{"id":861,"date":"2009-12-29T00:11:19","date_gmt":"2009-12-28T22:11:19","guid":{"rendered":"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=861"},"modified":"2025-04-13T15:11:07","modified_gmt":"2025-04-13T13:11:07","slug":"kallsboka","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=861","title":{"rendered":"Kallsboka (1830-i dag)"},"content":{"rendered":"<p>&nbsp;<\/p>\n<p><strong>Kalds-Bog for Justedals Pr\u00e6stegj\u00e6ld begyndt 1830<\/strong><\/p>\n<p><em>Innhald<\/em><br \/>\n1. En Beskrivelse over Pr\u00e6stegj\u00e6ldets Gr\u00e6ndser etc.<br \/>\n2. Om Kirken [avskrift <a href=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=895\">om kyrkja <\/a>| <a href=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?page_id=881\">om tienda<\/a>]<br \/>\n3. Series pastorium loci [presterekkja]<br \/>\n4. Om Pr\u00e6stegaarden<br \/>\n5. Mensalgodset og de faste Indt\u00e6gter<br \/>\n6. Visitatsbem\u00e6rkninger<br \/>\n7. Kirkeb\u00f8ker avgit til Statsarkivet<\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/kallsbok-avskrift.pdf\">Kallsbok for Jostedalen &#8211; avskrift av dei eldste delane (25.1.2010)<\/a> (Avskrifta dekkjer delar av kapitla 2, 3, 4 og 5.)<\/p>\n<p><strong><a href=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/wordpress\/wp-content\/upLoads\/kallsbok-tittel.jpg\"><img decoding=\"async\" class=\"alignleft size-thumbnail wp-image-926\" title=\"kallsbok-tittel\" src=\"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/wordpress\/wp-content\/upLoads\/kallsbok-tittel-150x100.jpg\" alt=\"kallsbok-tittel\" width=\"250\" srcset=\"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/wordpress\/wp-content\/upLoads\/kallsbok-tittel-150x100.jpg 150w, https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/wordpress\/wp-content\/upLoads\/kallsbok-tittel-300x201.jpg 300w, https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/wordpress\/wp-content\/upLoads\/kallsbok-tittel-1024x687.jpg 1024w, https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/wordpress\/wp-content\/upLoads\/kallsbok-tittel.jpg 1135w\" sizes=\"(max-width: 150px) 100vw, 150px\" \/><\/a><\/strong><\/p>\n<p>Kallsboka er ein fin skinninnbunden protokoll.<\/p>\n<p>I kallsboka skal prestane skrive inn ymse opplysningar om kallet, til orientering for biskop, prost og etterkomarar\u00a0(<a href=\"http:\/\/lokalhistoriewiki.no\/index.php\/Leksikon:Kallsbok\">sj\u00e5 lokalhistoriewiki<\/a>). Her kan ein finne ei rad historiske opplysningar om prestane, presteembetet og kyrkja. Fr\u00e5 tida etter at ein tok til \u00e5 f\u00f8re kallsboka, er dette ei temmeleg p\u00e5liteleg prim\u00e6rkjelde. Dei historiske opplysningane fr\u00e5 tida f\u00f8r kallsboka vart p\u00e5byrja, er meir usikre og byggjer p\u00e5 ei blanding av dokument og munnleg overleverte opplysningar.<\/p>\n<p>I Bergens stift kom f\u00f8ringa av kallsb\u00f8ker i gang i 1820-\u00e5ra. Fr\u00e5 tida f\u00f8r 1820 kjenner ein berre tre kallsb\u00f8ker fr\u00e5 bisped\u00f8met. Det var eit initiativ fr\u00e5 biskop Jacob Neumann i september 1828 som fekk fart p\u00e5 arbeidet. Han sende eit brev til prostane med direktiv om \u00e5 f\u00e5 i gang kallsbokf\u00f8ringa, og prostane formidla ordren vidare til prestane. Skrivet fr\u00e5 Neumann er innteke fyrst i kallsboka. I 1830 var Neumann p\u00e5 visitas. Dette er ikkje kome med i kallsboka, som alts\u00e5 er &laquo;begyndt 1830&raquo;, s\u00e5 ein kan vel gisse at presten har f\u00e5tt tydeleg melding om \u00e5 kome i gang med kallsbokf\u00f8ringa under denne visitasen. Kallsboka skulle autoriserast av biskopen, noko som skjedde d\u00e5 biskop Neumann var p\u00e5 visitas i Luster 23. juni 1834.<\/p>\n<p>Det var presten Bernt Anker Leigh (1800\u20131872) som tok til \u00e5 f\u00f8re kallsboka. Han vart utnemnt til prest i Jostedalen 22.11.1828 og var den fyrste presten her etter at Peder Pavels Aabel hadde styrt kallet fr\u00e5 Sogndal 1823-28. Det var s\u00e5leis Leigh som skreiv inn dei historiske opplysningane om tida f\u00f8r han sj\u00f8lv kom til Jostedalen. Han opplyser at han tok til \u00e5 f\u00f8re kallsboka i 1830, s\u00e5 dei historiske opplysningane er truleg f\u00f8rte inn dette \u00e5ret. Leigh var prest her til 1834.<\/p>\n<p>Berre ei f\u00f8rebels avskrifta er s\u00e5 langt tilgjengeleg. Det st\u00e5r att \u00e5 kontrollere ein del uklare punkt i teksten (sj\u00e5 f\u00f8reordet), og berre dei eldste delane av kallsboka er\u00a0s\u00e5 langt skrivne av. Det vil hovudsakleg seie dei delane Leigh skreiv fr\u00e5 han tok til med f\u00f8ringa i 1830 til han forlet Jostedalen i 1834. Fleire delar vil bli skrivne av etter kvart, s\u00e5 den digitale avskrifta vil kome i nye versjonar.<\/p>\n<p>Oddmund Hoel har kopiar til utl\u00e5n (digitale og papir) av dei delane av kallsboka som ikkje er med i avskrifta.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>&nbsp; Kalds-Bog for Justedals Pr\u00e6stegj\u00e6ld begyndt 1830 Innhald 1. En Beskrivelse over Pr\u00e6stegj\u00e6ldets Gr\u00e6ndser etc. 2. Om Kirken [avskrift om kyrkja | om tienda] 3. Series pastorium loci [presterekkja] 4. Om Pr\u00e6stegaarden 5. Mensalgodset og de faste Indt\u00e6gter 6. Visitatsbem\u00e6rkninger 7. Kirkeb\u00f8ker avgit til Statsarkivet Kallsbok for Jostedalen &#8211; avskrift av dei eldste delane (25.1.2010) [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"parent":100,"menu_order":6,"comment_status":"open","ping_status":"open","template":"","meta":{"ngg_post_thumbnail":0,"footnotes":""},"class_list":["post-861","page","type-page","status-publish","hentry"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/861","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=861"}],"version-history":[{"count":23,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/861\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":3789,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/861\/revisions\/3789"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/100"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=861"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}