Main menu:

Du er her: Utstillingar

Utstillingar

Jostedal historielag har laga til fleire utstillingar i Jostedal samfunnshus under Markadshelgi i juli.

Draktutstilling på Breheimsenteret (1995-2011)
Jostedal historielag fekk i 1995 ein større bunadsskatt i gåve. Det vart laga til ei draktutstilling som gjekk inn i dei permanente utstillingane til Breheimsenteret, og den gjekk tapt då Breheimsenteret brann ned til grunnen i juli 2011.

Vegar og bruer i Jostedalen (2024)
Utstillinga stod oppe under markadshelga og er tilgjengeleg på Flickr.

Flyfoto frå 1958-1959 (2022)
Fjellanger Widerøe tok flyfoto av gardane i Jostedalen i 1958 eller 1959 slik dei gjorde i landet elles. Mange skaffa seg foto i stort format av sine eigne gardar og fekk dei ramma inn og hengde på veggen. Desse fotoa vart lånte inn av Jostedal historielag og stilte ut under Marknadshelgi i Jostedalen 30.-31. juli 2022. Laget digitaliserte også dei 38 fotoa som vart utstilte før dei vart leverte tilbake til eigarane, og dei finne ein i Flickr-albumet.

Sjur Hesjevoll-utstilling (2009)
Under marknadshelga i Jostedalen i juli 2009 laga historielaget til ei utstilling med kunst etter Sjur Hesjevoll. Me har laga til ei nettutstilling av dette og lagt ut ein del stoff om Sjur Hesjevoll og utstillinga – sjå menyen til høgre for fleire val.

Jaktutstilling (1999)
Under marknadshelga i Jostedalen i juli 1999 laga historielaget til ei stor jaktutstilling i Jostedal samfunnshus. Utstillinga stod oppe dei to dagane marknadshelga vara.

| |

Kommentarar

Kommentar frå Anne Marta Hoff
Tid: 27. juli 2011, 11:36

Hei!
Har forstått at de har i eige ein del gammalt draktmateriale frå Jostedalen og at dette er oppbevart på Breiheimmuseet. Er det tilgjengeleg for folk flest? Er det utstilt på nokon måte? Er det gjort fotodokumentasjon av materialet som er tilgjengeleg?

Helsing frå Anne Marta

Kommentar frå Oddmund
Tid: 29. juli 2011, 09:46

Uff og uff, Anne Marta! Spørsmålet ditt kom halvtanna døger før heile Breheimesenteret med alt gamalt draktmateriale brann opp. Dette var nok noko av det mest uerstattelege som gjekk med i brannen. Eg er usikker på kva som finst av fotodokumentasjon, men det må me no undersøkje.

Skriv ein kommentar