Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Meldingsarkiv for 'Aktivitetar'

Årsmøte med utvandring og leiarskifte

Jostedal historielag hadde årsmøte 18. mars. Kari Grov gjekk av etter tre år som leiar og fleire år i styret. Takk for innsatsen! Olav Grov vart ny leiar. I styret elles er Gunnar Ruud, Anita Aasen, Kåre Reidar Aasen og Peder Kjærvik. Varafolk til styret er: Oddmund Hoel, Frode Svori og Borgar Rygg. Godt oppmøte […]

Føredrag om utvandring og årsmøte i historielaget 18. mars 2025

Kl 19 den 18.3 på Jostedal hotell er det årsmøte i Jostedal historielag.Vanlege årsmøtesaker.Kl 20 kjem Terje Mikael Hasle Joranger og held føredraget:«Dei drog vest. Utvandringa frå Jostedalen til Nord-Amerika på 18- og 1900-talet.»Hasle Joranger er fag- og forskningsdirektør ved Norsk Utvandrermuseum og professor i historie ved Universitetet i Innlandet. Han sit og i den […]

Årsmøte 20. mars

Jostedal historielag held årsmøte på Jostedal hotell onsdag 20.3.2024 kl 19. Vanlege årsmøtesaker.Det vert servering av pizza.På årsmøtet vil Per Birger Lomheim fortelje om «vegbygging og brubygging i Jostedalen».Vel møtt!

Markering av Sjur Hesjevoll

— Eit samarbeid mellom Jostedal historielag og Jostedal spel- og dansarlag. I samband med marknaden til Jostedal Ungdomslag no den 29.7.23, vart minneutstillinga etter Sjur Hesjevoll avduka for publikum i Jostedal samfunnshus. Det er Einar Blikra som har bygt sjølve skåpet etter ide frå Håkon Hesjevoll. Håkon Hesjevoll har laga utstillinga i skåpet med premiar […]

Endeleg vart det årsmøte!

9. mars var det endeleg klart for årsmøte i Jostedal historielag etter at koronapandemien gjorde at årsmøta både i 2020 og 2021 vart avlyste. Dei frammøtte fekk sjå Jostedal helselag sin 100-års jubileumsfilm om Breisete og fekk som vanleg god servering av Laila på Jostedal hotell. Olav Stølen gav seg etter 14 års teneste som […]

AVLYST! — Årsmøte onsdag 25. mars

Me kjem tilbake til ny dato når det blir letta på koronarestriksjonane! **** Etter årsmøtesakene vil Mary Aasen vise filmen om storflaumen i 1979. Det vert servert kaffi og kveldsmat på høveleg tidpunkt under møtet. Saker før filmen: Velkomst / møteinnkalling Val av møteleiar Val av skrivar Årsmelding for 2019 v/ leiar Årsrekneskap for 2019 v/ kasserar […]

Tur 30/6: reopning av stien Døsen-Viva

Offisiell reopning av stien Døsen-Viva med tur over Gardsåsen. Sundag 30. juni kl 11, frå Sperlåkerbakken/Sperla. Jostedal Historielag, Luster Turlag og Jostedal Helselag vil markere restaureringa av stien Døsen–Viva med denne turen frå Sperla over Gardsåsen til skulehuset i Prestegarden. Her får alle kaffi og noko til! Turen, på 3-4 km, følgjer den gamle stien/køyrevegen […]

Årsmøte 15. mars – tema: turstiar i Jostedalen

Det blir årsmøte i Jostedal historielag torsdag 15. mars kl 19.30 på Jostedal hotell. Tema: Turstiar i Jostedalen Olav Stølen frå Jostedal historielag og Aud Fossøy og Arne Tuften frå Jostedal bygdelag orienterer om arbeidet som er gjort dei siste åra med å leggje til rette turstiar og planane laga har. Vanlege årsmøtesaker. Enkel servering. Gratis. Både […]

Kulturhistorisk tur i Mjølvergrendi 5. september

Bli med på kulturhistorisk tur i Mjølvergrendi med Jostedal Historielag. Tid: Tysdag 5. september kl.17. Turen startar ved Kverni på Nigardsgrandane og går opp Mjølvergrendi til Li og vidare fram til Leteigen. Kjentfolk er Solveig og Sverre Tvedt, og dei vil fortelje mykje historie, mellom anna om jordbruket i gamle dagar. Ver kledd for ver […]

Årsmøte 5. mars

Det vert årsmøte i Jostedal historielag sundag 5. mars 2017 kl 19.00 på Jostedal hotell. 1. Vanlege årsmøtesaker. 2. Bluefjords A/S, Bluecloud A/S og lagring av  bilete og data. Ved Edvin Brun. (Om Bluefjords) 3. Gamle bilete frå Jostedalen. Ved Oddmund Løkensgard Hoel. (Bileta som vart skanna i 2001, ligg no på nett, sjå her.) […]