Main menu:

Undersider for Utstillingar:

Du er her: UtstillingarBunadsutstillinga

Bunadsutstillinga

Eitt av bunadsliva som gjekk med i brannenJostedal historielag hadde ei bunadsutstilling på Breheimsenteret frå hausten 1995 til senteret og utstillinga brann opp sommaren 2011 (sjå katalogen).

Kleda var ei gåve til Jostedal Historielag frå Margot Berge som budde i Bergen. Ho ervde dei frå mora Maria. Det var oldeforeldra Anders Andersson Haugen, gift med Mari Tøgersdotter Kronen som reiste frå Jostedal kring 1850. Dei drog til Romsdalen som så mange Jostedøler, men familien hamna til sist i Bergen.

Det var Lars Øyane som i samband med skrivinga av bygdebok for Jostedal, kom i kontakt med Margot Berge.

Denne samlinga er ein unik skatt for alle dei som studerer dei gamle draktskikkane. Spesielt interessant var det for Bjørg Hovland som har rekonstruert bunad frå fyrste halvdel av 1800-talet.

Her er mange ulike bunadsliv, både med og utan valk. Noko me meiner må vere ein brudestakk, belte – kanskje til mannfolk, broderte huer og barnehuer sydde av ulike typar tøy-stoff. Knappar, nåler m.m.

Eigar: Jostedal Historielag.

Tidlegare eigar: Margot Berge, oldebarn av Mari Kronen frå Jostedal.

Andre klede på Breheimsenteret

Jostedal historielag hjelpte i 1992-93 til med å samle ei rekkje gamle gjenstandar, mellom anna klede. Alt dette gjekk òg tapt i brannen, og dette var ikkje dokumentert slik bunadsutstillinga var.

Les meir

 

| |

Kommentarar

Kommentar frå Solgunn M. Flaktveit
Tid: 8. februar 2013, 13:25

Saman med Lars Øyane møtte eg Margot Berge. Det var før ho gav bunadsdelane til Jostedal historielag. Vi besøkte henne i heimen hennar, og det var eit fint møte med ein fjern slektning. Ho fortalte at bunadskleda hadde vore med ho heile livet, og at dei vart redda frå brann under krigen, då familien budde på Nordnes i Bergen. Slik eg minnes samtalen den gongen trur eg ho meinte at bunadsdelane hadde komme frå Mari Johnsdotter Kruna si slekt. Eg har bilete av Margot Berge, og av bunadsdelane.

Skriv ein kommentar