\/Fyrste-emigrant-1851-300x122.jpg 300w, https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/wordpress\/wp-content\/upLoads\/Fyrste-emigrant-1851-150x61.jpg 150w, https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/wordpress\/wp-content\/upLoads\/Fyrste-emigrant-1851-768x313.jpg 768w, https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/wordpress\/wp-content\/upLoads\/Fyrste-emigrant-1851-1024x417.jpg 1024w, https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/wordpress\/wp-content\/upLoads\/Fyrste-emigrant-1851.jpg 1421w\" sizes=\"auto, (max-width: 300px) 100vw, 300px\" \/><\/a><\/p>\n<p>Den fyrste kjende utvandraren fr\u00e5 Jostedalen var den 27-\u00e5rige gardbrukarsonen Lars Rasmussen Hellegaard som fekk flytteattest fr\u00e5 soknepresten 16. februar 1851. Det fyrste store utvandrings\u00e5ret var 1857, d\u00e5 presten har notert at 30 personar drog. Det store gjennombrotet i Jostedalen, som for mange andre stader, kom etter den amerikanske borgarkrigen. I fem\u00e5ret 1866\u20131870 er det registrert heile 154 utvandrarar fr\u00e5 Jostedalen. Utvandringa f\u00f8rte til at <a href=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=1910\">folketalet i Jostedalen<\/a> gjekk ned fr\u00e5 1865 til 1875 etter ein sterk vekst gjennom heile 1800-talet.<\/p>\n<p>Fr\u00e5 1866 finst det offentleg utvandringsstatistikk p\u00e5 kommuneniv\u00e5, som for kvar fem\u00e5rsperiode vart oppsummert i publikasjonane <em>Folkem\u00e6ngdens bev\u00e6gelse <\/em>fr\u00e5 statistisk sentralbyr\u00e5.\u00a0Fr\u00e5 1866 til 1930 utvandra 713 personar fr\u00e5 Jostedalen.<\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/wordpress\/wp-content\/upLoads\/Utvandring-Jostedalen.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"alignleft wp-image-3478 size-medium\" src=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/wordpress\/wp-content\/upLoads\/Utvandring-Jostedalen-300x176.jpg\" alt=\"\" width=\"300\" height=\"176\" srcset=\"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/wordpress\/wp-content\/upLoads\/Utvandring-Jostedalen-300x176.jpg 300w, https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/wordpress\/wp-content\/upLoads\/Utvandring-Jostedalen-150x88.jpg 150w, https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/wordpress\/wp-content\/upLoads\/Utvandring-Jostedalen-768x452.jpg 768w, https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/wordpress\/wp-content\/upLoads\/Utvandring-Jostedalen-1024x602.jpg 1024w\" sizes=\"auto, (max-width: 300px) 100vw, 300px\" \/><\/a>For \u00e5 finne talet p\u00e5 utvandrarar f\u00f8r 1866, m\u00e5 ein rekne saman andre kjelder. Presten skulle f\u00f8re inn \u00abUdflyttede\u00bb og \u00abIndflyttede\u00bb i kyrkjeboka med namn, stilling og kvar dei flytte fr\u00e5\/til. Legg ein til jostedalspresten sine innf\u00f8rslar i kyrkjeboka for \u00e5ra 1851\u20131865, kjem ein opp 806 utvandrarar fr\u00e5 Jostedalen.<\/p>\n<p>Dei som drog i den fyrste fasen, vart gjerne verande, og d\u00e5 drog mange familiar. I den siste fasen (etter 1880-\u00e5ra) drog i st\u00f8rre grad unge ugifte menn og kvinner som arbeidde nokre \u00e5r i Amerika og la seg opp pengar f\u00f8r dei kom att til Noreg og etablerte seg. For Noreg totalt har utvandringshistorikarane rekna med at kring 1\/4 av utvandrarane kom attende til Noreg. Me har ikkje tal for Jostedalen, men det budde mange i Jostedalen utover 1900-talet som hadde vore i Amerika ei tid.<\/p>\n<p>For \u00e5 finne ut kven som utvandra, og n\u00e5r dei drog, finst nokre fleire kjeldetypar att\u00e5t kyrkjeb\u00f8kene: Passprotokollar, skipslister og emigrantprotokollar fr\u00e5 politiet i Bergen, som var byen josted\u00f8lene utvandra fr\u00e5. I tillegg finst opplysningar om utvandrarane i immigrasjonsdatabasar i USA (<a href=\"http:\/\/www.libertyellisfoundation.org\/\">sj\u00e5 Ellis Island<\/a>).<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om ein del kom att, var nettoutvandringa fr\u00e5 Jostedalen sv\u00e6rt stor. Det budde 885 personar i Jostedalen i 1865 og 938 personar i 1900.<\/p>\n<div id=\"attachment_3484\" style=\"width: 310px\" class=\"wp-caption alignleft\"><a href=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/wordpress\/wp-content\/upLoads\/0028.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-3484\" class=\"size-medium wp-image-3484\" src=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/wordpress\/wp-content\/upLoads\/0028-300x221.jpg\" alt=\"\" width=\"300\" height=\"221\" srcset=\"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/wordpress\/wp-content\/upLoads\/0028-300x221.jpg 300w, https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/wordpress\/wp-content\/upLoads\/0028-150x111.jpg 150w, https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/wordpress\/wp-content\/upLoads\/0028-768x566.jpg 768w, https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/wordpress\/wp-content\/upLoads\/0028-1024x755.jpg 1024w\" sizes=\"auto, (max-width: 300px) 100vw, 300px\" \/><\/a><p id=\"caption-attachment-3484\" class=\"wp-caption-text\">Mange sende bilete heim til Noreg. Her er familien til Kari og Lars L. Breum i Amerika (ca 1910-1915). (Eigar: Gunhild Bruheim Kristiansen)<\/p><\/div>\n<p>I Jostedalen var det meir vanleg \u00e5 utvandre til Amerika enn \u00e5 flytte til norske byar. I mange Sunnfjord-kommunar var det omvendt, der flytte ein heller til Bergen. I 1910 budde det mest 1000 personar i Bergen som var f\u00f8dde i Fjaler, men berre 10 personar som var f\u00f8dde i Jostedalen. Av dei 1106 personane i folketeljinga i 1910 som var f\u00f8dde i Jostedalen, budde 915 i Jostedalen, 96 i Luster eller Hafslo og berre 95 i andre norske kommunar. Same \u00e5ret m\u00e5 det ha budd mange hundre i Nord-Amerika som var f\u00f8dde i Jostedalen.<\/p>\n<p><strong>Kjelder og litteratur<\/strong><\/p>\n<p>Hoel, Oddmund L. (2017). Stor utvandring fr\u00e5 Jostedalen til Nord-Amerika, <em>Jostedal skule- og bygdeavis<\/em>, s. 104-106 [<a href=\"http:\/\/www.krundalen.no\/blogg\/wp-content\/uploads\/2011\/03\/Utvandring-JSA-2017.pdf\">digital utg\u00e5ve<\/a>] <em>&#8211; ein litt lengre versjon av teksten p\u00e5 denne nettsida<\/em><\/p>\n<p>\u00d8yane, Lars E. (1994). <em>Jostedal sokn. Gards- og \u00e6ttesoge for Luster kommune. <\/em>(Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. [<a href=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=3402\">digital utg\u00e5ve i fulltekst<\/a>]<\/p>\n<p>\u00d8strem, Nils Olav. (2006). <em>Norsk utvandringshistorie.<\/em> Oslo: Samlaget.<\/p>\n<p>Natvik, Oddvar. <a href=\"https:\/\/kringom.no\/nb\/1905-glimt-fra-amerika\">1905 &#8211; Glimt fr\u00e5 Amerika<\/a>, Kringom, Fylkesarkivet i Vestland.<\/p>\n<p>Kyrkjeb\u00f8ker for Jostedalen [<a href=\"https:\/\/media.digitalarkivet.no\/kb\/browse?clerical_parishes%5B%5D=1427P&amp;start_year=&amp;end_year=&amp;text=\">skanna, Digitalarkivet<\/a>]<\/p>\n<p>Norges officielle statistik: <em>Folkem\u00e6ngdens bev\u00e6gelse <\/em>[<a href=\"http:\/\/www.ssb.no\/a\/histstat\/publikasjoner\/histemne-02.html#P655_19975\">skanna, Statistisk sentralbyr\u00e5<\/a>]<\/p>\n<p>Folketeljinga 1910: The Digital Archive (The National Archive), Norwegian Historical Data Centre (University of Troms\u00f8) and the Minnesota Population Center. National Sample of the 1910 Census of Norway, Version 1.0. Troms\u00f8, Norway: University of Troms\u00f8, 2011. North Atlantic Population Project. [<a href=\"https:\/\/www.nappdata.org\/napp\/\">database<\/a>]<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/digitalarkivet.arkivverket.no\/gen\/sok\/3\">Emigrantmateriale i Digitalarkivet <\/a>(54 treff p\u00e5 f\u00f8destad &laquo;just*&raquo;, 565 treff p\u00e5 &laquo;jost*&raquo;)<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Utvandringa til Nord-Amerika var sv\u00e6rt h\u00f8g fr\u00e5 heile Indre Sogn, og Jostedalen var ikkje noko unntak. Dei aller fleste josted\u00f8ler har i dag slekt i USA eller Canada, og det kjem \u00e5rleg amerikabes\u00f8k til dalen. Utvandrarane og etterkomarane deira er grundig kartlagde i gards- og \u00e6ttesoga til Lars \u00d8yane. Den fyrste kjende utvandraren fr\u00e5 Jostedalen [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"parent":0,"menu_order":4,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","template":"","meta":{"ngg_post_thumbnail":0,"footnotes":""},"class_list":["post-3477","page","type-page","status-publish","hentry"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/3477","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=3477"}],"version-history":[{"count":10,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/3477\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":3876,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/3477\/revisions\/3876"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=3477"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}