{"id":48,"date":"2002-12-01T20:27:01","date_gmt":"2002-12-01T18:27:01","guid":{"rendered":"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?p=48"},"modified":"2011-05-27T14:43:50","modified_gmt":"2011-05-27T12:43:50","slug":"aktivitetar-og-arbeidsoppgaver-2001%e2%80%932002","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?p=48","title":{"rendered":"Aktivitetar og arbeidsoppg\u00e5ver 2001\u20132002"},"content":{"rendered":"<p>[Prenta i <em>Luster. Lokalhistorisk \u00e5rbok,<\/em> nr. 5, 2002.]<!--more--><\/p>\n<p>Etter at Jostedal Historielag i \u00e5r 2000 fekk kulturpris og fin omtale, s\u00e5 gav det ei ekstra oppmuntring til \u00e5 halde fram med dei ymse oppg\u00e5vene:<\/p>\n<p>&#8211; Jostedalskartet<br \/>\n&#8211; restaurering av garden Berget<br \/>\n&#8211; registrering av gamle bilete<br \/>\n&#8211; bokutgjeving<br \/>\n&#8211; Kulturminnedagen 8. september 2002<\/p>\n<p><strong>Jostedalskartet<\/strong><br \/>\nJostedalen har enorme turmoglegheiter, spennande turm\u00e5l og rike kulturminne, og difor fekk styret ideen om \u00e5 lage eit kart. Dette vart arbeids- og tidkrevjande, og me tok p\u00e5 oss ei oppg\u00e5ve som var st\u00f8rre og meir omfattande enn kva me hadde tenkt. Historielaget har sj\u00f8lvsagt leigt fagleg hjelp av mellom anna \u00c5ne Elgersma, og me har kj\u00f8pt rettar hj\u00e5 Kartverket. Styremedlemane har vore med \u00e5 skrive tekstar til fotografi som me skal ha p\u00e5 baksida av kartet. Me har tenkt \u00e5 sp\u00f8rje lokale sponsorar om hjelp til finansiering, og me vonar at \u00c5ne og andre fagfolk me har knytt til oss held fram med like stor iver.<\/p>\n<p><strong>Garden Berget<br \/>\n<\/strong>Fram til no har Historielaget pr\u00f8vd \u00e5 ta vare p\u00e5 bygningane i Berget for at etterkommarane skal f\u00e5 sj\u00e5 korleis folk i eldre tider levde. Laget arbeider med \u00e5 halda ved like dei gamle bygningane i Berget. Me har v\u00f8lt fj\u00f8sen der me har lagt nytt torvtak og rydda i \u201cm\u00f8kakjellaren\u201d og inni fj\u00f8sen i tillegg til at me har arbeidd med murveggane. I sommar fekk me endeleg retta opp att det skeive hj\u00f8rna p\u00e5 hovudhuset. Snikkaren v\u00e5r, K\u00e5re Reidar Aasen, har veldig god innsikt og gjorde eit veldig flott arbeid. Me er difor sv\u00e6rt godt n\u00f8gde med resultatet. K\u00e5re Reidar s\u00e5g ogs\u00e5 at stabburet trengde vedlikehald b\u00e5de med takrenner og oppretting. Sj\u00f8lve gardstunet i Berget ligg p\u00e5 eit sva. Me fekk k\u00f8yrt p\u00e5 noko jord ved stabburstrappa, noko me trur vil gjere tunet finare. Me har vore heldige og f\u00e5tt b\u00e5de kommunale og statlege midlar til finansiering av husa i Berget, og sakshandsamaren hj\u00e5 Fylkesmannen hadde mange lovord om alt dugnads\u00adarbeidet som er lagt ned.<\/p>\n<p>Ei klar utfordring til styret blir \u00e5 finne ei framtidsretta nytte av garden. Kan me f\u00e5 nokon til \u00e5 stelle kulturmarka og bu i Berget om sommaren?<\/p>\n<p>For \u00e5 f\u00e5 inspirasjon til arbeidet v\u00e5rt vidare var styret ein tur til Avdal i \u00c5rdal i v\u00e5r og s\u00e5g korleis \u00e5rd\u00f8lene hadde restaurert n\u00e6r 20 hus og brukte dei som overnattingsplassar.<\/p>\n<p><strong>Registrering av gamle foto<br \/>\n<\/strong>Fylkesarkivet leier arbeidet med \u00e5 registrere gamle bilete. Dei har utarbeidd ein mai for slik registrering. N\u00e5r fotografia er registrerte er det r\u00e5d for \u00e5lmenta \u00e5 leite opp att bileta p\u00e5 internett.<\/p>\n<p>Ungdomslaget arrangerer marknadshelg kvart \u00e5r, og har alltid vore positive til fleire aktivitetar i tillegg til dei tradisjonelle. For \u00e5 f\u00e5 folk flest interesserte i \u00e5 ta vare p\u00e5 gamle bilete gjorde styret avtale med Edvin Brun fr\u00e5 bedrifta Datapart og Peder Kj\u00e6rvik ved Breheimsenteret om \u00e5 skipa til ein dag med skanning og utstilling i samfunnshuset. Me hadde \u201cFamiliebilete f\u00f8r 1960\u201d som tema. Det samla seg mykje folk og dei eldste hjelpte dei yngste til \u00e5 finne alle namna p\u00e5 fotografia. Me har laga v\u00e5rt eige arkiv med registrerings\u00adskjema og foto, til saman 124 stk.<\/p>\n<p><strong>Bokutgjeving<\/strong><br \/>\nAlfred Espe har produsert fleire velskrivne artiklar fr\u00e5 Jostedalen til \u201cLokalhistorisk \u00e5rbok for Luster\u201d. I 2001 la han fram eit manuskript som handla om Jostedalen i eldre tid, fr\u00e5 istid til sj\u00f8lveigartid. Forfattaren d\u00f8ydde f\u00f8r han fekk fullf\u00f8rt arbeidet.<\/p>\n<p>Alfred Espe hadde store historiske kunn\u00adskapar, engasjement og god evne til \u00e5 dr\u00f8fte historisk kjeldemateriale. Bokprosjektet til Alfred innheldt fine sj\u00f8lvlaga illustrasjonar. Jostedal Historielag engasjerte Oddmund Hoel, tidlegare redakt\u00f8ransvarleg for fleire b\u00f8ker i Det Norske Samlaget. Han meinte at dette var sv\u00e6rt verdifullt stoff som me m\u00e5tte gje ut i bokform. Han har ogs\u00e5 teke p\u00e5 seg redakt\u00f8ransvaret. Boka kjem ut i \u00e5r.<\/p>\n<p><strong>Kulturminnedagen 8. september 2002<\/strong><br \/>\nJostedal Historielag skipa til ei markering av kulturminnedagen der stikkordet var \u201cVandring fr\u00e5 skulehus til skulehus\u201d. Me starta i Sperle skulehus kl 1030. Dette huset eig Bjarne Sperle, og han fortalde i fr\u00e5 han var elev her. Huset, som er det eldste i bygdi, var i bruk til 1968. Turen gjekk s\u00e5 vidare etter gamlevegen til skulehuset fr\u00e5 Krundalen som st\u00e5r i Prestegarden. Dette skulehuset eig Historielaget og dei har m\u00f8blert det etter gammalt m\u00f8nster. Tomta vart kj\u00f8pt av staten i \u00e5r.<\/p>\n<p>Alle som bes\u00f8kte skulehuset m\u00e5tte skrive namnet sitt med blekk og fj\u00f8rpenn. Leiaren fortalde om samanhengen mellom kornmagasinet og skulehusbyggjing. Turen bar s\u00e5 vidare til \u201cnyeskulen\u201d der me gjekk ein fin natursti, og det var r\u00e5d \u00e5 kj\u00f8pa heimelaga vassgraut, potetkake mm.<\/p>\n<p><strong>Styret 2002<br \/>\n<\/strong>Sigbj\u00f8rg Sperle, leiar<br \/>\nHarald Haugen, nestleiar<br \/>\nEinar Blikra, kasserar<br \/>\nAud Foss\u00f8y, sekret\u00e6r<br \/>\nLars Neset, styremedlem<\/p>\n<p>Peder Kj\u00e6rvik, representant i skriftstyret for Lokalhistorisk \u00c5rbok for Luster<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>[Prenta i Luster. Lokalhistorisk \u00e5rbok, nr. 5, 2002.]<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"ngg_post_thumbnail":0,"footnotes":""},"categories":[18],"tags":[],"class_list":["post-48","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-arbeidsplanar"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/48","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=48"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/48\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":1758,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/48\/revisions\/1758"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=48"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=48"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=48"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}