Meldingsarkiv for 'Kjelder'
Telefonen 100 år!
I dag er det 100 år sidan Sperle rikstelefonstasjon opna, som den fyrste i Jostedalen. 13. november 1914 kunne jostedølene for fyrste gong kome i kontakt med omverda raskare enn den tida det tok å sende eit brev med hesteskyss. Under den nye sida Telekommunikasjon ligg no stoff om den 20 år lange kampen som […]
Publisert av Oddmund, 13. november 2014 i Kjelder.
Kommentarar: ingen
Folketeljingane 1815 og 1891 på nett
Personlistene i folketeljingane er særs viktige kjelder for dei som driv med slektsgransking og elles er ute etter historisk personinformasjon. Frå før ligg fleire folketeljingar på nettet, og no er det kome to til. I folketeljinga for 1815 sende prestane berre inn summeringar, ikkje namnelister, men for somme prestegjeld finst likevel namnelister. Historikar Hilde Jåstad oppdaga i […]
Publisert av Oddmund, 20. oktober 2014 i Kjelder.
Kommentarar: ingen
Stykke om Jostedalen frå 1942
Under Topografiske skildringar ligg det no eit stykke frå 1942, «Jostedalen – fjellbygdi ved den store glitrande isbreden». Det stod i Nynorsk vekeblad og er skrive av læraren Hallvard Hesjevoll. Her heiter det mellom anna: «Jostedølene er heimkjære og hjelpsame, og strevar trutt for tilværet. Dei dyrkar jordi, og «piner korn» or ei mager mold. […]
Publisert av Oddmund, 14. oktober 2013 i Kjelder.
Kommentarar: ingen
Stoff om flaumane
I dag er den store flaumdagen (15. august 1898 og 1979), og i sommar har det kome vatn i fontena på flaumminnesmerket i Fossøyane. Meir stoff om flaumane i Jostedalen ligg no ute på nettsida. Ein kan lese om ein lite kjend storflaum i 1741 (som ikkje kan ha vore lenge før 15. august!), og det er […]
Publisert av Oddmund, 15. august 2013 i Kjelder.
Kommentarar: ingen
Avskrift av den eldste kyrkjeboka
Den eldste kyrkjeboka for Jostedal prestegjeld dekkjer perioden 1733-1751. Me har no lagt ut ei fullstendig avskrift av dei 68 sidene i protokollen som framleis finst. Her kan jostedølene og jostedalssamfunnet følgjast frå veke til veke og til tider frå dag til dag, i gleder og sorger. Gå til avskrifta og nærare omtale.
Publisert av Oddmund, 15. august 2012 i Kjelder, Kyrkjehistorie.
Kommentarar: ingen
Med breen i tunet – kulturhistorisk vandring i Mjølvergrendi
Kva kan kjende og ukjende kjelder seie oss om framrykkinga til breane på 16- og 1700-talet? Ved Oddmund L. Hoel – styremedlem i Jostedal historielag og historikar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Sundag 17.6.2012, klokka 11. Oppmøte på Breheimsenteret. Påmelding: post@brefestivalen.no 576 83 250 Pris: 100nok Arr: Norsk brefestival Hefte til bruk under vandringa […]
Publisert av Oddmund, 16. juni 2012 i Aktivitetar, Kjelder.
Kommentarar: ingen
Ny side om målreisinga i Jostedalen
Det er no lagt ut ein del stoff om målreisinga i Jostedalen og laga ein eigen hovudkategori om dette (sjå menyen til venstre). Her ligg ein del kjelder og anna stoff. På lokalhistoriewiki ligg ein oversynsartikkel om språkskiftet til nynorsk i Jostedalen. Der er det òg peikarar til biografiar om mange av dei sentrale målfolka […]
Publisert av Oddmund, 10. februar 2012 i Kjelder.
Kommentarar: ingen
Nytt 1600-talsdokument om presteløna har dukka opp
I samband med jubileumsboka om kyrkja (2010) fann me fram til ei rekkje 1600-talsdokument om dei dårlege vilkåra for presten i Jostedalen. No har me vorte kjende med endå eit dokument. I 1660-åra var prestane og futane pålagde å setje opp manntal over alle menn i embetsdistrikta sine. Dette er velkjende og mykje brukte kjelder […]
Publisert av Oddmund, 8. august 2011 i Kjelder, Kyrkjehistorie.
Kommentarar: ingen
Kjelder om den vesle istida
Fleire dokument om den vesle istida i Jostedalen er lagde ut dei siste månadene. Viktigast, og nyast, er ei fullstendig avskrift av avtaksforretningane på gardane Ormberg, Åsen, Bergset, Elvekrok og Mjølver i august 1742. Det som gjeld Bergset og Mjølver er velkjent frå før – det er her ein har detaljerte opplysningar om framrykkinga til Tuftebreen og Nigardsbreen. […]
Publisert av Oddmund, 25. november 2010 i Kjelder.
Kommentarar: ingen
Kona til Matthias Foss på tukthus
Presten Matthias Foss vart separert frå kona Marie Dreyer i 1763, og ho og borna enda i djup fattigdom i Bergen. Fleire biografiske omtaler nemner at Marie vart innsett på tukthuset i Bergen for tigging, og no kan ein lese to dokument om denne hendinga i oktober 1775: Brevet frå den daglege leiinga til «overdireksjonen» […]
Publisert av Oddmund, 9. august 2010 i Kjelder, Kyrkjehistorie.
Kommentarar: ingen