{"id":40,"date":"2007-05-12T23:13:14","date_gmt":"2007-05-12T21:13:14","guid":{"rendered":"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=40"},"modified":"2025-04-13T10:32:09","modified_gmt":"2025-04-13T08:32:09","slug":"etter-olav-sande-1892","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=40","title":{"rendered":"Etter Olav Sande (1892)"},"content":{"rendered":"<p><strong>Jostedalsrjupa<\/strong><\/p>\n<p>Mange av del rikaste og gj\u00e6vaste \u00e6ttene i Sogn drog opp i Jostedalen og ville p\u00e5 den m\u00e5ten sleppa Svartedauden. Der busette dei seg, bygde hus og rudde gardar. Men dei hadde gjort den avtalen med folk nede ved fjordane, at dei ikkje m\u00e5tte lydast fram til dei p\u00e5 nokon m\u00e5te, f\u00f8r farangen var over. Ville nokon skriva til dei, m\u00e5tte dei leggje breva sine under ein viss stein. Den steinen har dei sidan kalla Brevsteinen. Under han kunne dei ogs\u00e5 henta brev, dei som levde att nede ved sj\u00f8en. Han ligg tett attmed vegen fr\u00e5 Jostedalen til Luster, p\u00e5 eige\u00addomen til garden Ormbergst\u00f8len, ei stund f\u00f8r ein kjem opp p\u00e5 ridet n\u00e5r ein vil fara til Luster om Vigdalen. Det er i grunnen to steinar, som kvelver saman og gjer ein heller som ein kan smetta igjennom. Men dei ser mest ut som ein. Dei kallast ogs\u00e5 Styrksteinen, og det kjem seg av det, at del som fer der, kviler, et og styrkjer seg der. Kor omtenkte og vare dei enn var, kom Svartedauden til Jostedalen ogs\u00e5, og der skura han s\u00e5 p\u00e5, at alle rauk til s\u00e5 n\u00e6r som ei lita jente. Dei fortel s\u00e5 ymist: somme seier, at det til grannesokna i Gudbrandsdalen kom sj\u00f8lvstelles sju b\u00f8lingar med sine bj\u00f8llekyr. Ingen kom og leita etter dei, men der var somme som trudde at dei laut h\u00f8yra til i Josteda\u00adlen. Gjorde dei det, laut det visst st\u00e5 gale til. F\u00f3r s\u00e5 nokre hit over fjellet og ville r\u00f8yna korleis tilstandet var. Andre seier at det vart sendt folk fram fr\u00e5 grannebygdene i Sogn og skulle sj\u00e5 etter korleis alt stod til, d\u00e5 det ikkje vart lagt fleire brev under steinen.<\/p>\n<p>Husa stod tome, og mange av dei avlidne var ikkje gravlag\u00adde. Dette var vel om hausten. Dei f\u00f3r gjennom heile dalen, men dei s\u00e5g ikkje r\u00f8yk fr\u00e5 ei einaste stove og fann ikkje eit einaste liv. D\u00e5 dei kom fram i Mjelves-dalen, s\u00e5g dei i nysn\u00f8en far etter eit menneske. Dei f\u00f8lgde det, og p\u00e5 garden Bj\u00f8rkahaug s\u00e5g dei ei lita jente. Med det same ho vart var dei, la ho til sprangs, inn i bj\u00f8rkeskogen. Men dei var god til \u00e5 taka henne. Dei spurde henne om ymist, men ikkje skj\u00f8na ho dei og ikkje dei henne, s\u00e5 n\u00e6r som nokre ord: \u00abMor \u2013 vetle rjupa.\u00bb Dei fortel at d\u00e5 mora hennar d\u00f8ydde, sette ho mat att p\u00e5 bordet, smette vesle jenta inn i ei fj\u00f8rseng og stakk mat nedi der, s\u00e5 ho i alle fall ikkje skulle svelte i hel. D\u00e5 dei fann henne, var det vakse fast fj\u00f8r p\u00e5 henne. Mennene tok jenta med seg heim, og ho vart ei skikke\u00adleg og bra jente. Somme fortel at ho sidan vart gift og budde p\u00e5 Bj\u00f8rkahaug, der ho sidan vart verande til sin d\u00f8yande dag. Men fleire seier at ho busette seg p\u00e5 Runn\u00f8y i enden av Gaupnefjorden, der josted\u00f8lane k\u00f8yrer til sj\u00f8s. Dei kalla henne Jostedalsrypa etter det mora hennar hadde sagt, d\u00e5 ho stakk henne ned i fj\u00f8rsenga. Og slekta hennar, som vart gj\u00e6v og mektig, kalla del rypeslekta. Den slekta skulle ha det til merke framfor andre, at ho hadde \u00abfuglahold\u00bb, det vil seia store, opne sveittehol i holdet og huda etter den duna som var byrja veksa p\u00e5 henne.<\/p>\n<p>Somme har fortalt at ho vart gift med ein storkar fr\u00e5 Dan\u00admark, og at ho flytta derned med han.<\/p>\n<p><strong>Kjelde<\/strong><\/p>\n<p>Sande, Olav. (1892). <em>Segner fraa Sogn.\u00a0<\/em>(Bd. 2). Bergen: Mons Litler\u00e9, side 102-104 [<a href=\"https:\/\/urn.nb.no\/URN:NBN:no-nb_digibok_2012070308095\">Digital utg\u00e5ve, Nasjonalbiblioteket<\/a>]<\/p>\n<p>Segna er her attgjeven etter <em>Norske segner<\/em>, Oslo 1981, side 183-184 [<a href=\"https:\/\/urn.nb.no\/URN:NBN:no-nb_digibok_2012112707101\">Digital utg\u00e5ve, Nasjonalbiblioteket<\/a>]<\/p>\n<p><strong>Merknad<\/strong><\/p>\n<p>Det er Olav Sande sin versjon av segna som seinare har vorte standardversjonen av Jostedalsrypa i leseb\u00f8ker og segnsamlingar. Han var i Jostedalen 1887, same \u00e5ret som den fyrste segnsamlinga fr\u00e5 Sogn kom ut. I tillegg har samlinga til Sande \u00f2g ei rad andre segner fr\u00e5 Jostedalen. Dette er s\u00e5leis den mest omfattande dokumentasjonen av den rike segnskatten v\u00e5r.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Jostedalsrjupa Mange av del rikaste og gj\u00e6vaste \u00e6ttene i Sogn drog opp i Jostedalen og ville p\u00e5 den m\u00e5ten sleppa Svartedauden. Der busette dei seg, bygde hus og rudde gardar. Men dei hadde gjort den avtalen med folk nede ved fjordane, at dei ikkje m\u00e5tte lydast fram til dei p\u00e5 nokon m\u00e5te, f\u00f8r farangen var [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"parent":27,"menu_order":10,"comment_status":"open","ping_status":"closed","template":"","meta":{"ngg_post_thumbnail":0,"footnotes":""},"class_list":["post-40","page","type-page","status-publish","hentry"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/40","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=40"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/40\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":3757,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/40\/revisions\/3757"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/27"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=40"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}