
Jostedal historielag på Flickr
Flickr-profilen til historielaget har tre samlingar (album) som stammar frå arrangement under Marknadshelga i Jostedalen – ei fotoregistrering i 2001 (sjå nedafor), utstillinga vegar og bruer i Jostedalen og ei utstilling med flyfoto.
Registreringa i 2001
Historielaget digitaliserte og registrerte sommaren 2001 drygt 120 gamle foto med temaet «familiebilete før 1960». Bileta er tilgjengelege på flickr, og alle registreringsskjema ligg i ei open dropbox.mappe.
Fylkesarkivet – fotosamlinga
Fylkesarkivet har fleire hundre foto frå Jostedalen, til dels med god personmerking. Kopi av bileta kan tingast.
MARCUS, Universitetsbiblioteket i Bergen
Her ligg mellom anna samlinga til den kjende landskapsfotografen Knud Knudsen som tok ei rekkje bilete i Jostedalen frå 1870-åra og frametter. Søk på «jostedal» og «jostedalen» avgrensa til fotografi.
Nasjonalbiblioteket
Nasjonalbiblioteket si fotosamling omfattar det tidlegare Galleri Nor, som var fotosamlinga til Norsk Folkemuseum. Her ligg mellom anna inneheld landskapsbilete frå Jostedalen av Axel Lindahl (1880-åra) og Anders Wilse (1926). Her finn ein også ein del postkort, totalt eit par hundre foto frå Jostedalen, dei eldste frå 1860-åra.
DigitaltMuseum
Her ligg det mange hundre foto frå Jostedalen, mellom anna frå Norsk vegmuseum.
Publisert av Oddmund, 11.05.2007 (sist endra 16.04.2025)
Kommentar frå geir johnsen
Tid: 4. september 2014, 13:24
Hei
«Historielaget digitaliserte og registrerte sommaren 2001 kring 120 gamle foto med temaet «familiebilete før 1960?. Dei er ikkje tilgjenglege på Internett enno.»
Har du en status på dette arbeidet? Er en stund siden 2001… Min kone har etterkommere eter Ole Olson Fossen fra Fossen, så derfor lurer jeg på om det kan være noen gamle fotos fra det bruket?
mvh,
Geir Johnsen
Kommentar frå geir johnsen
Tid: 4. september 2014, 13:25
Hei
«Historielaget digitaliserte og registrerte sommaren 2001 kring 120 gamle foto med temaet «familiebilete før 1960?. Dei er ikkje tilgjenglege på Internett enno.»
Har du en status på dette arbeidet? Er en stund siden 2001… Min kone har etterkommere eter Ole Olson Fossen fra Fossen, så derfor lurer jeg på om det kan være noen gamle fotos fra det bruket?
mvh,
Geir Johnsen
Skriv ein kommentar