{"id":79,"date":"2003-10-23T22:45:20","date_gmt":"2003-10-23T20:45:20","guid":{"rendered":"http:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?p=79"},"modified":"2007-05-14T22:49:38","modified_gmt":"2007-05-14T20:49:38","slug":"stor-stadnamnsamling-fra-1959-har-dukka-opp","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/?p=79","title":{"rendered":"Stor stadnamnsamling fr\u00e5 1959 har dukka opp (JSA)"},"content":{"rendered":"<p>[Fr\u00e5 <em>Jostedal skule- og bygdeavis<\/em>, 2003.]<!--more--><\/p>\n<p>I samband med prosjektet \u201dDen eldste busetnaden i Jostedalen\u201d har me kome i kontakt med Ole-J\u00f8rgen Johannessen, fyrsteamanuensis i namnegransking ved Nordisk institutt, Universitetet i Bergen. Han kan opplyse at instituttet nyleg fann ei stor stadnamnsamling fr\u00e5 Jostedalen d\u00e5 dei rydda i arkivet sitt! Opplysningane er sv\u00e6rt interessante, ikkje minst fordi historielaget er i gang med eit nytt stort stadnamnprosjekt.<\/p>\n<p>Innsamlinga vart gjord av \u00d8ystein Fr\u00f8ysadal, truleg sommaren 1959, medan han framleis var l\u00e6rar p\u00e5 Tanks skole i Bergen. \u00c5ret etter vart Fr\u00f8ysadal tilsett som fyrsteamanuensis i namnegransking ved universitetet, og d\u00e5 har han teke med seg samlinga dit. Men han fekk aldri gjort meir med materialet, og difor vart samlinga liggjande i arkivet til ho no dukka opp att.<\/p>\n<p>Me fekk Johannessen til \u00e5 ta ein rask kikk p\u00e5 samlinga og gje ei fagleg vurdering rett f\u00f8r Jsa-fristen for \u00e5 f\u00e5 med dette ny(?)hendet i bladet. Han opplyser at namna er skrivne ned i to kladdeblokker i A5-format, ei p\u00e5 70 sider og ei p\u00e5 150 sider. I tillegg finst det kartriss for det meste av dalen der namna er skrivne inn eller markerte med nummer. Underlaget ser ut til \u00e5 vere nokre gamle telegrafverkkart. Det finst kartriss for 27-28 omr\u00e5de, flest gardar, men \u00f2g noko utmark.<\/p>\n<p>Det ser ut til at han har vore p\u00e5 kring 20 av dei 26 namnegardane i bygda, men ikkje p\u00e5 alle bruk. Til d\u00f8mes har han berre vore p\u00e5 bruksnummer 1, 2 og 8 under \u00c5sen. S\u00e5 det er truleg ein del hol i samlinga, men for tidleg \u00e5 seie kor mange og store. Likevel er det neppe mykje tvil om at dette er den st\u00f8rste og beste stadnamninnsamlinga som er gjort i Jostedalen \u2013 eit sv\u00e6rt omtrentleg overslag kan tyde p\u00e5 at det er mellom 2500 og 4000 namn i samlinga.<\/p>\n<p>Oppskriftene er gjorde med lita og utydeleg blyantskrift, s\u00e5 materialet er ikkje brukande f\u00f8r fagfolk har f\u00e5tt h\u00f8ve til \u00e5 handsame det. Vonleg vil me f\u00e5 til dette slik at det kan meldast meir om samlinga i neste Jsa.<\/p>\n<p>Kristen Ormberg skriv i stykket sitt at han har h\u00f8yrt om ei stadnamninnsamling i 1950-\u00e5ra. Kanskje kan det vere Fr\u00f8ysadal si, men Johannessen har \u00f2g h\u00f8yrt rykte om at det kan ha vore ei innsamling i \u00e5ra rett etter krigen eller tidleg i 1950-\u00e5ra. S\u00e5 dei som har h\u00f8yrt om noko slikt, m\u00e5 seie ifr\u00e5. Det same gjeld namnelistene fr\u00e5 Myklemyr krins fr\u00e5 1932. I heile Jostedalen som i resten av landet, samla storskulen inn stadnamn det \u00e5ret, og me veit at elevane p\u00e5 Myklemyr \u00f2g gjorde det. Men desse listene er korkje \u00e5 finna mellom kopiane til Fylkesarkivet eller originalane p\u00e5 Universitetet i Bergen.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>[Fr\u00e5 Jostedal skule- og bygdeavis, 2003.]<\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"ngg_post_thumbnail":0,"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[],"class_list":["post-79","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-stadnamn"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/79","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=79"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/79\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=79"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=79"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.historielaget.jostedal.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=79"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}