{"id":356,"date":"2009-06-22T18:44:41","date_gmt":"2009-06-22T16:44:41","guid":{"rendered":"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=356"},"modified":"2012-02-11T11:37:18","modified_gmt":"2012-02-11T09:37:18","slug":"om-foss-av-jon-laberg-1948","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=356","title":{"rendered":"J. Laberg om Foss (1948)"},"content":{"rendered":"<p>Mathias Foss var kj\u00f8benhavner og f. 1714. Student fr\u00e5 Sor\u00f8 skule i 1733 og kandidat i 1741. Same \u00e5ret vart han sokneprest til Jostedal.<\/p>\n<p>Det var truleg meir enn eit tilfelle at den 27-\u00e5rige kandidaten s\u00f8kte seg til Jostedal. Paul Hansson Egede kom same \u00e5ret heim for godt fr\u00e5 arbeidet sitt p\u00e5 Gr\u00f8nland. Me kan godt tenkja oss at for Foss var Jostedal som eit nytt Gr\u00f8nland. Og som god pietist trudde han vel at her hadde han h\u00f8ve til \u00e5 g\u00e5 Egede sine vegar. Dette var hans fyrste mistak. Jostedal var ikkje noko Gr\u00f8nland.<\/p>\n<p>Me har i hefte 1 og 2 fortalt um det lite pietistiske liv han m\u00f8tte der i dalen. Men det me fyrr har skrive um dette, gjev ikkje noko heilt bilete av presten Foss. Han hadde ein strid som var verre i sitt eige hus. Han var gift med Marie Dreyer, og um henne seier bisp Arentz at ho var den mest skuldige av dei tvo. Ho hadde &laquo;opf\u00f8rt seg heller som en djevlinde end som en mandinde med hugg og slag, stenkast og andet us\u00f8mmeligt&raquo;. Eit sovore liv i sj\u00f8lve prestegarden skapa ikje vyrdnad korkje for prest eller prestfrua.<\/p>\n<p>B\u00e5de bisp og prost hadde lenge visst um dette, og i 1759 vart det tillyst prosterett i Gaupne, der retten skulde ha fyre seg den fordrukne presten Cimber i Gaupne, og so nytta retten h\u00f8ve til \u00e5 freista \u00e5 forlike prestefolket i Jostedal. Og dei vart forlikte. Men tvo \u00e5r etter m\u00e5tte dei halda ny prosterett, og so denne gongen med eit slags folik. Men \u00e5ret etter rymde prestfrua, fyrst til Luster og seinare til Bergen. I 1763 kom det til ein &laquo;frivillig separasjon&raquo; mot at Foss betalte 30 rdl. til kona. Det hadde han nok ikkje r\u00e5d til, end\u00e5 um han seinare etter p\u00e5legg fr\u00e5 bispen skulde f\u00e5 50 rdl. fr\u00e5 presten p\u00e5 Voss. Kona si s\u00e5g han aldri meir. Etter ho kom til Bergen, sat ho eit \u00e5r i tukthus for tigging. Bisp Hagerup fekk henne ut fr\u00e5 tukthuset, og so vart det vel eit eller anna fatighus som m\u00e5tte taka seg av henne. Ho d\u00f8ydde i Bergen 1777, 66 \u00e5r gamal.<\/p>\n<p>Foss og kona hadde havt 10 born, men berre 4 av desse vart vaksne, ein son og 3 d\u00f8tre. Ei av d\u00f8trene fekk barn med ein gullsmed fr\u00e5 Hafslo, og faren var den som m\u00e5tte sette henne under skriftem\u00e5l og d\u00f8ypa barnet. P\u00e5 sine gamle dagar hadde Foss ei bramannskone fr\u00e5 Luster som hushaldar. Og etter som segni seier, var ho alltid p\u00e5 presten sitt beste. Medan presten um sundagen stod p\u00e5 stolen, selde ho brennevin p\u00e5 prestegarden.<\/p>\n<p>Men no var presten b\u00e5de gamal og tullet. Og anna var ikkje \u00e5 venta, etter det han hadde gjenge gjenom.<\/p>\n<p>Det vart sagt b\u00e5de av bisp og prost, at Fos ikkje var nokon ul\u00e6rd mann. D\u00e5 bisp Pontoppidan i 1744 ga prestane p\u00e5legg um \u00e5 gjeva ei skildring av bygdi der dei var prest i, var Foss den av prestane i Bergens stift som gjorde det best. Ho er verd \u00e5 lesa den dag i dag. I samh\u00f8ve med dette skriftet hans vert det og sagt at Foss var ein b\u00e5de g\u00e5verik og l\u00e6rd mann, men og &laquo;svag og meget overtroisk&raquo;.<\/p>\n<p>Det var Foss sitt us\u00e6le husliv som gjorde at han aldri kom fr\u00e5 Jostedal. Styresmaktene v\u00e5ga ikkje \u00e5 senda eit ektepar som livde som dei gjorde, til eit anna og betre kall.<\/p>\n<p>Det vanta ikkje p\u00e5 at Foss s\u00f8kte um \u00e5 koma fr\u00e5 Jostedal. I 1758 s\u00f8kte han soleis um \u00e5 verta Anders D\u00e5e i Vik sin ettermann som prost i Sogn. Dette trur han \u00e5 ha rett til etter di han var den eldste sokneprest i Sogn. Dessutan har han til ymse tider vikariert for andre prestar og elles millombils vore prest i Hafslo, Sogndal og Aurland. D\u00e5 han heller ikkje no vart teken umsyn til, trur han &laquo;ufeilarlig at have adskillig av mine fiender at tilskrive, der tid efter anden har havt sin forn\u00f8ielse av at sverte mig for min h\u00f8ie \u00f8vrighed til min velferds spilde, skj\u00f8nt det er den alm\u00e6ktige Gud, denne menigheds lemmer og adskillige honnette folk andre steder vitterlig, at jeg lider uskyldig&raquo;.<\/p>\n<p>Han m\u00e5tte nok lida uskuldig ein mannsalder til, fyrr han slokna. Han d\u00f8ydde i 1792, 78 \u00e5r gamal. Han hadde d\u00e5 vore prest i Jostedal i 51 \u00e5r.<\/p>\n<p><strong>Kjelde<\/strong><\/p>\n<p>Laberg, Jon. (1948). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der [del 3]. <em>Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn<\/em> (nr. 13), 182-184.<\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=300\">Sj\u00e5 eiga side om Jon Laberg med jostedalssoga hans i fulltekst.<\/a><\/p>\n<p><strong>Merknad<\/strong><\/p>\n<p>Dette er ein s\u00e6rs interessant omtale av Foss der Laberg m\u00e5 ha nytta dokument fr\u00e5 bispearkivet i Bergen. Her er fleire opplysningar som ikkje finst i dei andre omtalene.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Mathias Foss var kj\u00f8benhavner og f. 1714. Student fr\u00e5 Sor\u00f8 skule i 1733 og kandidat i 1741. Same \u00e5ret vart han sokneprest til Jostedal. Det var truleg meir enn eit tilfelle at den 27-\u00e5rige kandidaten s\u00f8kte seg til Jostedal. Paul Hansson Egede kom same \u00e5ret heim for godt fr\u00e5 arbeidet sitt p\u00e5 Gr\u00f8nland. Me kan [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"parent":2606,"menu_order":7,"comment_status":"open","ping_status":"open","template":"","meta":{"ngg_post_thumbnail":0,"footnotes":""},"class_list":["post-356","page","type-page","status-publish","hentry"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/356","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=356"}],"version-history":[{"count":7,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/356\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":2187,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/356\/revisions\/2187"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/2606"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=356"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}