Arbeidsplan for 2022
Vedteken på årsmøtet 9.3.2022.
1. Stien Døsen -Viva. Årleg vedlikehald – rydding, sjekk av tavler og skilt. Det er bestilt bord som skal setjast opp ved Sankt Olavs Kjelda på Gardsåsen.
2. Berget, Skulehuset og Kverni. Det er nødvendig med godt vedlikehald, slått og opprydding, så det ser pent ut. På kvern i trengst det utbetring av sjølve kverndammen. Det er bestilt et bord som skal setjast opp utanfor skulehuset.
3. Sjur Hesjevoll’s premiesamling. Samarbeid med Jostedal Spel- og dansarlag. Det er laga avtale med styret for Jostedal Samfunnshus om plassering av premiesamlinga i monter der. Håkon Hesjevoll har allereie utarbeidt teikningar/plan.
4. Stadnamnprosjektet. Her manglar det nokre hundra namn som ikkje er kartfesta. Det vil komme på plass utover våren og så vil prosjektet kunne avsluttast.
5. Kulturhistorisk årbok for Luster. I år har Jostedal Historielag søkt om økonomisk støtte frå Luster Sparebank til ei ny årbok. Siste årbok, nr. 7 kom ut i 2016.
6. Sal av Kulturhistorisk årbok for Luster og andre bøker i Jostedal Historielag.
7. Kulturdag i Berget eller på Nigardsgrandane eller anna aktivitet? Etter tvo år med Covid -19 er det viktig å få til aktivitet som støttar opp om laget.
8. Anna aktivitet. Utover dei planlagde aktivitetar dukkar det alltid opp arbeid/aktivitetar/tilskipingar som Laget må ta del i.
Publisert av Oddmund, 13. mars 2022 under Arbeidsplanar.
Kommentarar: ingen
Skriv ein kommentar