{"id":77,"date":"2006-12-01T22:41:38","date_gmt":"2006-12-01T20:41:38","guid":{"rendered":"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?p=77"},"modified":"2007-05-14T22:43:55","modified_gmt":"2007-05-14T20:43:55","slug":"stadnamnprosjektet-i-jostedal-jsa","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?p=77","title":{"rendered":"Stadnamnprosjektet i Jostedal (JSA)"},"content":{"rendered":"<p>[Fr\u00e5 <em>Jostedal skule- og bygdeavis<\/em>, 2006.]<\/p>\n<p>Av Ann Kristin Sperle<!--more--><\/p>\n<p>Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har starta ei omfattande kartlegging av gamle stadnamn i fylket. Lokale folk f\u00e5r utdelt kart over omr\u00e5der, skriv ned alle stadnamn dei veit om, snakkar med eldre folk som gjerne har f\u00e5tt fortalt historier om namn fr\u00e5 end\u00e5 eldre tider, og slik h\u00e5par ein \u00e5 f\u00e5 samla inn s\u00e5 mange namn som mogleg.<\/p>\n<p>Historielaget i Jostedalen, med Kristen Ormberg i spissen hadde lyst til \u00e5 f\u00e5 kartlagt alle stadnamna i Jostedalen, og byrja p\u00e5 dette arbeidet hausten 2005. Men arbeidet viste seg \u00e5 vere omfattande, og dei ville dermed tilsette nokon til \u00e5 gjere det. I januar i \u00e5r vart eg spurd om eg ville ta p\u00e5 meg ansvaret for \u00e5 gjere ferdig dette prosjektet. Eg tykte det h\u00f8yrdest spanande ut, og takka ja til jobben.<\/p>\n<p>I dei fleste kommunar har folk innsamlinga fr\u00e5 1986 \u00e5 st\u00f8tte seg til, ei innsamling som vart gjort i samband med utgjevinga av bygdeboka. D\u00e5 er det berre \u00e5 bruke dei same karta som vart nytta i 1986, og supplere med det ein m\u00e5tte finne ut. I Jostedalen har me og 1986-innsamlinga \u2013 i tillegg til fleire andre. \u00d8ystein Fr\u00f8ysadal samla inn over 1000 namn i 1959, men her manglar det kart. Me har skuleinnsamling fr\u00e5 1933 som me kan bruke \u2013 men her og manglar det kart. I tillegg har Gudlaug Nedrelid ei ganske omfattande innsamling med kart.\u00a0<\/p>\n<p>Jobben min har vore \u00e5 samk\u00f8yre desse 4 innsamlingane og snakke med informantar i alle grender om det finnast fleire namn som b\u00f8r vere med. Eg tykte dette verka rimeleg greitt, og tok fatt p\u00e5 jobben med friskt mot. Eg hadde ca. 2 m\u00e5nadar p\u00e5 meg f\u00f8r eg skulle starte p\u00e5 skule att. Men det viste seg at til meir eg jobba med stoffet, til meir vart det \u00e5 gjere. Det dukka opp \u201dnye\u201d kart: grender som har komme p\u00e5 grensa mellom to kartblad gav litt problem for folka som skulle f\u00f8re p\u00e5 alle stadnamna. L\u00f8ysinga deira var at dei \u201dlaga\u201d nye kart ved \u00e5 kopiere saman to standardkart. Problemet mitt er at desse karta ikkje finst i \u00f8konomisk kartverk, s\u00e5 eg m\u00e5tte starte p\u00e5 nytt og f\u00f8re alt inn p\u00e5 standard karta.<\/p>\n<p>Det har vore ein l\u00e6rerik jobb, og eg tykkjer det har vore moro. Men og slitsamt. Det gjeld \u00e5 holde tunga rett i munnen for \u00e5 unng\u00e5 t.d. dobbeltoppf\u00f8ringar. Og tida har g\u00e5tt litt for fort. Spesielt n\u00e5r eg har snakka med folk. Ofte kjem det eine gode historia etter den andre, og kven klarar vel \u00e5 tenkje p\u00e5 klokka d\u00e5?<\/p>\n<p>D\u00e5 fyrste tidsfristen (som var p\u00e5ske) ikkje gjekk, tenkte eg at eg i alle fall m\u00e5 bli ferdig til sommarferien. Dette viste seg og \u00e5 bli vanskeleg. No viser kalenderen slutten av oktober og eg er end\u00e5 ikkje kommen i m\u00e5l. Kven skulle tru at det var so mange namn i Jostedalen?<\/p>\n<p>Eg har f\u00e5tt rigga meg opp kontor p\u00e5 gamle biblioteket p\u00e5 kommunehuset. Det er godt \u00e5 ha litt \u201dalbogarom\u201d n\u00e5r ein skal sj\u00e5 p\u00e5 mange kart samtidig. Men det har og vorte mange arbeidstimar heime p\u00e5 Nes. Eg har f\u00f8rt inn alle stadnamna p\u00e5 data \u2013 og har funne eit system som etter kvart fungerar bra. I tillegg har alle informantar lese inn namna sine p\u00e5 band. Etter kvart som eg er ferdig med eit kartblad, sender eg det inn til Fylkesarkivet saman med alle namna, og tilh\u00f8yrande lydfiler. Fylkesarkivet skal til slutt legge alle namna ut p\u00e5 internett slik at alle kan nytte seg av dei. Og lydfiler er ein utmerka m\u00e5te \u00e5 bevare dialekten p\u00e5 for dei seinare generasjonar.<\/p>\n<p>Det byrjar \u00e5 haste litt med \u00e5 bli ferdig med dette. Det er ikkje mange att i dag som set med informasjon om gamle stadnamn. Universitetet i Bergen er interesserte i \u00e5 finne ut kor mange av dei eldste stadnamna me klarar \u00e5 kartfeste. T.d. samlinga fr\u00e5 1933, som berre best\u00e5r av A4-sider med namn. Der er det eindel svinn, rett og slett fordi folk som viste dette gjekk bort for fleire \u00e5r sidan.<\/p>\n<p>Eg tykkjer det er ein viktig jobb som blir gjort, so all \u00e6re til historielaget som fekk dette i gang. Bygdelaget har vel og ein finger med i spelet. No f\u00e5r eg berre h\u00e5pe at resultatet blir so bra so dei hadde tenkt. Det er komme f\u00f8respurnad om eg kan vere med \u00e5 samle inn namn i andre deler av kommunen og. Og det er godt mogleg. Men no m\u00e5 eg bli ferdig i Jostedalen. Tilbake til arbeid\u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>[Fr\u00e5 Jostedal skule- og bygdeavis, 2006.] Av Ann Kristin Sperle<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"ngg_post_thumbnail":0,"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[],"class_list":["post-77","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-stadnamn"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/77","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=77"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/77\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=77"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=77"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=77"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}