Main menu:

Undersider for Kulturminne:

Du er her: KulturminneGarden Berget

Garden Berget

I 1988 fekk Jostedal Historielag ein avtale med eigarane av garden Berget i Fåberg om å restaurera mest mogleg av tunmiljøet på garden. Då hadde det ikkje budd folk på garden sidan 1949. Frå gamalt av er Berget ein av dei store gardene i grenda. Det vart opphavleg rydda som husmannsplass under Nedre Fåberg i 1790-åra. Det fyrste som måtte gjerast var å leggja nytt tak på stovehuset for å hindra vidare forfall. Leiv Fåberg og Jostein Kreken stod for dette arbeidet. I 1999 vart det lagt nytt tak på fjøset for å berga murane. Ein måtte leigea hjelp til å gjennomføra dette, og Kåre Reidar Aasen gjorde eit godt arbeid her. Sjølve tekkinga med torv vart gjort på dugnad. Han har og retta opp murane på stovehuset, slik at det er mogleg å byrja på restaureringa av tredelen av huset. I tillegg til stovehus, stabbur og nyrestaurert fjøs er her turkestove, løe, murane av ein geitefjøs og 2 jordkjellarar. Denne fremste høgdegarden, vel 550 moh. er heilt spesiell med mura gjerde kring heile eigedomen og ei mura kve til potetane. Jostedal Historielag har ein avtale med eigarane på 40 år.

Stabburet i Berget er frå rundt 1880 og er handlafta. Stabburet er todelt, to rom med kvar sin inngang. I den fremste delen står det senger, og det var her tenestejentene låg. Jostedal Historielag har lagt nytt tak på stabburet og murt opp troppa. Ei diger steinhelle ligg framføre begge dørene. Arbeidet med restaureringa vart gjort på dugnad. Stabburet er eit av dei mange husa som stod i Berget då Historielaget overtok tunet. Då var alle husa svært til nedfalls, ein har prøvd å ta vare på dei mest verdfulle bygningane. I stabburet vart det mellom anna funne ein gamal protokoll for fattigkassa frå 1800-talet.

Sommaren 2003 vart det gjort ein del restaureringsarbeid på stovehuset på dugnad.

[nggallery id=2]

| |

Skriv ein kommentar