Meldingsarkiv for 'Generell'
Ny nettside om skathelle!
Den lokale nasjonalsporten i Jostedalen, skathelle, har fått si eiga nettside! Brage Norberg og Lars Andreas Myklebust Neset har grave i historia til skathellekastinga og laga ein flott og innhaldsrik nettstad. Sjå https://www.skathelle.no/. På marknaden laurdag 18. juli vil dei presentere arbeidet sitt på skjerm i samfunnshuset.
Publisert av Oddmund, 11. juli 2026 i Generell.
Kommentarar: ingen
Tre bøker om familiane i Åsestølsgrenda av Ketil Stølen
Ketil Stølen publiserte i 2021 tre band om Åsestølsgrenda og folka som stammar derifrå. Stølen har gjort ein stor jobb med bøkene, som er baserte på innsamla fotografi, men også dokumenterer opphavet til desse slektene. Mange i Jostedalen har forfedrar med opphav eller nær relasjon til denne grenda. No har Jostedal historielag gjort bøkene tilgjengelege […]
Publisert av admin, 20. juni 2026 i Generell.
Kommentarar: ingen
Utvandring – ny side
Det er no komen ei ny side på nettstaden om den store utvandringa frå Jostedalen.
Publisert av Oddmund, 18. mai 2017 i Generell.
Kommentarar: ingen
Skredfarerapport med historiske opplysningar
Luster kommune fekk i dag overlevert rapporten med den nye skredfarekartlegginga for kommunen. Jostedalen er fyldig omtala, og rapporten inneheld eit oversyn over dei historiske skredhendingane i dalen. Her er mykje interessant stoff, både om fortidige hendingar og framtidige farar. Rapporten er laga av NGI på oppdrag frå NVE som ein lekk i den nasjonale […]
Publisert av Oddmund, 29. juni 2015 i Generell.
Kommentarar: ingen
200 år sidan det andre valet i Jostedalen
«De Stemmeberettigede valgte Rasmus Hansen Heljegaard til at møde som Repræsentant paa Wigøren i Anledning af et extraordinairt Storthing, som skulde holdes d. 7d October i Christiania.» Dette hende for 200 år sidan i dag, kan kyrkjeboka for Jostedalen fortel oss. 15. sundag etter trinitatis fall i 1814 på 18. september, som var på dagen seks […]
Publisert av Oddmund, 18. september 2014 i Generell.
Kommentarar: ingen
Verka ein lystig auksjon i Kroken inn på vala til riksforsamlinga?
I dag var det 200 år sidan seks bønder i Jostedalen måtte møte på sommartinget til rettslege avhøyr etter at dei var melde av soknepresten for «Uordener». Eit sentralt klagepunkt var at dei ikkje hadde møtt til gudsteneste tredje sundag i advent 1813 etter ein lystig auksjon i Kroken dagen før. To av dei var […]
Publisert av Oddmund, 15. juni 2014 i Generell.
Kommentarar: ingen
Artikkel om krisetiltaka i 1740-åra
Fyrste nummeret i år av tidsskriftet Heimen kom nyleg ut, og der står artikkelen «Offentlege krisetiltak i Jostedalen 1742-43». Han byggjer på føredraget på årsmøtet i Jostedal historielag i fjor. Artikkelen ligg ikkje på nettet, men nærare omtale og peikar til kjeldene ligg her.
Publisert av Oddmund, 18. april 2013 i Generell.
Kommentarar: ingen
Bunadsutstillinga på nettet
I 1995 fekk Jostedal historielag ei gamal samling med oppunder 50 bunadsdeler i gåve. Dei var utstilte på Breheimsenteret og gjekk tapt i brannen sommaren 2011. Heldigvis hadde Norsk institutt for bunad og folkedrakt ved Valdresmusea dokumentert kleda på kartotekkort og teke ei rekkje bilete. Historielaget har skanna katalogkorta, og dei er no tilgjengelege her på […]
Publisert av Oddmund, 19. januar 2013 i Generell.
Kommentarar: ingen
Historiestoffet i JSA 2012
Årets JSA er på veg ut i dei mange hundre heimar, og som vanleg er det mykje historisk stoff innimellom alt det andre. Me nemner: Jubileumsfeiring for Jostedal Helselag (s. 20-22), av lagsstyret – om 90-årsjubileet i 2012 med eit historisk tilbakeblikk Kulturkveld i Berget (s. 48), av Olav Stølen – om barsokfeiringa 5. september […]
Publisert av Oddmund, 9. desember 2012 i Generell.
Kommentarar: ingen
Føredrag om Jostedal sparebank
Høgskulen i Sogn og Fjordane skipa 10. mai til eit seminar om «Nynorsk finans». Morten Søberg, statssekretær i Finansdepartementet, heldt der eit føredrag det han gjekk mykje inn på Jostedal sparebank. Det er no lagt ut på nettsidene til Finansdepartementet. Les føredraget: Dødvinklar i den nynorske offentlegheita: Fjærland privatbank og Jostedal sparebank Sjå også: Jostedal sparebank […]
Publisert av Oddmund, 28. juni 2012 i Generell.
Kommentarar: ingen