Bunadsskatt gjekk med i brannen
Då Breheimsenteret brann om kvelden 28. juli, gjekk ein del gamle gjenstandar i dei kulturhistoriske utstillingane tapt. Størst historisk verdi hadde nok samlinga med gamle bunadsdelar som var utstilte i kjellaren. I samlinga var det sju bunadsliv, to bringedukar med perlebroderi på silke, ei trøye, eit forkle, eit stølebelte og fire konehuver og barnehuver. Dette var klede etter ekteparet Anders Andersson Haugen og Mari Johnsdotter Kruna som flytte frå Jostedalen til Romsdalen i 1853. Oldebarnet Margot Berge gav i 1995 kleda i gåve til Jostedal historielag, og dei har sidan same hausten vore utstilte på Breheimsenteret. Kleda er heldigvis fotograferte og registrerte av Norsk institutt for bunad og folkedrakt ved Valdresmusea. (Sjå katalogen.)
Jostedal historielag hjelpte i 1992-93 òg til med å samle inn ein del gjenstandar og andre klede til utstilingane. Alt dette gjekk tapt i brannen, men me har framleis ikkje detaljert oversyn over kva gjenstandar det var snakk om.
Publisert av Oddmund, 8. august 2011 under Generell.
Kommentarar: ingen
Skriv ein kommentar