Main menu:

Undersider for Skred, flaumar og brevekst:

Du er her: Skred, flaumar og brevekst

Skred, flaumar og brevekst

Naturen har opp gjennom hundreåra fare hardt åt med Jostedalen. Det er snøskred og flaum som særleg har sett liv og bygningar i fare. Fjellskred og stein-, jord- og leirskred har det vore mindre av enn i ein del andre vestlandsbygder.

Dei mest særmerkte og spektakulære naturskadane i Jostedalen vart valda av framrykkinga til breane under den vesle istida i fyrste halvdel av 1700-talet. Jostedalen var ei av få bygder der breane gjekk så langt fram at dei øydela innmark og bygningar. Dette er òg godt dokumentert i kjelder frå samtida.

Forteljingane om naturskadane har gått frå generasjon til generasjon, og opplysingane i litteraturen er ikkje alltid like presise. På desse sidene presenterer me primærkjelder og mest mogleg nøyaktig dokumentasjon om flaumar, skred og breane si framrykking.

I nyare tid er det storflaumane i 1898 og 1979 som har valda mest skade, men ingen liv gjekk tapt.

| |

Skriv ein kommentar